Fridom til for dei få eller fridom frå for dei mange?

Fridom til for dei få eller fridom frå for dei mange?

Det er eit kjernespørsmål i politikken, eit ideologisk grunnleggjande spørsmål som ligg til grunn for mange av dei store politiske forskjellane vi ser mellom høgre- og venstresida. For det er ikkje til å legge skjul på at det er ein bakside av dei fleste medaljane, og at politikk handlar om prioriteringar der det gjeld å velje kva som er det viktigaste. Svara på det spørsmålet er det som gjer at vi politisk engasjerte havnar i forskjellige parti.

Eit av dei viktigaste vegvala her er altså spørsmålet om kven det er viktigast at har fridommen: er det viktigaste at dei få har fridommen til å gjera ein del ting, eller er det viktigaste at dei mange har fridommen frå å måtte gjera ein del ting? Eg trur dette spørsmålet oppsummerer korfor eg er aktiv i Sosialistisk Ungdom og ikkje i Unge Venstre.

For eg synes det er viktigare at dei mange blant oss slepp å gå på nedslitte skolar enn at dei få blant oss får fridommen til å gå på ein av dei få skolane med dei beste lærarane og dei flinkaste elevane. For meg er det viktigare at vi mange har fridommen til å få god hjelp på sjukehuset når vi brekk foten enn at nokre få blant oss skal få fridommen til å få mykje betre og raskare behandling enn oss andre.

For meg er det viktigare at jenter flest slepp å bli framstilt som ein ting med nokre hol vi mannfolk kan kjøpe oss tilgang til når vi vil enn at nokre få jenter skal få fridommen til å selje kroppen sin. For meg er det viktigare at heilt useriøse og umulege sex-ideal ikkje skal få øydelegge sexlivet til mange av oss enn at nokre få skal få lov til å bli valdtatt på film.

For meg er det viktigare at alle av oss har fridommen til å ha ein plass å bu enn at Olav Thon skal ha fridommen til å eige halve Oslo. For meg er det viktigare at vi alle skal ha råd til å betale for våre felles goder enn at nokre få skal få fridommen til å kjøpe seg betre tenester enn oss andre.

Det er viktigare for meg at dei mange har sjansen til å få ein fast jobb vi kan leve av og med enn at nokre få skal kunne tene ekstra mykje på å låne oss inn som vikarar heller enn å ansette oss fast. Det veg tyngre at det store fleirtalet blant oss skal få den politikken vi vil ha enn at nokre blåruss i dress skal få gjennom politikken nokon har bestemt at er objektivt best. Dei mange av oss som vil ha fridommen frå å bli bomba sønder og saman eller uskyldig drepne er viktigare enn at nokre få mannfolk skal få fridommen til å tene pengar på krig og at andre folk dør.

Eg har tatt eit val. Eit val nokre taper på, men dei fleste vinn.

Posted in Politikk | Leave a comment

Gut og feminist

Ein del av løysinga eller ein minst muleg del av problemet?

Det er eit spørsmål eg har stilt meg sjølv ein del gongar, og som sikkert mange andre feministar (av begge kjønn) nok òg har lurt på og tenkt rundt.

Spørsmålet blir meiningslaust om ein ikkje først har den feministiske analysen på plass. Begge kjønn taper på dagens mannsdominerte, mannsstyrte samfunn – patriarkatet. Vi gutar/mannfolk taper på det ved at vi slepp unna dei trange kjønnsrollene, vi kan få god lønn og skikkelege arbeidsforhald om vi vel å byrja å jobbe i eit kvinnedominert yrke, gutar blir ikkje lenger utsatt for seksuell trakassering, ein treng ikkje lenger uroa seg for å komme ut av skapet som homofil. Lista over koss vi som menn vil tene på eit likestilt samfunn er lang, og ikkje uttømmande. Og vi vil sleppe å vera problemet. Kring 10 000 jenter blir valdtekne i Noreg kvart år, nesten berre av menn. Da er det menn og menns haldningar som er problemet. Enkelt, sant og viktig – men innmari kjipt for det store fleirtalet av oss som ikkje valdtar. Med eit likestilt samfunn vil vi sleppe denne mistenkeleggjeringa og skuldkjensla.

Men på trass av det her, så er det jenter som taper mest på dagens samfunnsordning. Patriarkatet er eit system som baserer seg på mannsmakt, på at menn styrer meir og har meir makt enn kvinner.

Og som ein konsekvens av det, undertrykkar vanlege menn – også feministar – bevisst eller ikkje kvinner. Ved at dei tener mindre enn oss. Ved at det framleis er damene som er mest ute frå arbeidslivet i samband med ungar. Ved at damer framleis gjer meir husarbeid enn menn. Ved kven det er som har siste ord og skjær gjennom.

Så er det sjølvsagt gradsforskjellar her òg, og vi søker – og må søke! – å undertrykke minst muleg. Men eg trur ikkje vi kan komme bort frå det heilt før vi øydelegg heile patriarkatet. For det handlar ikkje om at kvar enkelt mann er kjip, for eg trur ikkje det er sånn at kvar einaste mann i verda er ein kjiping. Iallfall ikkje berre det. Det handlar ikkje om ondskap eller personlege ting.

Det handlar om strukturar. Om system, om sosialisering. Kvart menneske er ein del av samfunnet det lever i, og vi må innsjå at vi blir forma av det og påverka av det, anten vi liker det eller ikkje. Derfor må vi òg sjå koss samfunnshaldningane og -systemet heng saman med dei faktiske handlingane og konsekvensane det får hos kvar enkelt av oss. Er seksuell trakassering sosialt akseptert, senkar det terskelen dramatisk for at ein kan drive med det. Med sexkjøpslova heva vi terskelen dramatisk for å kjøpe sex. Og så vidare.

Så: strukturane må endres. Heile det mannsstyrte, mannsdominerte samfunnet må revolusjoneres, og det gjerast på fleire plan. Først og fremst handlar det om at kvinner må få like mykje makt og fridom som menn. For at nokon skal få meir makt, må andre få mindre. Konklusjonen blir enkel: menn som gruppe må få mindre makt og kvinner som gruppe må få meir. Eller, om du vil: makt må overføres frå menn til kvinner.
Og som ein konsekvens av det her vil eg som gut isolert sett både tape og tene på feminisme.

