Aldri har eg vori så stolt av å vera SV-medlem

Eg har brukt helga på SVs landsmøte, og fått oppleve store endringar i partiet mitt.

Sosialistisk Venstreparti har sia lenge før eg vart politisk aktiv vori leia av Kristin Halvorsen. I 1997, da ho vart vald, var eg ni år gamal. Eg hugsar ikkje eit SV utan Kristin som leiar, det er det få i min generasjon som gjer. I går klappa vi av ho som SV-leiar – ho fekk ståande applaus frå eit samla landsmøte i mange minutt. Mange av oss har vori drastisk politisk usamde med Kristin, vi har meint at SV under hennar leiing har prioritert feil, tenkt feil, tatt feil standpunkt og så vidare, men alle ser vi kor viktig ho har vori for SV dei siste femten åra. Det var jo ikkje heilt utan grunn at SU på fjorårets landsmøte sang “Klar bane, Kristin, femti nye år.” Da ante vi lite om at ho ville trekke seg.

Først vil eg berre skryte av ei dame som verkeleg har imponert meg det siste året. Eg må innrømme at eg var skeptisk til ho, men ho har fått meg til å innsjå at eg tok feil, og eg er veldig glad for det. Ho heitar Inga Marte Thorkildsen, og er nyvald nestleiar i partiet mitt. Gratulerer – og takk!

Eg har i årevis vori sikker på kven eg har villet skulle overta den dagen Kristin gjekk av. Han heiar på Brann og er bergensar. Da skjønner dykk kanskje kor mykje tru eg har på han, når eg framleis har vori så innmari overtydd om at eg ville ha han som leiaren min. Han heitar Audun Lysbakken.

Og korfor? Derfor. I dag heldt Audun den beste talen eg har høyrd på årevis, kanskje nokon gong. Eg satt med tårer i auga og berre smilte for meg sjølv. Den nye SV-leiaren snakkar om å skape eit sosialistisk folkeparti, om å breie ut partiet, om feminisme, om å skilje seg frå Arbeidarpartiet – alle dei sakene eg aller helst vil høyre. Og han gjer det på ein imponerande god måte!

Eg kjente på det da han snakka: eg har aldri før vori så stolt over mitt medlemskap i Sosialistisk Venstreparti. Eg har sjeldan før vori så sikker på at eg har vald rett, at alle dei timane eg har brukt og bruker i partiets teneste er verdt det, at vi faktisk kan skape eit betre samfunn, eit sosialistisk folkestyre med feministisk frigjering.

Samtidig: vi veit så godt at det e itjnå som kjæm tå sæ sjøl, og partiet er meir enn berre leiaren. Vi må alle som ein ta i eit tak for å reise SV til dei høgdene vi skal vera på, men eg har stor tru på at vi no har vald den rette leiinga for å fronte den prosessen. Eg lover herved å kaste mine krefter inn og jobbe enda hardare. Saman kan vi skape det sosialistiske folkepartiet. Er du med meg?

Ein æra er over. Ein ny startar. Lykke til, Audun!

Author: Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær

Leave a Reply

Your email address will not be published.