Snåsakaill meg her og snåsakaill meg der

Ein høyrar mas om «Snåsakailln» overalt og til eikvar tid i desse dagar. Mannen som visstnok har varme hender og kan helbreda kva det no enn skal vera utan å gjera meir enn å ta på folk.

Og av ein eller annan grunn ser folk på denne mannen som truverdig og dyktig på eit heilt anna nivå enn andre healarar. Kanskje det er fordi han ser gamal og triveleg ut, eller fordi han ikkje vil erklæra seg som healer sjølv.

Menneska har så lengje eg veit støtta seg til medisinmenn, sjamanar, trollmenn og andre liknande typar, som vi med eit fellesomgrep kan kalla healarar. Slike typar har folk stort sett lita tiltru til i dag, og dei er som oftast sett saman med spådamer og sextelefonar på reklamesidene i Dagbladet. Eg ser ingenting som skil «Snåsakailln» frå ein tilfeldig annan healer.

Derimot skal ein ikkje skriva bort all «alternativ medisin» fordi ein ikkje trur på overnaturlege ting som svevar rundt, englar og det som verre er. Nei, for eksempel akupunktur har lenge vori populært hos healarar. Etter kvart har ein funni og dokumentert dei medisinske resultata av det, og det er no på full fart inn i norske sykehus og blant fysioterapeutar.

Slik er det med all alternativ behandling. Viss det tilsynelatande funkar, testar ein det, forskar litt på det, og om det funkar, gjer ein det til ein del av det rådande paradigmet. Det vil seie, om den alternative behandlingsteknikken funkar betre eller utfyllande til den som allereie er akseptert på området, tar selvfølgelig dei kompetente, utdanna folka innan medisin, som legar og sjukepleiarar, dei i bruk.

Dersom den alternative metoden ikkje er betre eller tilførar noko til den som allereie er der, er det da heller ingen vits i han, og da kan vi like godt halde oss til det som funkar. Samtidig kan vi heller ikkje sjå bort frå at forskjellige metodar fungerar på forskjellige folk. Men dette er nok òg fagfolka klare over.

Det er på den andre sida mange som har vorti behandla av forskjellige typar healarar opp gjennom tida, og som har kjent seg mykje betre etterpå. Eg vil tru at veldig mykje av dette er takka vera placeboeffekten – altså folk blir behandla, trur på at det verker, og så verker det fordi dei trur det gjer det. Elles har nok ein del komi over metodar som legevitskapen på den tida enno ikkje hadde tatt i bruk – det er klart, når ein prøvar og prøvar, så vil ein jo sannsynlegvis etter kvart finne noko som funkar. Dette er det da muleg ein del av dagens healarar òg har gjort. I så fall kan eg ikkje sjå korfor ein ikkje skal, som eg nemnde over, teste desse «nye» teknikkane skikkeleg og eventuelt gjera dei standard.

Det vil sjølvsagt kunne gå utover deira eigne jobbar. På den andre sida vil ein healar som brukar dokumentert fungerande metodar få klart meir anerkjenning både blant meir eller mindre vanlege folk (som meg), og ikkje minst i farmasiverda. Ei sånn oppdaging vil jo vera eit medisinsk framskritt antakeleg av ganske stor art, og eg ser ikkje bort frå at det i så fall kan vanke både godt betalte og attraktive jobbar, prisar, pengar og pr med sånne dokumenterte oppdagingar.

Sjølv er eg agnostikar. Eg veit ikkje om det finst noko overnaturleg, det vera seg Gud eller folk som tilfeldigvis har fått gudeliknande evner. Uansett er det dei som trur som har ansvaret for å prova, ikkje vi som ikkje er like med å mot-prova det. På same måte som at viss eg hevdar det finst flygande grønne grisar, har ikkje du nokon sjanse i det heile tatt til å prova at eg tar feil. Det er mitt ansvar å iallfall sannsynleggjera, om ikkje prova, at eg har rett.