For meg som sosialist er det eit viktig prinsipp at arbeidarklassens frigjering må vera arbeidarklassens eiget verk. Det samme prinsippet gjeld for meg som feminist: vi gutar kan ikkje frigjera jentene, det må dei gjera sjølve.

Men vi må (iallfall bør vi) vera villige til å gi frå oss makt og ta mindre plass – utan å leie veg. Jentene kjenner situasjonen best på kroppen, dei veit betre enn oss koss patriarkatet slår ut, dei må sjølve skape si eiga frigjering. For gutane handlar den feministiske kampen først og fremst om rettferd og solidaritet, for jenter handlar det i tillegg om fridom og frigjering.

Tydar det så at gutars rolle i den feministiske kampen er å vera haleheng?

Kanskje. Kanskje ikkje. Eg trur det er ein motivasjonsboost for jentene som kjemper for kvinnefrigjering at vi snakkar fint om feminisme, at vi handlar feministisk bra og at vi tydeleg viser at vi er på deira side. For viss berre jenter synes at feminisme er viktig, blir det mykje vanskelegare å vinne den feministiske kampen enn om vi gutar stiller oss bak dei.

For det er ein felles kamp, ein felles kamp som føres med ulike premiss og på ulike måtar. Halve menneskeheten kan aldri selv bli fri når resten av den tvinges til et liv i slaveri.

Posted in Politikk | Leave a comment

Meg og målet

Hei, eg heitar Mads og er nynorskbrukar.

Det hadde vel kanskje den ikkje altfor uoppmerksomme lesar fått med seg frå før. Akkurat som den som har følgd meg eller bloggen min lengje vil hugse at eg lengje skreiv på bokmål. Det er dermed på høg tid med litt forklaring og utdjuping rundt mitt forhald til språket, målet og alt som høyrar med.

Eg har vaksi opp som bokmålsbrukar, i eit bokmålsdominert område. Eg kan ikkje hugse frå oppveksten at eg kjente særleg mange nynorskbrukarar, og det å skrive bokmål var for meg den naturlegaste tingen i verda. Tala støttar denne oppfatninga, eg fann nett tal på Wikipedia som seier at berre 0,3% i grunnskolen i Trøndelag har nynorsk som hovudmål. Dette talet blir nok høgare om ein går høgre opp i alderstrinna, men tendensen er jo temmeleg tydeleg…

Nynorsk dukka også for meg opp som sidemål på ungdomsskolen, og det var ikkje noko lukkeleg møte. Tvert om var eg òg blant dei som mislikte det sterkt, sleit meg gjennom kjipe og kjedelege grammatikktimar og fullføyrde ungdomsskolen med sidemål som ein av dei dårlegaste karakterane. I norsk hovudmål, bokmål, derimot, var eg vel blant dei beste, og eg har så lengje eg kan hugse hatt ei duganes sterk interesse for iallfall rettskriving, i noko mindre grad språk elles, men språkmedvit over normalen vil eg nok seie eg alltid har hatt.

Men ein eller annan gong mellom ungdomsskolen og vidergåande skjedde det noko. Rettare sagt, det byrja å løyse seg, og plutseleg byrja eg å få litt teken på det. Reglane var da eigentleg ikkje så vanskelege, dette var da ikkje så ille, dette får eg til. Omtrent det samme skjedde med engelsk på samme tid, forresten.

Dette føyrde iallfall til ei drastisk motivasjonsauking, og etter kvart byrja eg å få mestringskjensla, at dette var noko eg fekk til. Da det var tid for særemne, vurderte eg lengje og seriøst å skriva det på nynorsk, mitt daverande sidemål. Forandringa var altså total, og eg skreiv litt på nynorsk no og da, mest for moro skyld – ei utvikling som berre fortsatte og stadig vart sterkare. Eg meldte meg inn i Norsk målungdom, og fekk bra med sympati for nynorskbrukarane.

Skjønt, det var så langt eg kom fram til hausten for eit drygt år sidan. Etter kvart som det tusla og gjekk mot jul, merka eg at eg oftare og oftare skreiv nynorsk, og eg byrja å identifisera meg som målmann. Da fann eg ut at det kanskje snart var på tide å byte. Da eit nytt skolehalvår var i gang, i fjor vår, meldte eg meg opp i faga eg skulle ta med nynorsk som hovudmål. Frå da av har eg bortimot konsekvent skrivi nynorsk.

Såleis har eg hamna her eg er i dag. Og både som årsak og verknad er dette viktig for mitt forhald til språk, målformane og dialekt. For det var jo eit gjennomtenkt byte eg gjorde – vi er ikkje så mange som byter den vegen. Eg hadde mine grunnar, rettare sagt ganske mange av dei, og nokre av dei har kommi til etter kvart.

Som eg nemnde over, skjedde mål»bytet» mitt gradvis over lang tid. Eg trur det byrja som eit eksperiment, litt i fascinasjon og litt av reint skolemessige årsaker – pluss at det var ein fin måte å skilje seg ut på og bryte litt med det vanlege. Eg har jo hatt mine motkulturelle periodar, må veta.

Mitt hovudargument for nynorsk er imidlertid at det liknar på dialekta mi – på ein heilt annan måte og i ein heilt annan grad enn bokmål gjer. Logisk nok, når nynorsk baserar seg på dei norske dialektane, mens bokmål djupast sett er dansk med norsk uttale.

For eg er stolt av dialekta mi. Eg finn meg i den heldige situasjonen at eg har ei dialekt eg etter kvart har lært meg å synest er ganske fin, og trives godt med å bruka. Da vil eg òg ha eit visst samsvar mellom det eg skriv og det eg seier, skjønt eg har alltid vori motstandar av å skrive dialekt. Det blir fort ørten skrivemåtar av det samme ordet som ein uttalar likt, og eit totalt anarki – noko som fungerar flott muntleg, men ikkje like bra skriftleg. Så slagordet snakk dialekt, skriv nynorsk er like gjeldande i dag som nokon gong…

Men for å kunne ha (iallfall litt) skikkeleg ryggdekning når eg seier dette, treng eg eit godt alternativ. Å overtala ei frå Trøndelag (iallfall utanfor Trondheim) om at ho ikkje bør skriva dialekt, men heller bokmål vil fort møte motargumentet «eg skriv som eg snakkar». No skal eg absolutt ikkje seie at nynorsk heller er i nærleiken av å vera trøndelagsdialekt, men du verda, han er mykje nærmare. Nei, nynorsk er heller eit slags minste felles multiplum for dei norske dialektane.

