Noreg, NATO, Libya og imperialisme

Sentralstyret i Sosialistisk Ungdom vedtok førre måndag ei fråsegn om Libya som er meir treffsikker og sann enn det meste anna eg har sett om bombinga og kva i all verda som er det lure å gjera mot gærne diktatorar som Muammar al-Qadhafi.

Dessverre fekk dei heilt rett når dei åtvara mot “en militær operasjon som har som målsetning å fjerne Gaddafi-diktaturet gjennom utenlandsk våpenkraft.”, og ei bombing utan ein klar plan, eit klart mål og klart kven som står bak. “[N]år verdenssamfunnet griper til våpen mot en suveren stat må det foreligge en utvetydig plan, ledelse og mål”, heiter det i fråsegna, og sånn vart det ikkje.

Denne vekas utgåve av Ny tid rettar søkelyset mot alle dei ikkje-millitære tiltaka ein kunne ha brukt mot al-Qadhafi og våpenbrødrane hans, og lister opp alt ein kunne ha gjort, men som aldri vart gjort, fordi ein frå første stund var innstilt på at løysinga var militær.

Første stund og første stund, om ikkje vestlege land hadde fora al-Qadhafi med våpen, om vi ikkje hadde etablert selskapa våre på libyisk jord, om ikkje (den libyiske) olja hadde vori viktigare enn alt anna, om “verdssamfunnet” hadde reagert mot diktatoren i løpet av dei 42 – førtito – åra som gjekk før han gjekk til frontalangrep på sitt eiget folk.

Og bombene fell.

Author: Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær

Leave a Reply

Your email address will not be published.