Spar oss for skitkastinga

Eg tenkte eg skulle forbigå Civita sitt nye skitkastingsprosjekt i stille. No klarer eg det ikkje meir.

Så klart vil Civita kople alle som trur på sosialistisk folkestyre med Stalin, Pol Pot og folkemord. Så klart vil dei nytte eitkvart høve til å hevde at sosialisme naudsynleg er despotisk, så klart vil dei ha det til at alle som har vori på vitjing i Romania før 89 heilhjarta støtte Ceausescisk diktatur og så bortetter.

Fordi det er ein enkel mulegheit for dei til å diskreditere sosialisme, marxisme og venstresida i sin heilskap. Kan dei sette oss i bås med Stalin, Bresjnev og Honecker, har dei gjort kampen for eit sosialistisk Noreg mykje hardare. Og så klart vil høgresida det! For å sjå utspel som “Idealismen” og den tilhøyrande debatten utan dette perspektivet, vil vera fordummande og tilslørande. Dette er ideologisk propaganda, eit debattinnspel for å påføre skuld og skam (hmm…) særleg til alle som kallar seg revolusjonære og/eller sosialistar. Eg skjønner godt at dei gjer det, men dei kunne godt vori litt meir reielege.

Fordi det er ei gåvepakke til dei med diktatorar som kallar seg sosialistiske eller kommunistiske og lirer av seg tomme, totalt upassande fraser.

For Sovjetunionen var aldri ein union av sovjet, det var aldri arbeidarråda som styrde, iallfall ikkje etter danninga av unionen. (Sovjet er eigentleg russisk for arbeidarråd)

Nord-Korea har aldri vori verken demokratisk eller ein folkerepublikk, sjølv om det offisielle namnet er Den demokratiske folkerepublikken Korea. Demokratisk Kampuchea var aldri demokratisk. Og så vidare.

Sjølv om makthavarane kallar seg noko fint, tydar ikkje det naudsynleg at det er sant. Capisce?

For å ta nokre ord direkte om SF/SV og Aust-Europa: Det har sikkert vori SF-/SV-arar som har vori litt for glade i austlanda. Partiet er tufta på det tredje standpunkt, eit sosialistisk folkestyre ikkje basert korkje på systema i aust eller vest, og det har nok vori folk som har hella litt for mykje den eine eller andre vegen. Å halde vegen rein og rank er alltid vanskeleg, det er alltid lettare å halde seg religiøs – det vera seg til kapitalismen eller mlm.

Men religion har sjeldan vori den beste vegen å gå. Ei heller i politikken. Ei kritisk, undersøkande halding må ligge under eitkvart godt politisk parti og organisasjon. Så vidt eg veit har verken SF eller SV hatt eit offisielt positivt standpunkt til [sett inn såkalla venstrevridd diktatur her]. Viss eg tar feil her, vil eg på vegne av partiet (ja, så frekk er eg faktisk) seie at det er flaut, der tok vi feil, la oss lære av det og ikkje gjenta feilen.

Derimot har ein sikkert sagt noko om at helsesystemet på Cuba er bra eller at dei austtyske ordningane med gratis barnehage og boliggaranti var noko vi òg burde ha. Og så? Det lille, viktige poenget Civita ikkje ser/vil sjå her er at dette ikkje tydar korkje stønad til regimet, systemet deira eller noko som liknar.

Ein god tredje veg bør ta med seg det positive frå både den første og den andre vegen – og alle andre vegar ein måtte komme over. Verre enn som så er det ikkje.

Author: Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær

Leave a Reply

Your email address will not be published.