Dermed kan eg skriva nynorsk og senkje det mykje nærmare talemålet enn eg kan gjera med bokmål, som eg synest bør vera eit viktig og stort poeng i seg sjølv. For eit visst samsvar mellom tale- og skriftspråk er viktig, og dialekta bør kunne påverke koss ein skriv. Det har ein store mulegheitar til som nynorskbrukar.

For nynorsken sin karakter, at han baserar seg på så mange forskjellige dialektar, gjer at han mange plassar har fleire forskjellige bøyingar eller skrivemåtar av eit ord – tilpassa koss orda brukast i dialektane. Så der eg seier og skriv muleg, vil ein frå Sogn kanskje skrive og seia mogleg. Eg vil seie boka, mens ein like godt kan skrive boki, om det er sånn det er i dialekta. Og så vidare. Men var det ikkje nettopp dette eg argumenterte mot i stad? Vel, jo, og eg skal innrømme at eg er litt på vikarierande grunn når eg skal forsvara korfor ein ikkje bør eller «kan» skriva på dialekt. Skjønt, eg ser eit par viktige forskjellar: i nynorsken er forskjellane systematisert, og det er klart bestemt kva som er godkjent og kva som ikkje er det. Ergo kan ein faktisk laga ordbøker, lærebøker og så vidare. Eit anna, som heng saman med dette, er at nynorsk er likt for alle.

Men ein konsekvens av denne nærleiken mellom dialektane og nynorsken, er at nynorsken blir klart meir munnleg av seg enn bokmålet er. Alle har vel opplevd å sitje i ein norsktime og stivt og halv-stotrande lesi ein bokmålstekst høgt. Ein skal leggje litt innsats i det for å «omsetje» det til dialekta si. Det gjeld for så vidt i like stor grad på fritida. Eg synest framleis, etter 19 år som bokmålsbrukar, at det kjenst rart og kunstig å lesa bokmål høgt. Og det blir gjerne litt stotrande.

Når eg les nynorsk på samme måte, derimot, merkar eg at mens eg byrjar å lesa som det står, legg eg stadig meir over til dialektuttale og seier det som står på ein måte som er stadig nærmare dialekta mi. Rett og slett fordi eg ikkje på samme måte treng å omsetje det eg les.

Og heile denne dialektnærleiken gjer i mine auge nynorsk til eit mykje meir jordnært språk enn det bokmål er. Det er rett og slett ikkje særleg eksotisk eller noko spennande med det. Det er rett og slett bortimot ein transkripsjon av sånn eg ville ha sagt det munnleg. Bokmål, derimot, er meir fjernt og «eksotisk», og er meir skilt frå talemålet. Mange seier at nynorsk er fint til dikt, men ikkje elles. Eg vil derimot seie at bokmål er fint i dikt.

Det var hovudargumentet mitt for å vera nynorskbrukar. Men det er fleire andre gode grunnar òg.

Eg har skrivi mykje og skryti mykje av nærleiken til dialektene, og mangfaldet i nynorsk. Mulegheitane til å tilpasse målet etter eige ønskje har fleire andre positive bieffektar enn berre mulegheiten til dialektnærleik. Det opnar dessutan for enkelt stilbyte, og for å variera mykje.

Dessutan har vi to jamnstilte målformar i Noreg i dag. Dei aller fleste, uavhengig av kva for målform dei sjølv nyttar, møtar kvar dag bokmål på massevis av område, og blir i mange samanhengar møtt med bokmål. Dette gjer at dei fleste nynorskbrukarar taklar bokmål greitt, sia dei møtar det dagleg uansett. Motsatt veg er det derimot ganske annleis – bokmålsbrukarar må som oftast sjølv gjera ein innsats for å møta nynorsk. Det krev altså både medvit og innsats.

Da er det ikkje så rart at ein ikkje nødvendigvis har så lett for nynorsk. Språk lærar ein ved å bruke det, ved å lesa og skriva det. Så det er rett og slett lurt å byte for å læra seg å bruke begge målformar. Bokmål får ein jo uansett inn frå omverda konstant heilt utan vidare. Dette kan vera taktisk lurt for skoleelevar, men eg vil i tillegg hevde at det har ein klar verdi i seg sjølv.

Som leiar inn til ein annan særs interessant debatt, nemleg om kva for rolle og stilling språket skal ha. For meg er språket først og framst eit middel, ikkje eit mål i seg sjølv. Ergo synest eg det viktigaste for eit språk er koss det (kan) brukast, og om det er praktisk brukandes. Kva som eigentleg ligg i dette er jo situasjonsavhengig, sjølvsagt.

Eit anna litt tilkopla, og spennande område, er det som gjeld «feil» i dialektar. Eit typisk eksempel er østlendingar som seier «hvem bil er det», eller andre ting som openbart bryt med gjeldande norsk rettskriving.
Det er den klassiske kartet-terrenget-debatten som går. For den som er interessert i emnet, kan eg tilrå Normativ eller deskriptiv borte hos Jardar.

Deskriptiv, ja. Kva type nynorsk eg skriv er interessant sett frå eit deskriptivt (og sikkert òg frå eit normativt) synspunkt. Da eg byrja å skriv, skreiv eg veldig konservativt. Etter kvart som tida har gått og eg har skrivi meir og meir nynorsk, har eg i stadig større grad gått frå tradisjonelle formar som me og honom til vi og han i staden. Eg har ei kjensle av at dette gjeld for omtrent alle oss som byter til nynorsk: vi byrjar med det trygge og kjente, den nynorskstilen vi har lært, og så tilpassar vi oss og finn oss stadig meir til rette etter kvart. Om det så er den dialektnære linja eg legg meg på, meir tradisjonell vestlandsnynorsk eller høgnorsk.

Posted in Kvardagstankar, Nerding, Politikk | 2 Comments

Noreg, NATO, Libya og imperialisme

Sentralstyret i Sosialistisk Ungdom vedtok førre måndag ei fråsegn om Libya som er meir treffsikker og sann enn det meste anna eg har sett om bombinga og kva i all verda som er det lure å gjera mot gærne diktatorar som Muammar al-Qadhafi.

