Fridom til for dei få eller fridom frå for dei mange?

Fridom til for dei få eller fridom frå for dei mange?

Det er eit kjernespørsmål i politikken, eit ideologisk grunnleggjande spørsmål som ligg til grunn for mange av dei store politiske forskjellane vi ser mellom høgre- og venstresida. For det er ikkje til å legge skjul på at det er ein bakside av dei fleste medaljane, og at politikk handlar om prioriteringar der det gjeld å velje kva som er det viktigaste. Svara på det spørsmålet er det som gjer at vi politisk engasjerte havnar i forskjellige parti.

Eit av dei viktigaste vegvala her er altså spørsmålet om kven det er viktigast at har fridommen: er det viktigaste at dei få har fridommen til å gjera ein del ting, eller er det viktigaste at dei mange har fridommen frå å måtte gjera ein del ting? Eg trur dette spørsmålet oppsummerer korfor eg er aktiv i Sosialistisk Ungdom og ikkje i Unge Venstre.

For eg synes det er viktigare at dei mange blant oss slepp å gå på nedslitte skolar enn at dei få blant oss får fridommen til å gå på ein av dei få skolane med dei beste lærarane og dei flinkaste elevane. For meg er det viktigare at vi mange har fridommen til å få god hjelp på sjukehuset når vi brekk foten enn at nokre få blant oss skal få fridommen til å få mykje betre og raskare behandling enn oss andre.

For meg er det viktigare at jenter flest slepp å bli framstilt som ein ting med nokre hol vi mannfolk kan kjøpe oss tilgang til når vi vil enn at nokre få jenter skal få fridommen til å selje kroppen sin. For meg er det viktigare at heilt useriøse og umulege sex-ideal ikkje skal få øydelegge sexlivet til mange av oss enn at nokre få skal få lov til å bli valdtatt på film.

For meg er det viktigare at alle av oss har fridommen til å ha ein plass å bu enn at Olav Thon skal ha fridommen til å eige halve Oslo. For meg er det viktigare at vi alle skal ha råd til å betale for våre felles goder enn at nokre få skal få fridommen til å kjøpe seg betre tenester enn oss andre.

Det er viktigare for meg at dei mange har sjansen til å få ein fast jobb vi kan leve av og med enn at nokre få skal kunne tene ekstra mykje på å låne oss inn som vikarar heller enn å ansette oss fast. Det veg tyngre at det store fleirtalet blant oss skal få den politikken vi vil ha enn at nokre blåruss i dress skal få gjennom politikken nokon har bestemt at er objektivt best. Dei mange av oss som vil ha fridommen frå å bli bomba sønder og saman eller uskyldig drepne er viktigare enn at nokre få mannfolk skal få fridommen til å tene pengar på krig og at andre folk dør.

Eg har tatt eit val. Eit val nokre taper på, men dei fleste vinn.

Author: Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær

1 thought on “Fridom til for dei få eller fridom frå for dei mange?”

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *