Berre sine lenker å miste

Marx sa i si tid om arbeidarklassen at han “har berre sine lenker å miste”, og på 1800-talet var det sant stort sett verda rundt, frå fabrikkane i Tyskland og England til kinesiske rismarker. Så har da òg arbeidarane knust mange av desse lenkene i tida som har gått sia da, og godt er det. Dagens norske arbeidsfolk har mykje meir å miste enn som så…

Det samme slagordet kan ein godt bruke som feminist òg. Kvinnesakskjemparar (særleg) frå 70-talet og til i dag har gjort ein stor innsats for å fjerne lenkene kvinnene har hatt knytt til seg – både kjøkken-lenkene, barnepass-lenkene og manglande kontroll over eigen kropp-lenkene. Kvinnerørsla har vunni mange viktige sigrar, og dei skal vi hugse, feire og passe godt på at ikkje reaksjonære, gamle menn stikk av med.

I år kan fort rett til heiltid bli ein av dei store sakene. Regjeringa har gått (ganske…) høgt ut for å gjera det til ein av årets kampsaker, og sjølv om det har drukna litt i media, er kravet frå regjeringa om 20% mindre ufrivillig deltid i år ein av dei store gladsakene for tida.

Og ein kan seie mykje om den raudgrøne regjeringa på mange område, noko eg har gjort om att og om att her inne, og blant anna hamre laus på ein umenneskeleg utkastings.. innvandringspolitikk, styring av sjukehus som om det var ein vanleg butikk og datalagringsdirektivet, tenestedirektivet, monstermaster eller LoVeSe-press, men som feminist er eg faktisk ganske godt fornøgd med dei mange sigrane vi har oppnådd sia 2005. Likestillinga av skift-turnus, kriminalisering av horekundar, felles ekteskapslov, barnehagereformen, kvotering i ASA-verksemdsstyre og forbetra fødselspermisjonsordningane klart.

Kritikk der det trengs, men òg skryt der det er fortent.

Author: Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær

Leave a Reply

Your email address will not be published.