Dessverre fekk dei heilt rett når dei åtvara mot «en militær operasjon som har som målsetning å fjerne Gaddafi-diktaturet gjennom utenlandsk våpenkraft.», og ei bombing utan ein klar plan, eit klart mål og klart kven som står bak. «[N]år verdenssamfunnet griper til våpen mot en suveren stat må det foreligge en utvetydig plan, ledelse og mål», heiter det i fråsegna, og sånn vart det ikkje.

Denne vekas utgåve av Ny tid rettar søkelyset mot alle dei ikkje-millitære tiltaka ein kunne ha brukt mot al-Qadhafi og våpenbrødrane hans, og lister opp alt ein kunne ha gjort, men som aldri vart gjort, fordi ein frå første stund var innstilt på at løysinga var militær.

Første stund og første stund, om ikkje vestlege land hadde fora al-Qadhafi med våpen, om vi ikkje hadde etablert selskapa våre på libyisk jord, om ikkje (den libyiske) olja hadde vori viktigare enn alt anna, om «verdssamfunnet» hadde reagert mot diktatoren i løpet av dei 42 – førtito – åra som gjekk før han gjekk til frontalangrep på sitt eiget folk.

Og bombene fell.

Posted in Politikk | Leave a comment

Egypt, Tunisia, no?

Eg vil til Egypt. No. Fortare enn svint.

Eller til Tunisia, det ville vori omtrent like kult. Å vera med på eit opprør, ein revolusjon av typen som sprer seg i Nord-Afrika no må rett og slett vera stort.

Tipsa for å henge med er Al Jazeera (den kanalen der er alvorleg god) og Twitter.

Posted in Politikk | 1 Comment

Spar oss for skitkastinga

Eg tenkte eg skulle forbigå Civita sitt nye skitkastingsprosjekt i stille. No klarer eg det ikkje meir.

Så klart vil Civita kople alle som trur på sosialistisk folkestyre med Stalin, Pol Pot og folkemord. Så klart vil dei nytte eitkvart høve til å hevde at sosialisme naudsynleg er despotisk, så klart vil dei ha det til at alle som har vori på vitjing i Romania før 89 heilhjarta støtte Ceausescisk diktatur og så bortetter.

Fordi det er ein enkel mulegheit for dei til å diskreditere sosialisme, marxisme og venstresida i sin heilskap. Kan dei sette oss i bås med Stalin, Bresjnev og Honecker, har dei gjort kampen for eit sosialistisk Noreg mykje hardare. Og så klart vil høgresida det! For å sjå utspel som «Idealismen» og den tilhøyrande debatten utan dette perspektivet, vil vera fordummande og tilslørande. Dette er ideologisk propaganda, eit debattinnspel for å påføre skuld og skam (hmm…) særleg til alle som kallar seg revolusjonære og/eller sosialistar. Eg skjønner godt at dei gjer det, men dei kunne godt vori litt meir reielege.

Fordi det er ei gåvepakke til dei med diktatorar som kallar seg sosialistiske eller kommunistiske og lirer av seg tomme, totalt upassande fraser.

For Sovjetunionen var aldri ein union av sovjet, det var aldri arbeidarråda som styrde, iallfall ikkje etter danninga av unionen. (Sovjet er eigentleg russisk for arbeidarråd)

Nord-Korea har aldri vori verken demokratisk eller ein folkerepublikk, sjølv om det offisielle namnet er Den demokratiske folkerepublikken Korea. Demokratisk Kampuchea var aldri demokratisk. Og så vidare.

Sjølv om makthavarane kallar seg noko fint, tydar ikkje det naudsynleg at det er sant. Capisce?

For å ta nokre ord direkte om SF/SV og Aust-Europa: Det har sikkert vori SF-/SV-arar som har vori litt for glade i austlanda. Partiet er tufta på det tredje standpunkt, eit sosialistisk folkestyre ikkje basert korkje på systema i aust eller vest, og det har nok vori folk som har hella litt for mykje den eine eller andre vegen. Å halde vegen rein og rank er alltid vanskeleg, det er alltid lettare å halde seg religiøs – det vera seg til kapitalismen eller mlm.

Men religion har sjeldan vori den beste vegen å gå. Ei heller i politikken. Ei kritisk, undersøkande halding må ligge under eitkvart godt politisk parti og organisasjon. Så vidt eg veit har verken SF eller SV hatt eit offisielt positivt standpunkt til [sett inn såkalla venstrevridd diktatur her]. Viss eg tar feil her, vil eg på vegne av partiet (ja, så frekk er eg faktisk) seie at det er flaut, der tok vi feil, la oss lære av det og ikkje gjenta feilen.

Derimot har ein sikkert sagt noko om at helsesystemet på Cuba er bra eller at dei austtyske ordningane med gratis barnehage og boliggaranti var noko vi òg burde ha. Og så? Det lille, viktige poenget Civita ikkje ser/vil sjå her er at dette ikkje tydar korkje stønad til regimet, systemet deira eller noko som liknar.

Ein god tredje veg bør ta med seg det positive frå både den første og den andre vegen – og alle andre vegar ein måtte komme over. Verre enn som så er det ikkje.

Posted in Politikk | Leave a comment

Berre sine lenker å miste

Marx sa i si tid om arbeidarklassen at han «har berre sine lenker å miste», og på 1800-talet var det sant stort sett verda rundt, frå fabrikkane i Tyskland og England til kinesiske rismarker. Så har da òg arbeidarane knust mange av desse lenkene i tida som har gått sia da, og godt er det. Dagens norske arbeidsfolk har mykje meir å miste enn som så…

Det samme slagordet kan ein godt bruke som feminist òg. Kvinnesakskjemparar (særleg) frå 70-talet og til i dag har gjort ein stor innsats for å fjerne lenkene kvinnene har hatt knytt til seg – både kjøkken-lenkene, barnepass-lenkene og manglande kontroll over eigen kropp-lenkene. Kvinnerørsla har vunni mange viktige sigrar, og dei skal vi hugse, feire og passe godt på at ikkje reaksjonære, gamle menn stikk av med.

I år kan fort rett til heiltid bli ein av dei store sakene. Regjeringa har gått (ganske…) høgt ut for å gjera det til ein av årets kampsaker, og sjølv om det har drukna litt i media, er kravet frå regjeringa om 20% mindre ufrivillig deltid i år ein av dei store gladsakene for tida.

