Arkiv for kategorien 'Musikk'

Ingen er perfekte, unntatt når dei smiler.

måndag 19. oktober 2009

Eg var heime i Trøndelag i helga. Stort sett held eg til på Skjeberg folkehøgskole og held på å bli kjend med Austfold, men i helga (som eg utvida så ho starta torsdag) var eg altså heime. Offisielt var det for å køyre opp (og eg klarte det, hurra :D), men i tillegg til eit mellombels førarprov, så fekk eg både med meg ein konsert med Julian Berntzen (hjelpe av Samfundets Symfoniorkester), etterlengta tid med kjæremin i Trondheim, ein fin søndagstur og ei forkjøling som eg tok med meg tilbake til Skjeberg.

Bertnzenkonserten var rett og slett råfin. Han spelte alle dei finaste songane frå favorittplata, Waffy Town, og dessutan dei mest naudsynte frå Pictures in the house where she lives og Rocket Ship Love. Til de som ikkje har høyrt om denne herlege mannen og musikken hans: Dei to fyrste cdane handlar om livet i den fiktive byen Waffy Town og om liva til dei ulike folka som bur der. Det litt sånn jazz-pop-klassisk-aktig og særs fint. Den siste er litt annleis, men du får heller høyre sjølv:p Eg trur at Waffy Town redda livet mitt ein gong på ungdomsskolen, så det er berre å prøve ut viss du kjenner at livet heng i ein tynn tråd eller viss du berre vil høyre noko nydeleg musikk.

Kjæremin var som vanleg like fin. Eg hugsar ikkje kor eg las/kven som sa noko sånt som at ”Ingen er perfekte, unntatt når dei smiler”, men eg likar det. Når han smilar, så er han verdas finaste gut. Det er ikkje det at han ikkje er søt og super elles heller, men det er berre å prøve det ut – finn ein eller annan, det spelar eigentleg inga rolle kven det er, men viss du får denne personen til å smile frå hjartet, så er han heilt nydeleg og herleg, trass i alle skruplar han elles måtte ha.

Kva den fine søndagsturen vedkjem, så er det fleire grunnar til at han vart så fin. Eigentleg skulle vi gå på Choco Boco på Bakklandet, for den kafeen er så koseleg (Ikkje vanskeleg å finne heller: Gå over gamle bybro og ta til venstre). Dessverre var kafeen så koseleg at han var stappfull òg, så vi fann ut at vi skulle gå ein oss tur før vi fann ein ny kafé. Bakklandet er tilrådd uansett, for det er både brustein, koselege, gamle trehus og ein kul sykkelheis der.

Dessutan har dei eit antikvariat, med andre ord nok til å få meg interessert. Reint tilfeldig enda vi opp der: på Bybroen Antikvariat. I tillegg til kaffe, te og karamellar som dei har kvar dag, sel dei vaffel i helgjene viss du steiker dei sjølv. Alt låg altså til rette for at eg skulle nikose meg: Antikvariatet er lite og koseleg med fleire små rom og mjuke, gamle møbler, og sidan det trass alt er eit antikvariat, så er det stappfullt av gamle bøker, og det er kanskje det koselegaste du kan ha på ein vegg. I tillegg er alle plakatane på nynorsk, og det varmar jo språkhjartet mitt.

Musikkhjartet mitt vart òg forsynt med ullpledd og peis, for jammen snubla vi ikkje innom ein liten intimkonsert i same slengen. Dei finn visstnok stad kvar søndag klokka 15.00, og viss alle held same standard, vil eg nytte sjansen til å tilrå dei. Gratis musikkgledje og dessutan noko spennande å finne på i byen på søndag.

Vi stua oss saman på antikvariatsloftet saman med kanskje 30 andre og høyrte på Carsten Tourrenc i ein og ein halv time. Songane var henta litt her og litt derifrå, og var både på norsk, engelsk og fransk (og ein smule portugisisk), og med denne fyren vart alle songane til sånne koselege gitarsongar som passar til ein indiekosekafé eller ein saktegåande formiddag med sjokoladekake i omnen og bok i sofakroken – roleg, akustisk, fint. Så var søndagen i boks for min del.

Inntil eg kjem til byen att, skal eg liggje her i senga mi på Skjeberg og vere småsjuk og ergre meg over at eg ikkje spurte fyren om han kunne sende meg Spotifylista si på e-post til meg. Sjølv om det hadde vore skummelt, så trur eg det hadde vore verdt det. Eg får vel prøve fjesboka, kanskje. Det kan ikkje vere så mange Carsten Tourrencar der. Eg treng meir sånn kosemusikk utover hausten, og dessutan fekk han kjæremin til å smile, så da vart jo alt perfekt. Det er godt å ha det sånn nokre gongar.

Dei ukjente versa

søndag 16. november 2008

Nordmannen (kanskje betre kjent for mange, meg sjølv inkludert, som Mellom bakkar og berg) er eit finfint dikt av Ivar Aasen, og eg skulle gjerne sett at den hadde vori landets nasjonalsong.

For ein overtyda målmann som meg, er det dessutan ei språkleg njuting i tillegg til å vera tekstmessig og melodiøst flott. Derimot er dei beste versa av songen desse, som sjeldan vert nemnde, og dessutan ikkje er del av Aasens offisielle utgåve. NMU og NU nyttar dei framleis, kred til dei (oss, kan eg jo seie).

Her er dei. Les og njut.

Sud om havet han stundom laut skrida,
der var rikdom på benkjer og bord.
Men kringum såg han trældomen kvida,
og so vende han atter mot nord.

Lat no andre om storleiken kivast
lat deim bragla med rikdom og høgd
Millom kaksar eg litet kann trivast
Millom jamningar helst er eg nøgd

Lat deim hava den æra dei kunna
og sin rikdom og styrkje dertil
når då berre dei meg villa unna
og få rå om min arv som eg vil.

Scars on Rockefeller

onsdag 18. juni 2008

9. september.

Scars on Broadway.

Rockefeller.

Mmh.

http://officialscarsonbroadway.blogspot.com/2008/06/scars-european-headline-tour.html

Virvel

tirsdag 3. juni 2008

Der det synges allsang bør det synges revolusjonære arbeidersanger. Der det synges revolusjonære arbeidsanger bør det synges Virvelstevet.

seier Samvirkelaget, og dei har så rett.

No vendar eg tilbake til meir eksamenslesing.

Frihetens forpost her nord

laurdag 17. mai 2008

Kamerater! Kamerater!
Det er frihetens forpost her nord.
Vi skal bygge, vi skal trygge,
vi skal verge hver fot av dets jord.

Eg prøvar, som tidlegare lett hinta til, å samla meg opp raud musikk i musikalsk form (i likskap med Engeline og sikkert også Virrvarr, vil eg tippe.)

Derimot er det nokre raude songar eg ikkje har funne nokon versjon av enno. Den eine er Frihetens forpost, den andre var fram til no nyleg Frem kamerater, men den ligg her, fann eg nett ut, men hyl ut om de har ein annan versjon liggjande. Den tredje er Bella Ciao - særs gjerne på norsk, den fjerde Et rødt flagg.

Kommentarfeltet er særs opent..

They say

måndag 21. april 2008

Scars on Broadway, sideprosjektet åt Daron og John frå System of a Down, har nett sluppi sin fyrste singel, They say. Høyr songen hjå lenka eg viste over.

Og dette er jo rett og slett dritkult! Minnar mykje om SoaD på Hypnotize, og det er det jo umuleg å ikkje like.. Teksten er òg knall.

Albumet skal visst kome i sommer ein gong, eg gler meg.

Raud musikk

måndag 31. desember 2007

Det finst mykje fin raud musikk der ute. Gina lista opp ein god del for ei stund sida, og eg vil leggje til litt.