Det same gjeld for alle med «varme hender» eller tilsvarande. Gi meg resultat som provar at de har overnaturlege evnar, og eg skal bli fornøyd, imponert, glad og like truande som dykk. Men, som Lasse Marøen skriv:

En skikkelig utført test av Snåsamannens såkalte evner vil kunne ha ett av to utfall:

  1. Han har overnaturlige evner
  2. Han har ikke overnaturlige evner

Ved utfall nr 1 får vi fastslått det første tilfellet av overnaturlige evner som noen sinne har blitt dokumentert. Alt vi vet om virkeligheten vår må revurderes. Legevitenskapen revolusjoneres. Alle lærebøker i naturvitenskapelige fag må skrives om. Nobelpriser deles ut. James Randi står klar med en million dollar som kan doneres til en hvilken som helst veldedig organisasjon. Menneskeheten får et fremskritt innen vår kunnskap om virkeligheten som mangler sidestykke i moderne tid.

Ved utfall nr 2 får vi avslørt den snille Snåsamannen som en helt vanlig mann som lever godt på placeboeffekten.

Altså, som Lasse skriv: «Inntil han velger å la seg teste velger jeg imidlertid å forutsette at han er en svindler. Han må gjerne motbevise dette – men bevisbyrden ligger hos han.»

Posted in Kvardagstankar | 1 Comment

Vi høyrer, kameratar, at framande soldatar trampar på dykkar jord

Israel har lenge stoli meir og meir av Palestina. Heilt sidan landet vart oppretta i 1948, har dei utvida grensene sine meir og meir. Dei har stoli større og større delar av Palestina. Dagens Palestina er berre 11% av det dei var i 1967.

Dette biletet sei eigentleg det meste. Palestina 1946-2000

Dei aller, aller fleste på palestinsk side har for lengst akseptert at Israel vart danna, og anerkjenner eksistensen til staten Israel, på trass av at dette landet vart plassert der det allereie budde mange folk, og som førte til at 750 000 palestinarar måtte flykte frå sine heimar. Desse har framleis ikkje fått kome tilbake.

Derimot har kvar ein jøde rett til å «vende heim til Israel». Dei fordrivne palestinarane, derimot, som budde i landet, har ingen som helst slik rett. Mange av desse har budd i flyktningleirar i Libanon heilt sidan då, etterfølgjarane deira har aldri budd nokon eigen plass.

«Det går ikke an å bombe et folk til stillhet», sa statssekretær i Utanriksdepartementet, Raymond Johansen, i dagens Redaksjon 1. Det har han heilt rett i. Det skreiv eg meir om i Afghanistan-artikkelen min.

Derimot er det eitt perspektiv som er særs viktig, og som det av alle er ein Høgre-mann som frontar: maktperspektivet. Okkupant – okkupert. Alle som ropar på at «begge parter må besinne seg», og tilsvarande, må få opp auga for det her. Israel er den tredje største militærmakta i verda (rekna ut frå denne), medan Hamas er ein paramilitær og politisk organisasjon som brukar heimelaga rakettar som ikkje akkurat er dei mest effektive. Skal ein trekkje ein parallell her, er det NATO-Taliban som slår meg, eller USA-FNL i Vietnam. Sånn reint kampmessig, altså. Ein gerilja med stor folkeleg støtte mot ei mektig okkupantmakt som går til krig fordi dei ikkje respekterer retten eit land har til å velje si eiga regjering – paradoksalt nok kallar dei det «krig for demokrati».

For kvar demokrat er dette ei uhaldbar haldning. Eg er òg med i gjengen som ikkje likar korkje Hamas’ politiske mål eller verkemiddel, men samstundes anerkjenner eg at folk har lov til å velje andre parti enn dei eg likar. Det som derimot er litt interessant, er å sjå på korfor eit så ekstremt parti får så stor støtte blant folk. Det er særs liten tvil om at hovudgrunnen til at Hamas står så sterkt, er at dei står for og ikkje minst framstår som ein klar og tydeleg protest mot okkupasjonsmakta Israel. Og i den situasjonen palestinarar er og har vori i lenge, med eit Israel som stadig grabbar til seg meir og meir av Vestbreidda, og sultar ut og sørgar for at Gaza ikkje får forsyningar i det heile – i tillegg til at dei tar frå mange, mange palestinarar livsgrunnlaget deira – blant anna. Lista av overgrep er lang.