Og ein kan seie mykje om den raudgrøne regjeringa på mange område, noko eg har gjort om att og om att her inne, og blant anna hamre laus på ein umenneskeleg utkastings.. innvandringspolitikk, styring av sjukehus som om det var ein vanleg butikk og datalagringsdirektivet, tenestedirektivet, monstermaster eller LoVeSe-press, men som feminist er eg faktisk ganske godt fornøgd med dei mange sigrane vi har oppnådd sia 2005. Likestillinga av skift-turnus, kriminalisering av horekundar, felles ekteskapslov, barnehagereformen, kvotering i ASA-verksemdsstyre og forbetra fødselspermisjonsordningane klart.

Kritikk der det trengs, men òg skryt der det er fortent.

Posted in Politikk | Leave a comment

Nu har jag fått nog av detta satans kvinnoförakt

Eg tenkte eigentleg å skrive eit innlegg om feminisme no. Men så kom eg på den gamle Hoola Bandoola Band-klassikaren Kvinnoförakt, og vi får heller byrja der:

Min tjej kom hem från jobbet och var deppig en dag
Hon svor och fräste, hon var inte glad
Så jag sa: «Älskling, och älskling hur är det fatt?»
Hon sa: «Nu har jag fått nog av detta satans kvinnoförakt!»
För i morse kom en typ och gav mej en check
Och han ville göra en film om mina bröst och min häck
Men jag sa: «Polarn, du borde nog ta dej i akt
För du ska jävlar inte leva på att sprida nåt kvinnoförakt!»

Och på jobbet kom chefen och gav mej förslag
Och sa att frugan hans och ungarna var bortresta ett tag
Och när jag bad honom dra så blev jag löst från mitt kontrakt
Men jag går hellre ner och stämplar än jag odlar hans kvinnoförakt!

För dom som tjänar på att folk bedövas av drömmar
är ju kärleken ointressant
Sen får dom kalla det för frihet eller precis vad dom vill
Men att brudarna förnedras är fan ingen frihet
eller nåt dom själva har valt
Om deras chanser får bero på hur stora lökar dom har!

Och du själv blir lika lurad fast du inte vill tro’t
För dina porrblaskor i din gitarr
är alla fyllda av atleter som tar ett nummer i timmen
Men om du drömmar om ett harem, så ger jag dej pengar
till att flyga ner till Qatar
Om du nu tror att du är kapabel att ligga i hela dan!

Men liberalerna är värst för dom tror det jämnas ut
om man för varje brud man visar också viker ut en kuk!
Men älskling kom då ihåg vad jag sagt:
Det enda man då uppnår är ett fullständigt mänskoförakt!

På Spotify

Det er meir der det kjem frå (Hoola Bandoola/Afzelius).

Posted in Politikk | Leave a comment

Kor langt kan ein eigentleg komme med idioti?

Politikk er eit vanskeleg spel. Ofte kjem det utspel som er særs kjipe, dårlege, direkte idiotiske, paranoide eller politisk dårlege forslag av andre grunnar, la oss i denne samanhengen nøye oss med å nemne datalagringsdirektivet og «la oss organisere sjukehusa som verksemder» som eksempel.

Det er så. Usemje er jo grunnlaget for moderne politikk, og ein kan jo tru på forskjellige måtar å komme fram til eit betre samfunn på. Eg trur for eksempel at Unge Høgre sine stadige forslag om skattesenkingar og privatisering vil vera katastrofale for landet, men eg skjønner (iallfall til dels) koss dei tenkjer og at det ikkje er faenskap som ligg bak det, berre feilaktige antakingar og konklusjonar. Meir sentralt er dog kven dei tener – medan vi på venstresida ser på kva konsekvensar forslaga våre får for vanlege folk som det viktige, har høgresida sine interesser og interessentar i overklassen. Og dét er jo greitt, det er vi på venstresida si oppgåve å avsløre dei og vise fram kven dei eigentleg kjempar for.

Men politikk er ikkje berre eit spel – eller ein kamp, om du vil – om idear og verkemiddel, ikkje berre ein kunst, det er òg eit handverk.

Og dårleg handverk kan vera særs frustrerande. Torbjørn Jagland sitt 36,9 frå 1997 er eit kroneksempel på dårleg handverk, eller ekstremvenstre si evige hakking på oss som ikkje er radikale nok kan vel òg gå som det. Dei siste åra har stadig meir av dette dårlege handverket kommi frå ein krins kor ein opp gjennom åra har sett veldig mykje godt politisk handverk, nemleg frå Youngstorget og Arbeidarpartiet si toppleiing.

Ein kan seie veldig mykje om koss Ap funka frå andre verdskrigen slutta og fram til åtti-talet, men dei var innmari gode på å gjennomføre, fronte og drive politikk. Haakon Lie og Einar Gerhardsen hadde på kvar sitt vis god oversikt og god kjensle for kva saker folk ville reagere på, kva politikk dei ønska seg og koss ein burde gå fram både internt og offentleg for å få det som dei ville. (Koss alt fungerte internt i Ap-leiinga er elles eit særs interessant tema i seg sjølv, og noko Hans Olav Lahlum og fleire andre har skrivi godt og mykje om.)

Denne arven med å vera politisk skarp og dyktig, forsvann frå Det norske arbeidarparti saman med Gro Harlem Brundtland, etter ho gjekk av har det norske sosialdemokratiets høgborg berre vorti eit vanleg parti utan noko særleg taktisk brodd utover det vanlege. Denne arva var det diverre ikkje verken Theo Koritzinsky eller Erik Solheim som tok over, men «det nye arbeiderpartiet», Fremskrittspartiet med Carl I. Hagen, Geir Mo og Siv Jensen som har plukka opp. Synd, skam og potensielt katastrofalt for norsk arbeidarrørsle og norske arbeidarar, men i og for seg i tråd med ein generell trend i Europa.

Det er iallfall tydeleg at verken Jens Stoltenberg eller Raymond Johansen har lesi sin Tillitsmann

For det har ikkje mangla på dårleg partiarbeid frå dei inste Ap-krinsane dei siste åra. Hardanger er eit altfor godt eksempel, Mongstad eit anna.

Og no, Maria Amelie.

