Korfor ikkje Raudt?

Etter at eg byrja å henge mykje i Raudt- og Raud Ungdom-dominerte miljø, har eg fått mange spørsmål om korfor eg er medlem i eit parti som krigar i Afghanistan og administrerer kapitalismen framfor å bli med i eit ekte raudt og rankt sosialistisk parti. Det er på tide med eit utfyllande og heilskapleg svar.

Men la meg først svitsje innom ungdomspartia – Raud og Sosialistisk Ungdom. Er det berre stor vennekrets, gamal vane og høgreavvik som gjer at eg er SU-medlem og ikkje RU-medlem?

Vel, nei. Min påstand har lenge vori at forskjellane mellom SU og RU sin politikk er minimale og ikkje relevante i dagens Noreg, om ein ser bort frå moderpartia. Mange, både i SU og RU, har vori ueinige i dette, så for eit par månadar sia las eg gjennom begge organisasjonane sine prinsipprogram for å finne dei viktige skiljelinene. Og eg fann to ting:

  1. RU er kommunistar. SU er ikkje. Så langt unna ein revolusjonær situasjon som vi er i dagens Noreg, er dette eit skilje som ikkje er særleg relevant på mange år enno. Når den revolusjonære situasjonen byrjar å nærme seg, kan vi diskutere det på nytt, men vi er dessverre langt derifrå i dag.
  2. SU er mykje tydelegare på feminisme og sosialisme som to likestilte ideologiar. I RU sitt program kan ein fort få inntrykk av at dersom vi berre får innført eit rettferdig økonomisk system, vil det meste av kvinnekampen alt vera løyst, medan eg les SU mykje tydelegare på at det er to kampar som må førast uavhengig av kvarandre (eg fremma for øvrig (og fekk gjennom) sjølv eit endringsforslag til SU sitt program som tydeleggjorde dette enda meir). Eg har i ettertid fått inntrykk frå fleire i RU om at dette handlar om dårlege formuleringar og klønete ordbruk meir enn faktisk politisk forskjell.

Så forskjellen er at RU er kommunistar og SU er ikkje. Ja vel. Om nokon kan peike på kva for konsekvensar det får som forsvarer at det er to forskjellige organisasjonar dei neste, tja, 40 åra, er no tida for å imponere meg.

Moderpartia, da?
Men moderpartia er det jo faktisk nokre reelle forskjellar på. Eit sleivspark eg ikkje kan la vera: at Raudt oppsto fordi dei meinte at SF (seinare SV) ikkje i stor nok grad støtta diktaturet i Kina, er veldig fascinerande i seg sjølv, men det er trass alt 43 år sia.

Den kanskje tydelegaste forskjellen er at SV sitt i maktposisjon og Raudt ikkje gjer det. Når SV som no sitt i regjering, får R ein klar og openbar rolle som venstreopposisjon – ei rolle dei i overraskande stor grad får media med på, med tanke på at dei faktisk ikkje sitt på Stortinget eingong. Samanlikn for eksempel kor ofte du har sett Bjørnar Moxnes i media med kor ofte du har sett Miljøpartiet dei Grøne sine talspersonar Hanna Marcussen/Harald Nissen. Med MdG si vekst den siste tida (som ein for så vidt kan synest mykje om, men det får bli ein annan gong), har dei på fleire målingar vori større enn R, så eg kan forstå om dei er misnøgde med mediedekninga dei får. Eit godt argument for at R får såpass dekning, kan jo vera at dei er det einaste vaksenpartiet som kritiserer frå venstre, medan høgreopposisjonen jo har nesten halve Stortinget (og himla mykje spenn…)

Men R har jo eksistert lenge før SV gjekk inn i regjering også, så at dei klarte å rettferdiggjera sin eigen eksistens frå dei slutta å vera gærne diktaturhyllande maoistar sånn ca tidleg på åttitalet og fram til stortingsvalet 2005, tja, er godt gjort.[1] Samtidig var ein vel godt hjelpt av Solheim-SV. Men dette er historietime, og det er jo trass alt sju år sia SV kom inn i regjering.