  • Hoola Bandoola Band - På väg, En kungens man, Sång till friheten
  • Hoola Bandoola Band - Keops pyramid (!!!)
  • Mykje meir Ebba, mykje meir Vømmøl
  • Nina Rochelle - hele Om Sverige vill ha det så
  • Bandiera rossa
  • Samvirkelagets “Musikk”-album, i sin heilskap
  • Halvdan Sivertsen - Kjærlighetsvisa
  • Bjarne Brøndbo - Til ungdommen (det suverent beste Bjarne Brøndbo nokon gong har gjort)
  • Anti-Flag - Mind the G.A.T.T. (og eigentleg det meste dei har lagd)
  • The Clash - Washington Bullets
  • Arbeidslaget hass Konrad Vømmølbakken - absolutt alt, men kanskje særleg Mekaelsen, Ingemar Oppstuens kampsang, Inspektør Øverland, Velger du ein klasse å kjempe for.
  • Heimevernslaget - Hegra festning, Forra, Brevet fra barrikaden
  • System of a Down - Boom!
  • Dia Psalma - Atomvinternatt
  • Masse Gatas. Naturkraft, Fram kamerater, F.E.M.I.N.I.S.T. osv
  • Trygve Hoff - Aldri mer Hiroshima
  • Ein god dose Karpe Diem, til dømes Gull og glitter
  • Lillebjørn Nilsen - Revolusjonens røst
  • I desse dagar med Frp på over 25%: Serj Tankian - The Unthinking Majority.

Då burde de ha ein del å kose dykk med. Eg vil og, totalt uhøyrd, rå til Gallerys Sarin and Airplanes.

Lazze Ohlyz

onsdag 28. november 2007

er seriøst oppmuntrande. Eg kjenner eg vil kome meg ut å prøve å spre den gode bodskap når eg sitt og hørar på dei. Men i staden skal eg no konsentrere meg om eksamenslesing igjen.

Bella ciao.

Nyheter på System-fronten

torsdag 25. oktober 2007

Serjs soloalbum Elect the Dead ble sluppet på mandag, endelig. Skiva har noen virkelige godlåter, som Empty Walls og Saving Us, og holder jevnt skikkelig høyt nivå. Jeg bestilte den fra CD-wow for flere uker siden, og venter at den dumper ned i postkassa hvilken dag som helst. Inntil det har jeg mp3-versjonen som surrer og går. Serj er for øvrig på turne i USA med backingbandet FCC akkurat nå, og holder konsert i Las Vegas i kveld. (Kom til Europa, mann!)

Daron og John driver på med Scars on Broadway, og begynte å spille inn albumet for snart en måned siden. Det skal visst komme neste sommer en gang. Jeg gleder meg allerede.
Som John skriver på hjemmesida:

Daron mentioned in his first letter that we were getting into the recording studio soon…

Yesterday, Daron and I began recording Scars On Broadway’s debut album. We’ve gone in with close to 18 songs. The music is expansive, experimental, and sometimes in-your-face… We’re very excited to get it down and get it out to all of you. We’ll have some more updates as we move deeper into the recording, but until then, stay posted and prepare to get scarred for life!!!

.

Mens Shavo visst sysler med Achozen, et bandprosjekt med RZA fra Wu-Tang Clan, Kinetic 9 fra Killarmy og Rev. William Burk. Må si jeg er spent på hva det blir til. De skal visst ha en konsert første desember…

Og Serj ER fantastisk. Les og forstå.

Neonskiltet skinner som en grønn måne på himmelen Og jeg tenker på deg hver gang, det er nesten som om det var en drøm

onsdag 17. oktober 2007

I dag er det sju år siden Norges største poet, låtskriver, musiker, generelt kunstneriske geni, Joachim Nielsen, døde. Jokke ble bare 36 år, men rakk å gi ut til sammen åtte album (Nykter alene, Alt kan repareres, Et hundeliv, III, Frelst og Alt kan repeteres med Valentinerne og Trygge Oslo og Billig lykke med Tourettes).

Det er poesi, det er skjønnhet, det er vondt, det er deprimerende, det er oppmuntrende, det er ren virkelighet, det er rett fram, det er dypt, det er enkelt, det er rett og slett stor kunst, men først og fremst er det Jokke og hans liv.