Ei sak som er så dårleg handsama at ein skulle tru det var ein sau som sto bak. Ei oppvising i idioti og koss ting ikkje skal gjerast. Indregard ei blant dei som på godt vis har skildra saka, og eg trur eg nøyer meg med å sitera, og oppfordre alle til å lesa meir der det kjem frå:

For en historieløs absurditet det er å høre Arbeiderpartiets statssekretær si på radio at Maria må sendes ut av respekt for asylinstituttet. Maria må arresteres i Nansenåret, på Nansenskolen, selv om hun ikke har gjort annet galt enn å følge sine foreldre til Norge, av respekt for det instituttet Nansen bygde opp? Du tar feil. Det er ikke asylinstituttet du har respekt for. Det er meningsmålingene. Skaff deg en ryggrad og et moralsk kompass, mann.

Posted in Politikk | Leave a comment

SF står for demokratisk sosialisme. Samtidig er det et revolusjonært parti

SF står for demokratisk sosialisme. Samtidig er det et revolusjonært parti. Det ligger ingen motsetning i dette. SF er et revolusjonært parti fordi det, i motsetning til Arbeiderpartiet, vil skape et a n n e t samfunn og en a n n e n samfunnsform, hvor menneskene er produksjonens herrer og ikke dens tjenere

Vi vil både revolusjonere og demokratisere. Vår revolusjon er overbevisningens revolusjon, ikke bajonettenes, til voldelige overgrep fra våre motstandere eventuelt rettferdiggjør de samme midler fra vår side. Ved tyngden av våre idéer og våre alternativer til det bestående, skal vi skape en revolusjonær bevissthet, få folkets flertall til å godta at et sosialistisk fellesskap gir et bedre samfunn enn kreftenes frie spill og den sterkestes rett, at fulle brødbokser og «blank i lakken» ikke er nok til å gjøre menneskene friere og lykkeligere.

Vi vil en revolusjonær sosialisme på norsk virkelighets grunn og med demokratiske midler. Vi skal både utnytte de muligheter det parlamentariske demokrati gir, og søke å vinne det norske folk for sosialismen gjennom utenomparlamentarisk arbeid under de forhold vi lever under i Norge.

Sosialistisk Folkeparti med Finn Gustavsen i spissen. Gi meg dét partiet tilbake…

Posted in Politikk | Leave a comment

Buss og sanntidssystem

Sanntidssystem for bussane i Trondheim er på veg til å innføres, og vi trikketakarar er godt vant med dette allereie – at det på haldeplassane oppdateres kor lengje det er til neste trikk kjem. Nokre busshaldeplassar har no fått sanntidsskjermar som viser når dei n (ca fire, trur eg) neste bussane kjem, og i løpet av januar blir denne informasjonen vist på skjermen og i BussTUC (systemet som lar deg sjekke via sms eller nett koss du kjem deg frå A til B i Trondheim).

I Oslo har Trafikanten hatt eit tilsvarande system ei god stund, og dei har vald å legge ut all informasjonen fritt til folket. Dermed har ivrige programmerarar fått gode mulegheitar til å lage program basert på desse dataa. Til motsetjing har Gråkallbanen – trikken her i byen – ikkje gjort det muleg for oss å bruke Internett på noko som helst vis for å finne ut om trikken er i rute eller ikkje, det einaste ein har der er rutetabellar i PDF-format. Når informasjonen alt fins og sendes til haldeplassane, hadde det vori kult å bruke dataa vidare – eg har sjølv eit par idear…

På den andre sida har du òg AtB, som er ansvarleg for busstilbudet her i området. Ovanfornemnte BussTUC er eit flott system som er tilgjengeleg via nettsidene deira, og dette kan ein som programmerar lage nye program basert på – det fins for eksempel mange Android-program som forteljar deg koss du raskast kjem deg dit du skal i Trondheim by. Alle desse bruker BussTUC, og dei brukes av iallfall ein god del hundre. (Eg har sjølv nettopp inkludert BussTUC i eit programmeringsprosjekt eg held på med, det er ikkje trivielt eller enkelt, men med ein liten tjuvtitt på koss andre folk gjer det, er det ganske greitt).

Og nettopp BussTUC gir meg trua på at AtB kjem til å vera smarte, snille og kule, og sleppe iallfall såpass mykje frå sanntidssystema sine at det blir muleg – kanskje med litt kreativ programmering… – å bruke det.

Posted in Nerding | Leave a comment

Dette bør du kunne som datanerd

Åtvaring: dette innlegget har høg nerdefaktor.

Denne bloggen målbærer kanskje ein del nerdepreg allereie, og med dette innlegget trur eg det går mot nye høgder. Det er nemleg ein del ting ein bør ha kunnskap om som skikkeleg datanerd – andre typar nerdar kan sleppe unna utan kunnskapar på dette nivået. Litt i seg sjølv fordi det er nerdete, men mest fordi det, etter ein ofte lang læringsperiode, får stort utbytte av det.

Lista, som eg ser ho i dag, ser sånn ut:

  • vim
  • git, Mercurial eller eit anna distribuert versjonskontrollsystem
  • LaTeX
  • C++
  • Test-drivi utvikling

Mykje gresk her? Ingen fare, eg skal gå gjennom dei ein for ein og forklare kva det er og korfor det er verdt å bruke tid på.

vim
vim er eit tekstredigeringsprogram, med samme bruksområde som gedit, kate eller ein avansert versjon av Windows-programmet Notisblokk. Veldig godt eigna til enkel tekstredigering og programmering som ikkje krev eit spesialtilpassa program. vim har ei veldig bratt læringskurve, og eg brukte lang tid på å byrja å bruke det frivillig. vim er kommandobasert, det vil seie at du skriv inn kva programmet skal gjera (for eksempel avslutt, flytt linje, slett ord osv). vim har to tilstandar: skrivemodus og metamodus. I skrivemodus skriv ein vanleg (som i einkvar annan teksthandsamar), i metamodus viser vim seg frå si beste – og samtidig verste – side. Trykker du her dd, slettar du linja du er på, mens :q avsluttar programmet. :m+2 flyttar linja to linjer ned, mens diw fjernar ordet der peikaren er no. Slike kommandoar er det massevis av, og jo fleire av dei ein kan, jo meir effektivt verktøy er det.

Versjonskontrollsystem
Eit versjonskontrollsystem er eigentleg ein avansert måte å ta tryggleikskopiar på. Det gjer at ein kan sikre seg at den fungerande koden ein har før ein skal prøve seg på ei total omskriving ikkje vil forsvinne sjølv om ein øydelegg alt i ein ny kodeversjon. På ein mykje enklare, finare, meir oversiktleg og generelt betre måte enn å manuelt ta kopi av alle filer for kvar vesentlege endring. I staden lagres all kode og metainformasjon fint og flott i eit «kodedepot».