Då er det lett å forstå at palestinarar legg andre politiske skiljelinjer til sides og konsentrerar seg bortimot fullt og heilt om kampen mot okkupasjonsmakta. Som vi nordmenn sjølv gjorde for nokreogseksti år sidan, som bortimot alle okkuperte folk gjer. Ingenting samlar folk som ein ytre fiende. Det er i lys av dette det ein må sjå den sterke stillinga Hamas har i Palestina i dag, og det er i okkupant-okkupert-perspektivet ein må sjå situasjonen i Palestina.

Både eg og tidlegare fylkesleiar i STSU, Tine, skreiv om Palestina i Barrikade, avisa vi laga i fjor. Det er jo meir aktuelt enn nokon gong. Verdt å lesa, om eg må seie det sjølv.

Og forresten, ein ting eg vil at alle skal ha klinkande klart for seg, og eg siterar Morten Drægni: «Israel på sin side påstår at de var nødt til å angripe siden Hamas brøt våpenhvilen. Dette er helt feil. Faktum er at i løpet av den seks måneder lange våpenhvilen så har Israel brutt avtalen 193 ganger. Det har ført til 22 døde, 62 skadde og 38 kidnappede mennesker.»

Dessutan bør alle titte innom hos Ronny Kjelsberg og lesa hans fabelaktige Palestina-oppsummering.

Posted in Politikk | 1 Comment

Ei sånn ei.

Når eg blir stor, då skal eg bli ei sånn ei. Då skal eg bli ei sånn ei som går langt på skeive fortau sjølv om det er ruskevêr, utan å ta trikken, kanskje berre nokre gongar, når eg har gløymt skjerfet mitt heime. Når eg blir stor, då skal eg bli ei sånn ei som les avis på kafé, som smilar utan at folk skjønar korfor, som drikk krydderte om natta og har lilla skjerf og strikkelue. Eg skal bli ei sånn ei som går utan skor når det er varmt nok, ei sånn som går til postkassa i pyjamas, eller til butikken. Eg skal plukke hestehov langs vegen.

Når eg blir stor, skal eg bake rosinbollar med ungane mine og vere ho irriterande mora som faktisk bryr seg når ting er feil og urettferdig, og som seier ifrå heilt til alt blir rett og rettferdig att. Eg skal ha svart katt og syngje høgt sjølv om eg ikkje står i dusjen og ikkje er aleine heime. Huset mitt skal vere litt rotete, akkurat så mykje at det ikkje gjer noko. Også må det vere mange mange puter der. Eg skal ha tregolv som er måla i fine farger, også skal eg kunne sitje på dei og skrive bok.

I eit tre i hagen skal eg hengje telys i små glas, pynte meg midt i veka, men vere anonym på festar. Eg skal bli ei sånn ei som opnar døra midt på natta viss nokon ringjer på og treng nokon å prate med, ei sånn dame med bustete hår som plukkar haustlauv og spelar teater med seg sjølv. Ei sånn som lagar fingerdukker og sminkar meg som pantomimedame på søndagsmorgonar. Nokre gongar skal eg leite etter firkløver.

Eg skal ha eit eviggåande prosjekt om å få fleire bøker i bokhyllene mine enn det er stjerner på himmelen, og eg skal ha prøvd å telje dei. Eg skal fingermåle og gjere yoga i graset om sommaren. Bamsen min skal ikkje trenge å bu i ei pappeske på loftet, sjølv om eg har blitt vaksen. Eg skal hardnakka halde fast på prinsippa mine, sjølv om dei som hadde dei fordi dei trudde dei vart kulare av det då kanskje har voksi frå dei. Eg skal vere naiv nok til å tru på at ting ordnar seg. Når eg blir stor, skal eg bli ei sånn ei.

Posted in Martas boltreplass | Leave a comment

Redd verda, no

«Men rætten har vi, den har du å itj dæm, på Forra som stille kjæm»

Med nokre års mellomrom står det store miljøkampar der mykje står på spel, og miljørørsla legg heile si samla tyngde inn, ofte med «det norske oljeeventyret» som hovudmotstandar. Gasskraftverk på Skogn og Mongstad er dei nyaste eksempla, Alta-/Kautokeino-kampen for rundt tredve år sidan er kanskje kroneksempelet på saker der miljørørsla vann fram – heldigvis. Som Rotmo-fan og sånt, er eg veldig glad for det som no er Øvre Forra naturreservat.