SV kom inn i regjering med 8,8% oppslutning. I valet 2009 fekk ein 6,2%. Det er openbart at ein i regjering da oppnår ein del sigrar, ein del kompromiss og ein del regelrette tap – sånn går det når ein er ein åttandedel-isj av regjeringa. At det nødvendigvis må bli sånn, kan nokon vanskeleg nekte på. Samtidig er det eit spørsmål ein som regjeringsmedlem regelmessig må stille seg: er deltakinga i regjeringa verdt det? Med delspørsmål som kunne ein ha fått til meir utanfor regjering?, vil det vera betre for partiet å stå utanfor?, er sigrane vi vinn og kompromissa vi inngår sterke nok til å rettferdiggjera tapa vi aksepterer og dei dårlege sidene av kompromissa? og fleire liknande. Sånne spørsmål har folk openbart forskjellige svar på, og derfor har vi sett at delar av SV har ønska seg ut lenge, medan andre delar har vori klare på at å fortsette i regjering er heilt rett. Sjølv har eg vori innom begge standpunkt, men at ein i dagens situasjon bør fortsette iallfall fram til valet.

I regjering er det nokre ting som er veldig vanskelege. Den eine er å kommunisere kva som er primærstandpunkt og kva som er kompromiss. Her synes eg SV jamnt over har vori utydelege. Den andre er at ein må stemme for ting som gjer vondt. Noreg si deltaking i krigen i Afghanistan er eit godt eksempel på korleis dette har ramma SV. Dette er da typisk det R-folk plar angripe SV med: dykk stør jo krigen i Afghanistan. Dette er kritikk som irriterer meg, av fleire grunnar:

  1. SV er mot og jobbar mot i regjering.
  2. SV stemte mot da ein ikkje var bundi av regjering
  3. Dei 93,2 andre prosenta av Stortinget er for – og slepp himla billig unna når det er det eine partiet som er mot som får all dritten
  4. Som ein konsekvens av forrige punkt: uavhengig av kva SV hadde gjort, ville Noreg ha vori i Afghanistan.

Så gjer det vondt, eg skal ikkje nekte eit sekund på det, å innrømme at SV sitt i ei regjering som bombar uskyldige folk hundrevis av mil unna, men det er altså sånn at 19 av 20 nordmenn stemmer på parti som vil at vi skal gjera det, som innstendig vil at vi skal det, og da er det vanskeleg for den tjuande å stoppe det. At dette skjer samtidig som eit fleirtal av folket er mot krigsdeltakinga, tydeleggjer at vi antiimperialistar har ein jobb å gjera med å heve utanrikspolitikken på dagsorden og at det ikkje er det som avgjer kva folk stemmer.

Generelt synes eg Raudt altfor ofte har retta bakar for smed, og at ein har hamra laus på SV for saker der vi er einige, og SV i regjering har akseptert Aps politikk (tidvis også Sp), og der ein tilsynelatande ikkje ser at det er Ap (og høgresida, sjølvsagt) som er det store problemet. Den siste tida synest eg R har vorti betre på dette, men dét tør eg ikkje seie for kategorisk før etter neste valkamp.

Aldri fornøgd
Det ligg kanskje i eit opposisjonsparti si rolle å aldri vera fornøgd. Likevel synes eg det blir veldig deprimerande å vera politisk aktiv om ein aldri kan bli fornøgd med noko. Om ein, når det kjem ein viktig siger, aldri seier dette er bra!, men … men dykk har fortsatt ikkje fått oss ut av Afghanistan! Eg er også stor tilhengjar av æres den som æres bør-prinsippet, og meiner det viser storheit å skryte når skryt er fortent.[2] Samtidig synest eg at SV ofte lar pendelen svinge for langt den andre vegen, som eg har vori inne på, for samtidig som ein skal vera fornøgd med det som er bra, juble over sigrar og glede seg når over progressive reformar, skal vi heile tida halde kampen oppe for å nå lenger, skape eit enda betre samfunn, peike på kva som er neste naturlege steg for å nærme oss det sosialistiske folkestyret. Her er altså SV og R begge for dårlege…

Konkrete forbetringar i folk sin kvardag
Eg er sosialist. Eg er revolusjonær. Eg vil ha eit anna samfunn, eit samfunn der ingen lenger tener seg søkkrike på andre folk sitt arbeid, eit samfunn der det ikkje er sånn at hundrevis av millionar sultar medan dei heldige av oss har i overflod. Eg vil ha eit samfunn der ein ikkje tener pengar på krig, der klimaøydelegging ikkje er noko ein kan tene på og der rettferdsprinsippet dominerer. Eit sånt samfunn krev ein annan samfunnsstruktur enn vi har i dag. Eg kallar det sosialistisk folkestyre. Dit vil både Raudt og Sosialistisk Venstreparti.