Aftenbønn, Jeg er redd, Billig lykke, Halv, Narkoman, Bestevenner, Da har du driti deg ut igjen, Her kommer vinteren, Eller var det en drøm, Verdiløse menn og mange, mange flere er rett og slett pensum. Last ned, lytt, kjøp, nyt!

Hvil i fred, Jokke!

(Les mer om kongen på http://www.jokke.nu.)

Det beste fra den norske festivalsommeren 2007

fredag 29. juni 2007

Okai, her kommer det beste fra norske festivaler 2007 (Hove, Quart, Norwegian Wood, Øya, Storås og Hole in the Sky, samt The Flaming Lips fra Down at the Farm, Ensiferum fra Karmøygeddon og Jorn fra Kvinesdal.)

120 Days
Dia Psalma
The Flaming Lips
Ensiferum
Immortal
Mayhem
Hans Rotmo og Vømlingan
Samvirkelaget
Of Montreal
Dinosaur Jr.
Architecture in Helsinki
The Captain and Me
Devendra Banhart
The Go! Team
Skambankt
Thomas Dybdahl m/KORK
Jorn
… And You Will Know Us by the Trail of Dead
Arcade Fire
Bright Eyes
The Hold Steady
Cansei de Ser Sexy
Damien Rice
Interpol
TV on the Radio
Klaxons
Magnolia Electric Co
Stonegard
Motorpsycho
Dropkick Murphys
Tori Amos
Brian Wilson
Enslaved

Spilletider, lokalisering og tidsperiode kommer senere - se også opp for endringer i programmet.

Den ultimate kampsong?

fredag 8. juni 2007

Dette må da vere den ultimate kampsongen for Norsk målungdom, Noregs mållag og alle andre som vil bevare nynorsk:

Det har virri avstemning om det ska bli
Nynorsk eller bokmål i heimbøgda mi
Og bokmålsfolk, nynorskfolk og anna folk satt
I tim etti tim i ein hissig debatt
Ordførar’n va først’n som fekk ordet fritt
“Det er med språk som med en dress, den må ha det rette snitt
La oss følge moten i Regjering og Ting
Og i alle sirkulærer som sirkulerer omkring”

(Ref.)
Folk som har makt (folk som har makt)
Dem har så alt for my dem skull ha sagt
Dem held sæ te fransk, engelsk og dansk
Og alt som e litt flott og utenlandsk
Mens vanlige folk kjempe for språk som e ækt
Ja, nynorsk som bygge på egen dialekt

Sognepresten deisa Bibel’n i eit bord
“Kjære menighet, la oss følge Herrens ord
Og Herren talte bokmål, det ser vi sort på hvitt
Mens nynorsk var et oppstøt som Vestlandsfanden fikk”
Banksjefen summert opp og sa med andekt
“Man bygger ikke skriftsprog på gemen dialekt”
Ja, sålles va det før, og sålles e det nå
De rike dem e redd for at følk ska forstå

Ref.

Tannlegen han pirka sæ i høltanna og sa
“Den gangen jeg studerte var det bokmål på hvert blad
Og skal man gjøre karriere må man tale sprog med smak
Hvis ikke er man dum eller man tenker med sin bak”
Men inseminør’n som va omreist i grenda
Han va sekker på at følket dem tenkt itj med enda
“Dem tenkje med hauet og snakke med munn’
Mens enden han bli brukt te nå anna i grunn’”

Ref. - instr.

Forskalingssnekker Iversen kjeik sæ omkring
“No gi vi fan i Herren og i tannlega og Ting
No e det på tide at vi tru på eget språk
Så ungan slepp å stotter under riksmålet sett åk”
Og følket i salen dem klappa og peip
Og tannlegen han tørka i sæ mang ein fleip
Det vart som å stem mellom blekksprut og torsk
Tre stemt på bokmål og resten på norsk

Arbeidslaget hass Konrad Vømmølbakken - Vår egen dialekt (skrive av vår alles kjære Hans Rotmo, altså). Forresten trur eg meir av denne bloggen kjem til å bli på nynorsk framover, og eg undrast framleis over om eg skal på Norsk målungdoms sumarleir eller ikkje. Skjønt, eg trur ikkje det.