Kampane har ofte vori steile mellom miljørørsla på den eine sida og kraftindustrien i forskjellige formar på den andre. No skjer det igjen: italienske ENI har funni olje i Goliatfeltet, som ligg i Barentshavet. Barentshavet har hittil vori skjerma for all oljeutvinning, av fleire årsaker. No ønskjer oljeindustrien å ta oljeutvinninga til eit nytt og hittil verna område, og det er det sjølvsagt mykje pengar i for dei. Og at det sjølvsagt er det einaste som tel, er jo ikkje noko sjokk.

Mange har tatt opp kampen mot utbygginga. Sånn eg ser det, er det Natur og ungdom som har stått i første rekkje. Det er fleire gode argument for å «stoppe Goliat», mellom anna at «Havområdene utenfor Finnmarkskysten er et av verdens rikeste og mest verdifulle», som NU skriv det. Samtidig veit vi at værforhalda der oppe er temmeleg heftige, noko som gjer at tradisjonell «utsleppssikring», om eg skal kalle det det, funkar dårleg. Kombinasjonen av dette gir ein lite artig situasjon.

Men det eg vil halda fram som det viktigaste og beste argumentet, er at det å opna for eit nytt oljefelt, openbart er å opna for meir oljeboring. Som igjen er fortsett, og styrka, satsing på den fossile, ikkje-fornybare, sterkt forureinande energikjelda olje. Det er på høg tid at vi i staden går den andre vegen. Byggje ned sterkt avgrensa levetid-oljenasjonen Noreg, til fordel for den fornybare energinasjonen Noreg.

Men det vil innebere nokre ting. Først og fremst vil vi måtte satsa på fornybare energikjelder, som vi har eit godt grunnlag for. Det er vanvittig kor mykje energi vi kan henta frå havvindmøller utanfor kysten, for å ta det mest openbare. Her er det eigentleg berre å køyre på – forske, byggja ut, starta. Sjølvsagt kostar det pengar å koma i gong med, men dei pengane kan vi jo berre ta frå det vi allereie brukar på olje-forsking og utbygging. Det handlar om omprioritering og vilje.

Det handlar (dessverre) òg om press og makt. Det er ingen tvil om at oljeindustrien er stor, tung, mektig og rik, og kan, som han har lang tradisjon for, leggje sterkt press på regjering og storting. Det tydar at vi treng eit desto sterkare press frå alle andre som synest miljø er viktigare enn oljeprofitt. Vi må atter vise at pengemakt pokker ikkje skal telje meir enn folkemakt!

Skjønt, synet om at Noreg må bort frå oljeavhengnaden vi er langt inne i no, bør vera både openbert og i grunn treffe breitt. Som eg allereie har nemnd fleire gongar, er olje ei fossil, ikkje-fornybar energikjelde. Dermed kan vi uansett ikkje leve på olje i noko æve, og det bør sjølv dei som «ikkje trur på» klimakrisa innsjå og kunne vera samde med. Ergo burde det at Noreg må koma seg ut av oljealderen vera ein ganske apolitisk sak…

Men for oss som ikkje er olje-religiøse, er det etter kvart stadig meir som tydar på at vi held på og køyrar jorda ad dundas. Estimata blir stadig verre, og dei aller fleste forskarar og andre med peiling blir sikrare og sikrare på at klimaendringane faktisk skjer, og at dei i stor grad skjer på grunn av menneskeleg påverknad. Mark Lynas har i boka Seks grader synleggjort kva som kjem til å sjå etter kvart som temperaturen aukar grad for grad, og det er lite koselege konsekvensar. Dessverre er det i den retninga det går i dag og kjem til å fortsetje å gå, med mindre vi gjer noko drastisk. Klimapanelet til Dei sameinte nasjonane kom fram til at

«At det skjer en oppvarming av klimasystemet er hevet over tvil.
Hoveddelen av den observerte økningen i verdens gjennomsnittstemperatur siden midten av 19-hundretallet skyldes svært sannsynlig den observerte økning av menneskeskapte drivhusgasser.
Høyere temperaturer og stigning i havnivå vil fortsette i århundrer, uavhengig av hvor mye menneskene reduserer sine utslipp.
Sannsynligheten for at denne oppvarmingen skyldes naturlige klimaprosesser alene er mindre enn 5%.
Verdens temperatur vil stige med et sted mellom 1,1 og 2,9°C for det mest optimistiske utviklingsløp, og mellom 2,4 og 6,4°C for det mest pessimistiske utviklingsløp for dette århundret»