Versjonskontrollsystem kjem verkeleg til sin rett når ein jobbar fleire saman på eit prosjekt. Det gjer det enkelt å dele kode, jobbe på samme filer samtidig og slå dei saman etterpå.

Distribuert versjonskontroll
Det fins fleire typar versjonskontrollsystem, det viktigaste skiljet går mellom sentraliserte og distribuerte system. I eit distribuert system ligg alt på ein sentral tenar, og viss han går ned, eller kodedepotet på han feilar, er det krise – da har ein tabba seg ut. Skikkeleg backup er derfor viktig om ein bruker eit slikt system. Sentraliserte system har lengje vori det dominerande på marknaden, men dei siste åra har distribuerte system voksi fram stadig meir. Med eit distribuert system har kvar utviklar ein fullstendig versjon av kodedepotet på maskina si, og ein treng ikkje nødvendigvis å ha ein sentral tenar – sjølv om dette fort er ønskeleg for større prosjekt (eller høg nok nerdefaktor…)

Dermed er det slik at risikoen for at alle kodedepota feilar samtidig er minimal. I tillegg har dei fleste distribuerte systema – i motsetning til sentraliserte – støtte for forgreining, altså at ein har fleire forskjellige versjonar som alle er «gjeldande». Dette kan for eksempel vera ei grein for den «vanlege» versjonen av koden og ei for eksperimentering.

LaTeX
LaTeX er eit typesettingssystem. Det er veldig populært i matte-, fysikk- og liknande kretsar, og i tekniske rapportar generelt. For eksempel er alle matte- og fysikkøvingar ved NTNU skrivi i LaTeX, og alle rapportar for kundestyrt prosjekt dei siste n åra er – utan unntak – skrivi i LaTeX. Ein kan generelt sjå på LaTeX som ei erstatting for vanlege dokumenthandsamingsprogram som OpenOffice.org Writer eller Microsoft Word. Forskjellen er at alt med dokumentutsjånaden i LaTeX gjerast ved hjelp av kommandoar – litt som i tidlegare omtalte vim, berre at LaTeX er mykje mindre kryptisk ;-) Derimot har du gjerne knappar til å opne og lagre filer og så vidare. For å lage utheva skrift i LaTeX, har du ingen knapp som i Writer eller tastatursnarveg som Ctrl-b, men derimot skriv du \textbf{det som skal utheves}. Sånn er det for overskrifter, underoverskrifter, punktlister og så vidare òg.

For uinnvidde kan TeX verke meir som programmering enn dokumentskriving. Det er imidlertid berre mens du skriv det. TeX skiljer nemleg skarpt mellom skrivingsfasen og «lesefasen», i den sistnemnte blir kommandoar som \textbf gjort om til det dei eigentleg tydar, og dokumentet ser plutseleg fint og flott ut – viss du har gjort alt rett ;-)

C++
C++ er eit programmeringsspråk, og har rykte på seg for å køyre kjapt, vera komplisert, funksjonsrikt og vanskeleg å feilsøke. Vel, alt stemmer. Derfor bør ein lære seg det skikkeleg.

Test-drivi utvikling
Test-drivi utvikling er ein programmeringsstil der ein skriv testen først og koden etterpå – ein kode som akkurat klarer testen. Så flikkar ein, forbetrar og fiksar på koden til han er fin og bra. Køyrer testen og flikkar vidare, fram til ein er fornøgd. Så skriv ein neste test. Slik sikrar ein seg at ein lager kode som gjer det ein vil at han skal. Litt forenkla sagt, sjølvsagt, men grovt sett rett. Dette er den einaste av punkta på lista i toppen av dette innlegget eg ikkje har erfaring med sjølv enno, og derfor vil eg heller henvise vidare til den relativt gode innføringa i det ein finn på engelsk Wikipedia.

Posted in Nerding | 2 Comments

Snakk norsk, ikkje norsklish.

Eg er glad i det norske språket. Eg synes det norske språket har mange gode sider, mange fine ord vi bør ta godt vare på og ein verdi i seg sjølv. Det kjem eit laangt innlegg om mitt forhald til språket om ikkje så altfor lengje – håper eg.

Før den tid er det eitt tema eg vil ta særskilt opp: det engelske inntoget i det norske språket. Språkhistoria har vori prega av lånord og lånte uttrykk i alle dei år, men dei siste åra har utviklinga akselerert veldig. Og desse lånorda og -uttrykka er stort sett frå engelsk. Arabisk har gjevi oss kebab og alkohol, spansk mañana og sånn kan ein nemne for mange språk, men den engelske språkpåverkinga er på eit heilt anna nivå.

Nivå byrjar å bli eit av mine norske favorittord (sjølv om det strengt tatt er eit lånord frå fransk frå eit knapt hundreår tilbake). Eit ord du sjeldan høyrer frå unge nordmenn i dag. «Level» florerer derimot (i visse kretsar, rett nok). Sitat synes eg òg er eit veldig fint ord. Det er lell fare for at du møter minst like mange «quotes» som sitat i norske ungdomsmiljø i dag.

«Nevermind» har slått rot. Innanfor mitt fagfelt – data – er vi nok jamt over verre enn resten av samfunnet, og lista over engelske dataord som relativt umedvitet brukes av norske datafolk og -nerdar er lang. Datanorsk er eit omgrep mange språkinteresserte (nerdar) bruker – i tydinga «norsk med massevis av forkortingar og engelske ord». Eg må nok innrømme at eg òg tyr til anglisismar iblant, sjølv om eg etter beste evne freistar å unngå dei.

Og det plagar meg. Snakk norsk.

Posted in Kvardagstankar | 2 Comments

Men kring um saag han Trældomen kvida, og so vende han atter mot nord.

Millom Bakkar og Berg ut med Havet
heve Nordmannen fenget sin Heim,
der han sjølv heve Tufterna gravet
og sett sjølv sine Hus uppaa deim.

Han saag ut på dei steinutte Strender;
det var ingen, som der hadde bygt.
«Lat oss rydja og byggja oss Grender,
og so eiga me Rudningen trygt.»

