Gut og feminist

Ein del av løysinga eller ein minst muleg del av problemet?

Det er eit spørsmål eg har stilt meg sjølv ein del gongar, og som sikkert mange andre feministar (av begge kjønn) nok òg har lurt på og tenkt rundt.

Spørsmålet blir meiningslaust om ein ikkje først har den feministiske analysen på plass. Begge kjønn taper på dagens mannsdominerte, mannsstyrte samfunn – patriarkatet. Vi gutar/mannfolk taper på det ved at vi slepp unna dei trange kjønnsrollene, vi kan få god lønn og skikkelege arbeidsforhald om vi vel å byrja å jobbe i eit kvinnedominert yrke, gutar blir ikkje lenger utsatt for seksuell trakassering, ein treng ikkje lenger uroa seg for å komme ut av skapet som homofil. Lista over koss vi som menn vil tene på eit likestilt samfunn er lang, og ikkje uttømmande. Og vi vil sleppe å vera problemet. Kring 10 000 jenter blir valdtekne i Noreg kvart år, nesten berre av menn. Da er det menn og menns haldningar som er problemet. Enkelt, sant og viktig – men innmari kjipt for det store fleirtalet av oss som ikkje valdtar. Med eit likestilt samfunn vil vi sleppe denne mistenkeleggjeringa og skuldkjensla.

Men på trass av det her, så er det jenter som taper mest på dagens samfunnsordning. Patriarkatet er eit system som baserer seg på mannsmakt, på at menn styrer meir og har meir makt enn kvinner.

Og som ein konsekvens av det, undertrykkar vanlege menn – også feministar – bevisst eller ikkje kvinner. Ved at dei tener mindre enn oss. Ved at det framleis er damene som er mest ute frå arbeidslivet i samband med ungar. Ved at damer framleis gjer meir husarbeid enn menn. Ved kven det er som har siste ord og skjær gjennom.

Så er det sjølvsagt gradsforskjellar her òg, og vi søker – og må søke! – å undertrykke minst muleg. Men eg trur ikkje vi kan komme bort frå det heilt før vi øydelegg heile patriarkatet. For det handlar ikkje om at kvar enkelt mann er kjip, for eg trur ikkje det er sånn at kvar einaste mann i verda er ein kjiping. Iallfall ikkje berre det. Det handlar ikkje om ondskap eller personlege ting.

Det handlar om strukturar. Om system, om sosialisering. Kvart menneske er ein del av samfunnet det lever i, og vi må innsjå at vi blir forma av det og påverka av det, anten vi liker det eller ikkje. Derfor må vi òg sjå koss samfunnshaldningane og -systemet heng saman med dei faktiske handlingane og konsekvensane det får hos kvar enkelt av oss. Er seksuell trakassering sosialt akseptert, senkar det terskelen dramatisk for at ein kan drive med det. Med sexkjøpslova heva vi terskelen dramatisk for å kjøpe sex. Og så vidare.

Så: strukturane må endres. Heile det mannsstyrte, mannsdominerte samfunnet må revolusjoneres, og det gjerast på fleire plan. Først og fremst handlar det om at kvinner må få like mykje makt og fridom som menn. For at nokon skal få meir makt, må andre få mindre. Konklusjonen blir enkel: menn som gruppe må få mindre makt og kvinner som gruppe må få meir. Eller, om du vil: makt må overføres frå menn til kvinner.
Og som ein konsekvens av det her vil eg som gut isolert sett både tape og tene på feminisme.

For meg som sosialist er det eit viktig prinsipp at arbeidarklassens frigjering må vera arbeidarklassens eiget verk. Det samme prinsippet gjeld for meg som feminist: vi gutar kan ikkje frigjera jentene, det må dei gjera sjølve.

Men vi må (iallfall bør vi) vera villige til å gi frå oss makt og ta mindre plass – utan å leie veg. Jentene kjenner situasjonen best på kroppen, dei veit betre enn oss koss patriarkatet slår ut, dei må sjølve skape si eiga frigjering. For gutane handlar den feministiske kampen først og fremst om rettferd og solidaritet, for jenter handlar det i tillegg om fridom og frigjering.

Tydar det så at gutars rolle i den feministiske kampen er å vera haleheng?

Kanskje. Kanskje ikkje. Eg trur det er ein motivasjonsboost for jentene som kjemper for kvinnefrigjering at vi snakkar fint om feminisme, at vi handlar feministisk bra og at vi tydeleg viser at vi er på deira side. For viss berre jenter synes at feminisme er viktig, blir det mykje vanskelegare å vinne den feministiske kampen enn om vi gutar stiller oss bak dei.

For det er ein felles kamp, ein felles kamp som føres med ulike premiss og på ulike måtar. Halve menneskeheten kan aldri selv bli fri når resten av den tvinges til et liv i slaveri.

Author: Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær

One thought on “Gut og feminist”

Leave a Reply

Your email address will not be published.