Kor langt kan ein eigentleg komme med idioti?

Politikk er eit vanskeleg spel. Ofte kjem det utspel som er særs kjipe, dårlege, direkte idiotiske, paranoide eller politisk dårlege forslag av andre grunnar, la oss i denne samanhengen nøye oss med å nemne datalagringsdirektivet og “la oss organisere sjukehusa som verksemder” som eksempel.

Det er så. Usemje er jo grunnlaget for moderne politikk, og ein kan jo tru på forskjellige måtar å komme fram til eit betre samfunn på. Eg trur for eksempel at Unge Høgre sine stadige forslag om skattesenkingar og privatisering vil vera katastrofale for landet, men eg skjønner (iallfall til dels) koss dei tenkjer og at det ikkje er faenskap som ligg bak det, berre feilaktige antakingar og konklusjonar. Meir sentralt er dog kven dei tener – medan vi på venstresida ser på kva konsekvensar forslaga våre får for vanlege folk som det viktige, har høgresida sine interesser og interessentar i overklassen. Og dét er jo greitt, det er vi på venstresida si oppgåve å avsløre dei og vise fram kven dei eigentleg kjempar for.

Men politikk er ikkje berre eit spel – eller ein kamp, om du vil – om idear og verkemiddel, ikkje berre ein kunst, det er òg eit handverk.

Og dårleg handverk kan vera særs frustrerande. Torbjørn Jagland sitt 36,9 frå 1997 er eit kroneksempel på dårleg handverk, eller ekstremvenstre si evige hakking på oss som ikkje er radikale nok kan vel òg gå som det. Dei siste åra har stadig meir av dette dårlege handverket kommi frå ein krins kor ein opp gjennom åra har sett veldig mykje godt politisk handverk, nemleg frå Youngstorget og Arbeidarpartiet si toppleiing.

Ein kan seie veldig mykje om koss Ap funka frå andre verdskrigen slutta og fram til åtti-talet, men dei var innmari gode på å gjennomføre, fronte og drive politikk. Haakon Lie og Einar Gerhardsen hadde på kvar sitt vis god oversikt og god kjensle for kva saker folk ville reagere på, kva politikk dei ønska seg og koss ein burde gå fram både internt og offentleg for å få det som dei ville. (Koss alt fungerte internt i Ap-leiinga er elles eit særs interessant tema i seg sjølv, og noko Hans Olav Lahlum og fleire andre har skrivi godt og mykje om.)

Denne arven med å vera politisk skarp og dyktig, forsvann frå Det norske arbeidarparti saman med Gro Harlem Brundtland, etter ho gjekk av har det norske sosialdemokratiets høgborg berre vorti eit vanleg parti utan noko særleg taktisk brodd utover det vanlege. Denne arva var det diverre ikkje verken Theo Koritzinsky eller Erik Solheim som tok over, men “det nye arbeiderpartiet”, Fremskrittspartiet med Carl I. Hagen, Geir Mo og Siv Jensen som har plukka opp. Synd, skam og potensielt katastrofalt for norsk arbeidarrørsle og norske arbeidarar, men i og for seg i tråd med ein generell trend i Europa.

Det er iallfall tydeleg at verken Jens Stoltenberg eller Raymond Johansen har lesi sin Tillitsmann

For det har ikkje mangla på dårleg partiarbeid frå dei inste Ap-krinsane dei siste åra. Hardanger er eit altfor godt eksempel, Mongstad eit anna.

Og no, Maria Amelie.

Ei sak som er så dårleg handsama at ein skulle tru det var ein sau som sto bak. Ei oppvising i idioti og koss ting ikkje skal gjerast. Indregard ei blant dei som på godt vis har skildra saka, og eg trur eg nøyer meg med å sitera, og oppfordre alle til å lesa meir der det kjem frå:

For en historieløs absurditet det er å høre Arbeiderpartiets statssekretær si på radio at Maria må sendes ut av respekt for asylinstituttet. Maria må arresteres i Nansenåret, på Nansenskolen, selv om hun ikke har gjort annet galt enn å følge sine foreldre til Norge, av respekt for det instituttet Nansen bygde opp? Du tar feil. Det er ikke asylinstituttet du har respekt for. Det er meningsmålingene. Skaff deg en ryggrad og et moralsk kompass, mann.

Author: Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær

Leave a Reply

Your email address will not be published.