Så det er ikkje lenger kun venstresida som har fått auga opne for kor mykje menneskja øydelegg jorda, heldigvis. Kor mykje vilje det er til å gjera noko med det er derimot litt varierande, og mange av dei forsøka som er, blir fort veldig hyklerske, dobbeltmoralske og lite fungerande. Ta for eksempel EU, som har vedteki at dei skal gjera noko så radikalt som å kutta med minst 20% innan 2020, som av blant anna NRK radio blir framhaldi som eit stort steg og det eine med det andre. Det som gjer det heile ironisk, er at EU som heilskap er bygd på frihandel og har eit kvotehandelssystem som er totalt dysfunksjonelt. Pluss at eg er skeptisk til at dei, sjølv om dei har «forplikta» seg til dette kuttet, klarar og kjem til å overhalda det, og så synest eg no eigentleg ikkje det er så mykje at det gjer noko heller. Det må kuttast meir enn som så. Nokre har nemnd 80% innan 2050 for Noreg, det synest eg kan vera eit fint mål for alle land som har spydd ut CO2, NOx og anna søppel i mange år.

For at det er vi i det rike «Vesten» som står og har stått for store brorpartar av desse utsleppa, kjem vel heller ikkje som noko sjokk på nokon. Dermed er det vi som i størst grad har ansvaret for å rette opp alt igjen, og vi som bør stå i første rekke for det. Eg nemnde 80% over her, det herskar iallfall rimeleg brei semje om at det må kuttast minst 50% innan 2050. Klimapanelet anslår at 60-80% av reduksjonane kan kome frå «energiforsyning og -bruk og industriprosesser», medan resten må vi klare å rett og slett kutte. Det bør vi klare. Det trur eg folk heilt greitt kunne og ville klard, om dei hadde fått ein skikkeleg mulegheit.

Den mulegheita trur eg ikkje dei, for ikkje å seie vi, har i dag. Dei aller fleste landa i verda, og alle utsleppsverstingane, er kapitalistiske samfunn. Eit kapitalistisk samfunn er av fleire grunnar lite miljøvennleg. Det er lite demokratisk, så folk har generelt liten medverknad. Så om folk ønskjer å gjera dei drastiske endringane, eller for den saks skuld endringar i det heile tatt, er det opp til den politiske eliten å gjera dette. Og faren er, som eg allereie har nemnd, stor for at dei legg meir vekt på pengemakt enn folkemakt. Så då står vi der, då.

Dessutan er det ofte ein sterk korrelasjon mellom kapitalisme og frihandel, fri flyt generelt. Alt skal produserast der dét er billegast, fraktast dit det er billegast å pakka det, og så dit det er dyrast å selje det. Slik førar kapitalismen til unødvendig mykje transport og dermed unødvendige klimautslepp.

Men viktigare, kapitalismen føresett auka vekst. Alltid vekst, størst muleg økonomisk vekst, uavhengig av alt anna. Det som tel er økonomisk vekst. Vi ser at dette kjem i strid med det eg nemnde over, at vi må kutte. Her er kapitalismen spelt fallitt allereie i utgangspunktet. Om ein kapitalist derimot freistar å ikkje maksimera profitten, men ta anna omsyn, for eksempel vil han ikkje forureina noko særleg, vil han stadig sakke akterut til konkurrenten som er meir brutal. Etter kvart vil då vår snille «miljøvernar» bli taparen på marknaden, og konkurrenten vil ta over hans del av marknaden. Derfor er ikkje hovudproblemet at det er slemme folk som styrar dei store verksemdene, problemet er systemet.

Sjølvsagt kan vi pirka på systemet som det er i dag, med ei regulering her, ei forskrift der, ein skatt der og så vidare. Poenget er at dette ikkje vil halda i lengda. Det vil berre verre å freista redde eit søkkande skip, eller som å byte stadig nye trinn i ein rotnande stige.

«Når heile ståggån ryk, må heile ståggån vækk», syng Hans Rotmo. Og det er sant. Miljøøydeleggingane kan ikkje fjernast under kapitalismen. Vi bør, må og skal prøve, sjølvsagt, men det blir ein hard kamp.