Eg trur vegen dit kjem stegvis, og at vi gjennom stadige små steg, stadige progressive reformar, stadige forbetringar i kvardagen til folk, kan oppnå to viktige ting: den første er at vi med det i seg sjølv skapar ei betre verd og eit betre samfunn, og eikvar forbetring er eit steg på vegen mot sosialismen. Den andre er at eg trur at berre ved å vise folk at vi står for noko og vi får det gjennom i praksis vil vi få truverd blant vanlege arbeidsfolk, truverd som – viss vi jobbar hardt og godt nok – kan sikre oss at vi får stadig fleire med på laget. Her oppfattar eg at SV har langt større vilje enn R har, og at SV i langt mindre grad er redde for å bli skitne på hendene og inngå kompromiss.[3]

Men, og dette er eit essensielt men: vegen blir kanskje til medan ein går, men båten blir ikkje til medan ein ror. Derfor er det viktig at vi heile tida grunngjev standpunkta våre i enkeltsakene med prinsippa våre, derfor er det så viktig at vi ikkje kan gløyme at målet heile tida er eit sosialistisk folkestyre med feministisk frigjering, og at dette er retningsgivande også for vårt arbeid i regjering. Eit parti som gløymer dette, vil etter kvart degenerere og bli Ap 2.[4]

Og svaret på spørsmålet?
Så, korfor er eg medlem i SV, ikkje i Raudt? Ganske enkelt fordi eg ser på SV som det beste (partimessige) verktyget for å skape eit betre samfunn.

Fordi eg ser SV som eit breiare parti enn R, og som i større grad famnar alle gode krefter som vil skape eit betre samfunn. Fordi SV forbetrar folks kvardag i dag. Fordi parlamentarisme og utanomparlamentarisme må kombineres.[5] Fordi SV er – og har tydeleg potensial til å i langt større grad bli – ei samfunnsforandrande kraft. Særleg det SV vi ser i dag, leia av ein overtydd sosialist og feminist med klar politisk og partimessig retning.

Nokre tankar om svaret…
Eg ser at svaret mitt i stor grad er strategisk og taktisk. SV fordi SV er eit betre verktyg enn Raudt. Det kan ein trekke fleire konklusjonar frå: den første er at eg har forståing for og respekt for partivalet mine kameratar i R har tatt, og håper vi og dei kan vera samde om at vi langt på veg er samde, og at vi definitivt står på samme side. Den reelle fienden – høgresida – er altfor sterk til at vi kan dikte opp kvarandre som kunstige fiendar.

Den andre konklusjonen er at det bør vera lite som skal til for at vi skal slå oss saman. Heilt ærleg, to politiske parti kor den viktigaste forskjellen mellom dei er strategi har knapt livets rett. Gode krefter i begge parti (og i rørslene utanfor, særleg fagrørsla!) bør sjå på kva er det som skal til for at vi kan bli Sosialistisk Raudtparti, og foreine krefter for den felles saka vi trur på og jobbar for?

Og med det har eg høgst sannsynleg fornærma ganske mange der ute ved å kalle dykk høgre- eller venstreavvikarar. So be it, eg trur eg har rett.

[1]: Jada, eg veit at Erling Folkvord satt på Tinget 1993-97 og gjorde ein god jobb.
[2]: Her er eg nok usamd med delar av både R og SV…
[3]: Ja, det er openbart at kompromissviljen kan gå for langt, som eg alt har nemnt.
[4]: Skjønt, no er jo DNA-namnet ledig…
[5]: SV er altfor dårlege utanomparlamentarisk i dag. Var langt betre før regjering. Eg berre nemnar det.

Author: Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær

One thought on “Korfor ikkje Raudt?”

Leave a Reply

Your email address will not be published.