Venstre og Frp – ja, og?

Venstre og Framstegspartiet. For mange ein rar, vanskeleg og ekkel koalisjon, men er det eigentleg så uventa?

Det har lenge vori den lette måten for særleg folk i Ap og dessverre også nokre i SV å ta Venstre på, at ei stemme på Venstre i praksis vil vera ei stemme på Frp. Det kan fort vise seg å stemme, det: ei stemme til Venstre vil gjera meir for å sette Frp i maktposisjon enn ei stemme til SV, Raudt eller Ap vil. Anten som regjeringsparti eller som støtteparti, og veldig mange av oss har verkeleg ikkje lyst til å sjå Frp med meir makt enn strengt nødvendig.

Men samtidig kan denne argumentasjonen brukes på dei fleste. Ei stemme på Venstre vil òg vera ei stemme på eit kristenkonservativt kvinnefiendtleg homohatande parti, f.eks. Og ei stemme på SV til krig i Afghanistan og EØS-medlemskap. Ei stemme på Raudt ei stemme til høgresida sia Raudt i praksis uansett ikkje får makt. Liknande (såkalt) taktisk argumentasjon kan dras langt ut i æva.

Men ei stemme på Venstre er først og fremst ei stemme på Venstre sin politikk, det er ei stemme som aukar sjansen for at mest muleg av Venstre sin politikk skal gjennomføres. Og nettopp det er problemet. For Venstre er ikkje berre eit ufarleg, fint parti som er mot oljeboring og for asylsøkjarar. Hadde det berre vori så vel. Men eg trur nettopp den kritikken venstresida ei stund har kommi med mot dei, har bidratt til å manifestere og fremje dette bildet av dei – ein har på sett og vis lagt til grunn at Venstre meiner alt det rette, og berre samarbeidar feil.

Eg vil gjerne at SV samarbeidar med Venstre (og KrF!) på område som miljø, innvandring og asyl. Gjerne! For der vi er einige, er det berre dumt og skadeleg for saka om vi hamrar på kvarandre framfor på dei som faktisk er problemet (les: Høgre, Frp og/eller Ap. Som oftast alle tre…) Derfor vart eg glad da eg såg at Trine Skei Grande på landsmøtet no i helga slo klart og tydeleg fast at det ikkje er SV som er det store klimaproblemet i regjeringa, men Ap.

Men, og det her er eit stort men: Venstre meiner mykje meir om mange område enn akkurat det. Eg har tidlegare slått fast korfor eg engasjerer meg i SU og ikkje Unge Venstre, mykje av denne kritikken gjeld òg for moderpartiet. Og etter forrige Stortingsval skreiv eg innlegget Korfor ikkje Venstre?

Med fare for å gjenta meg sjølv, den korte oppsummeringa er: Venstre er for ei liberalisering av reglane i arbeidslivet, som inneber ei svekking av stillingsvernet, ei normalisering av midlertidig arbeid, mot solidaransvar, mot formueskatt, mot ein skikkeleg progressiv skattepolitikk, for å kødde med arbeidsmiljøloven, for krigen i Afghanistan. Dei er for EØS, vikarbyrådirektivet, tenestedirektivet, for sosial dumping, mot sekstimarsdag, mot fagforeiningsfradraget. Dei er for privatskolar, private sjukehus, privatisering av og nedbygging av velferdsstaten.

Og alt dette er Venstre og Framstegspartiet heilt einige om! Derfor er det ikkje rart i det heile tatt at dei vil støtte kvarandre fram til makta. Og derfor er det faktisk lett å angripe Venstre på politisk grunnlag. Gjer det, ver så snill. Gjerne kvar jævla dag. For Venstre er ikkje ufarlege. Venstre er eit liberalistisk parti som viss dei får gjera som dei vil vil vera krise for velferdsstaten. Men det ser ikkje folk viss alt vi kritiserer dei for er kven dei vil samarbeide med og at dei da vil tape i dei gode sakene.

Author: Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær

Leave a Reply

Your email address will not be published.