Og han vandest til Vaagnad og Møda,
der han laut vera herdig og sterk;
og han høyrer med Hugnad ei Røda
um stor Manndom og dugande Verk.

Kring um Dalen stod Fjelli som Grindar,
men um Bergi var grasgrøne Band;
der han gjekk millom Heidar og Tindar,
og der saag han so vidt yver Land.

Han saag ut paa det baarutte Havet;
der var ruskutt aa leggja ut paa;
men der leikade Fisk ned i Kavet,
og den Leiken den vilde han sjaa.

Fram paa Vetteren stundom han tenkte:
Giv eg var i eit varmare Land!
Men naar Vaarsol i Bakkarne blenkte,
fekk han Hug til si heimlege Strand.

Og naar Liderna grønka som Hagar,
naar det laver av Blomar på Straa,
og naar Næter er ljosa som Dagar,
kann han ingenstad vænare sjaa.

Sud um Havet han stundom laut skrida.
Der var Rikdom paa Benkjer og Bord;
men kring um saag han Trældomen kvida,
og so vende han atter mot nord.

Lat no andre om Storleiken kivast,
lat deim bragla med Rikdom og Høgd!
Millom Kaksar eg litet kann trivast,
millom Jamningar helst er eg nøgd.

Naar han kom paa dei rikaste Leider,
saag han tidt, at han litet var kjend;
men han visste ein Vyrdnad og Heider,
som kan bu i den armaste Grend.

«Lat deim hava den Æra, dei kunna,
og sin Rikdom og Styrke dertil,
naar som berre dei meg vilja unna
at faa raada min Arv, som eg vil.»

Gratulerer med dagen.

Posted in Kvardagstankar, Musikk | Leave a comment

Ingen er perfekte, unntatt når dei smiler.

Eg var heime i Trøndelag i helga. Stort sett held eg til på Skjeberg folkehøgskole og held på å bli kjend med Austfold, men i helga (som eg utvida så ho starta torsdag) var eg altså heime. Offisielt var det for å køyre opp (og eg klarte det, hurra :D ), men i tillegg til eit mellombels førarprov, så fekk eg både med meg ein konsert med Julian Berntzen (hjelpe av Samfundets Symfoniorkester), etterlengta tid med kjæremin i Trondheim, ein fin søndagstur og ei forkjøling som eg tok med meg tilbake til Skjeberg.

Bertnzenkonserten var rett og slett råfin. Han spelte alle dei finaste songane frå favorittplata, Waffy Town, og dessutan dei mest naudsynte frå Pictures in the house where she lives og Rocket Ship Love. Til de som ikkje har høyrt om denne herlege mannen og musikken hans: Dei to fyrste cdane handlar om livet i den fiktive byen Waffy Town og om liva til dei ulike folka som bur der. Det litt sånn jazz-pop-klassisk-aktig og særs fint. Den siste er litt annleis, men du får heller høyre sjølv:p Eg trur at Waffy Town redda livet mitt ein gong på ungdomsskolen, så det er berre å prøve ut viss du kjenner at livet heng i ein tynn tråd eller viss du berre vil høyre noko nydeleg musikk.

Kjæremin var som vanleg like fin. Eg hugsar ikkje kor eg las/kven som sa noko sånt som at ”Ingen er perfekte, unntatt når dei smiler”, men eg likar det. Når han smilar, så er han verdas finaste gut. Det er ikkje det at han ikkje er søt og super elles heller, men det er berre å prøve det ut – finn ein eller annan, det spelar eigentleg inga rolle kven det er, men viss du får denne personen til å smile frå hjartet, så er han heilt nydeleg og herleg, trass i alle skruplar han elles måtte ha.

Kva den fine søndagsturen vedkjem, så er det fleire grunnar til at han vart så fin. Eigentleg skulle vi gå på Choco Boco på Bakklandet, for den kafeen er så koseleg (Ikkje vanskeleg å finne heller: Gå over gamle bybro og ta til venstre). Dessverre var kafeen så koseleg at han var stappfull òg, så vi fann ut at vi skulle gå ein oss tur før vi fann ein ny kafé. Bakklandet er tilrådd uansett, for det er både brustein, koselege, gamle trehus og ein kul sykkelheis der.

Dessutan har dei eit antikvariat, med andre ord nok til å få meg interessert. Reint tilfeldig enda vi opp der: på Bybroen Antikvariat. I tillegg til kaffe, te og karamellar som dei har kvar dag, sel dei vaffel i helgjene viss du steiker dei sjølv. Alt låg altså til rette for at eg skulle nikose meg: Antikvariatet er lite og koseleg med fleire små rom og mjuke, gamle møbler, og sidan det trass alt er eit antikvariat, så er det stappfullt av gamle bøker, og det er kanskje det koselegaste du kan ha på ein vegg. I tillegg er alle plakatane på nynorsk, og det varmar jo språkhjartet mitt.

Musikkhjartet mitt vart òg forsynt med ullpledd og peis, for jammen snubla vi ikkje innom ein liten intimkonsert i same slengen. Dei finn visstnok stad kvar søndag klokka 15.00, og viss alle held same standard, vil eg nytte sjansen til å tilrå dei. Gratis musikkgledje og dessutan noko spennande å finne på i byen på søndag.

Vi stua oss saman på antikvariatsloftet saman med kanskje 30 andre og høyrte på Carsten Tourrenc i ein og ein halv time. Songane var henta litt her og litt derifrå, og var både på norsk, engelsk og fransk (og ein smule portugisisk), og med denne fyren vart alle songane til sånne koselege gitarsongar som passar til ein indiekosekafé eller ein saktegåande formiddag med sjokoladekake i omnen og bok i sofakroken – roleg, akustisk, fint. Så var søndagen i boks for min del.

Inntil eg kjem til byen att, skal eg liggje her i senga mi på Skjeberg og vere småsjuk og ergre meg over at eg ikkje spurte fyren om han kunne sende meg Spotifylista si på e-post til meg. Sjølv om det hadde vore skummelt, så trur eg det hadde vore verdt det. Eg får vel prøve fjesboka, kanskje. Det kan ikkje vere så mange Carsten Tourrencar der. Eg treng meir sånn kosemusikk utover hausten, og dessutan fekk han kjæremin til å smile, så da vart jo alt perfekt. Det er godt å ha det sånn nokre gongar.

Posted in Kvardagstankar, Martas boltreplass, Musikk | Leave a comment