Kjære, kjære forlagsbransje

Eg har nettopp hatt gleda av å lesa Hans Olav Lahlum si første krimbok, Menneskefluene, på lesebrettet mitt. La gå, det å få ei norsk e-bok over på ein Kindle, som er lesebrettet eg og mange andre nordmenn har, er litt kronglete, men no når eg veit koss eg skal gjera det, tar det meg ikkje meir enn eit par minutt frå eg finn boka i nettbokhandelen til ho er klar på lesebrettet mitt. Oppskrifta inneheld først klargjering via denne og deretter konvertering via velkjente Calibre. (Ulovleg, seier du? Pft, eg har betalt for boka, da vil eg kunne lesa ho òg.)

Eg forstår, kjære forlagsbransje, at det kan vera litt ekstra jobb for dykk no i starten (sjølv om starten snart bør ta slutt…) å tilrettelegge for e-bøker. Eg aksepterer derfor ganske så glatt dei 130 kronene Menneskefluene kosta meg. Det er omtrent det eg forventar at pocket-utgåva kostar, og sjølv om e-bøker bør vera langt billigare å produsere enn fysiske, er jo e-bøkene enno i startfasen. Pluss at eg faktisk kan betale nokre kroner for den betra leseopplevinga ved å berre ha eit lite brett å bera med meg, og det å sleppe å fara til butikken for å kjøpe boka.

Men når oppfølgerboka kostar 149 i pocket-utgåve, og 244 (!) i digital utgåve, da lurer eg, kjære forlagsbransje. Da lurer eg på kva i huleste det er som skjer. Da lurer eg i fullt alvor på om dykk faktisk trur på det sjølv. Da lurer eg på kva som får dykk til å synes at det er ein god ide.

Eg betaler gjerne for bøkene eg les. Eg skjønner at dykk vil tene pengar. Eg skjønner og kan greitt forsvare korfor bøker ei stund berre finnes innbundi og eg kan greitt akseptere at e-bøker også er dyrare den første perioden. Men når boka fins i pocket-utgåve, bør det da gå an å selje e-utgåva til ein akseptabel pris?

Eg vil gjerne lesa norske bøker, kjære forlagsbransje. Eg vil gjerne lesa, kjøpe og betale for norske bøker. Eg vil gjerne lesa dei på lesebrettet mitt. Men eg synes det er urimeleg at det plutseleg skal bli drastisk mykje dyrare for meg å lesa fordi eg vil lesa digitalt.

Eg er ein naturleg alliert, bokbransje. Ikkje frykt meg. La meg få bli ein god kunde hos dykk, så skal eg lesa masse også framover. Men da kan dykk ikkje halde på sånn.

Author: Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær

Leave a Reply

Your email address will not be published.