Og ja, eg er bekymra for framtida for nynorsken, eg vonar berre at fleire vil byrje å nytte nynorsken dei nærmaste åra - det trengs.

Stø dialektane, skriv nynorsk!

Til ungdommen

fredag 1. juni 2007

Nordahl Grieg skrev dette diktet i 1936. Og det er minst like fantastisk, fint og veldig bra den dag i dag. Les, lær og nyt:

Kringsatt av fiender,gå
inn i din tid!
Under en blodig storm-
vi dig til strid!

Kanskje spør du i angst,
udekket,åpen:
hvad skal jeg kjempe med,
hvad er mitt våpen?

Her er ditt vern mot vold,
her er ditt sverd:
troen på livet vårt,
menneskets verd.

For all vår fremtids skyld,
søk det og dyrk det,
dø om du må-men:
øk det og styrk det!

Stilt går granatenes
glidende bånd.
Stans deres drift mot død,
stans dem med ånd!

Krig er forakt for liv.
Fred er å skape.
Kast dine krefter inn:
døden skal tape!

Elsk-og berik med drøm-
alt stort som var!
Gå mot det ukjente,
fravrist det svar.

Ubygde kraftverker,
ukente stjerner-
skap dem,med skånet livs
dristige hjerner!

Edelt er mennesket,
jorden er rik!
Finnes her nød og sult
skyldes det svik.

Knus det! I livets navn
skal urett falle.
Solskinn og brød og ånd
eies av alle.

Da synker våpnene
maktesløs ned!
Skaper vi menneskeverd
skaper vi fred.

Den som med høire arm
bærer en byrde,
dyr og umistelig,
kan ikke myrde.

Dette er løftet vårt
fra bror til bror:
vi vil bli gode mot
menneskenes jord.

Vi vil ta vare på
skjønnheten varmen-
som om vi bar et barn
varsomt på armen!

iTunes-moro

fredag 4. mai 2007

Regel 1: Sett iTunes på Shuffle.
Regel 2: Skriv ned den første linjen fra de første 20 sangene, samme hvor irriterende de er.
Regel 3: Når noen gjetter riktig gjøres sangene om til tykke bokstaver.
Regel 4: Man gjetter ved å skrive nr + sangtittel i kommentarfeltet.
Regel 5: Å slå dem opp på Google eller andre søkemotorer er juksing.

1. Stackars den som liten är när dom stora bara ställer till besvær
2. Ja, så sitter vi her igjen, som om vi var noen gamle menn
3. Jag sväljer himlen och spottar ut moln.
4. Moskva tror inte ett dugg på tårar, dom säger att folk, att folk, folk är dårar.
5. Back about eighteen and twenty-five, I left Tennessee very much alive.
6. Här kommer dom på rad i en jättelång parad.
7. You’re the one I’ve waited for.
8. Sjå, det heng eit bilde på vegga, seks karra som står og ler
9. NYC or P.D. you can see them on the streets
10. Det måste vara radion
11. Four Horsemen Of 2012
12. Det e frøktele’ kor’n blæs og fyk kvar julkveld
13. Now I’m lost, last night I heard lepors
14. Oh, sister, when I come to knock on your door
15. Jag e den felande länken
16. Vis ikkje nåde o’store herre,
17. Aurora borealis
18. Mitt blod rinner till när din svarta klänning åker av
19. I have come a few miles.
20. Flickorna dansar å pojkarna gråter, kasserade hjärtan, kastrerade skratt.

Spent på om jeg får noen kommentarer overhodet… Litt representativt for hvilken iTunes-musikk jeg har ble det jo, men langt fra helt.

Highway Patrolman

fredag 6. april 2007

Highway Patrolman må være en av de beste låtene Bruce Springsteen har lagd. Så rolig, så vakker, så fin tekst, og så fint sjefen synger. Nytelse i lyttbar form. For øvrig er denne låt fem på Nebraska, en plate jeg tenker sterkt på å kjøpe meg. Den inneholder også Atlantic City, en annen personlig Springsteen-favoritt, kanskje den beste av dem alle.

Nothing feels better than blood on blood…