Det tydar derimot ikkje at vi ikkje kan vinne han! Nei, gode miljøvernarar og andre kule folk, jorda kan bergast. Det krev berre heftige endringar. Til det betre.


og forresten: god jul, alle saman.

Posted in Politikk | Leave a comment

Kriget med mig själv

Det er mykje i verda som er fælsleg stygt, og dessutan finst det veldig mykje vakkert. Enkle, avkledde ord, lyden av ein finger som sklir mot ein gitarstreng medan gitaristen skiftar grep. Eg kjenner mange vakre menneske, det finst eit hav av nydelege filmar, bøker og songar, men i dag vil eg slå eit slag for fridomen som det vakraste av alt. Fyrst og fremst fordi fridom opnar for å sjå alt det andre, han er ein slags muleg katalysator for store lykkeskred. Ikkje alt laust fjell dett ned på vegen, men han som ropar får det ganske sikkert i hovudet. Fridom er nøkkelen til mange dører.

No er det straks jul og ferie og det fyrste eg skal gjere når eg kjem heim etter siste skoledag, er å leggje meg i senga og glo i taket heilt til auga mine dett ut og kroppen min er maks avspent. Eg har vokse opp med ytringsfridom, religiøs fridom, politisk fridom; Generelt er store delar av fridomen nærast heilag og blir verna både på det eine og det andre planet. Hurra for det, sjølvsagt. Eg er ikkje fattig, eg har aldri sitte i fengsel, eg har aldri blitt kidnappa og selt til ekle menn i utlandet, eg har ikkje eingong lenkja meg fast til maskinar eller anna herk frå tullingar eg er usamd med. Fridom er likevel eit aktuelt tema, sjølv for meg.

Eg er ufri. Ikkje heile tida, og ikkje fordi nokon tvinger meg til det fysisk eller med lov. Men nokre gongar er eg ufri fordi samfunnet mitt og hjernen min finn det for godt å samarbeide om å prøve å kidnappe fridomen min. Den reelle fridomen for meg. Fridom frå eksisterande og imaginære krav frå omverda og meg sjølv. Eg har ikkje greidd å slappe av utan å ha gjort alt eg burde gjort. Ein del av hjernen min er nådelaus, og det problematiske er at samfunnet generelt driv og stør han. Eg veit det godt, men det er vanskeleg å krige med seg sjølv.

Eg krev av meg sjølv at eg skal yte mitt beste. Eg vil vere reflektert, engasjert, gjere det godt på skolen, sjå fin ut, vere i form, ja, også vil eg ha fritid til å gjere det eg likar. Det har fungert i mange år. Som lita var all anna tid enn innetid eit ikkjetema. Da eg vart større gjekk det bra fordi eg i lang tid var lite sosial og dessutan flink på skolen. Eg visste at viss eg gjorde mitt beste, så vart det gjerne eit veldig godt resultat. Eg vart vant til å gjere det godt, og det kan faktisk vere litt skummelt.

Ei god venninne av meg har ofte gjentatt at mitt beste alltid er godt nok. Men når summen av mitt beste i dei tinga som er naudsynte tek meir tid per dag enn dei 16 timane eg har til rådigheit, byrjar fridomen å bli utrygg. Å vere skolesmart er på mange måtar det eg i lengst tid har fått bekrefta at eg kan. Andre folk er morosame, andre folk er flinke i idrett, andre folk er flinke sosialt.  Sjølv om eg har fått meir å gjere, har eg ikkje senka krava fordi det er ekkelt å bryte seg ut av den rolla eg har havna i.

Det eg har byrja å forstå i det siste, er at nokre gongar må eg berre drite i det likevel.  Sjølv om lærarane seier det til heile klassen, så er eg ikkje for lat, eg gjer ikkje for lite. Eg greier ikkje alt. Eg synest det er urettferdig av læreplanen og samfunnet å krevje det. Karakterane skal liksom spegle kor flink eg er i faga, men hovudsakleg seier dei noko om kor lite flink eg har vore til å ta vare på meg sjølv. Eg blir ikkje dummare om eg gjer det dårleg på ein prøve. Tala lærarane set, kan ikkje plottast inn i eit koordinatsystem for å lage ei kurve over smartheita mi frå dag til dag.

Fridom er ikkje berre å ikkje vere halde att reint fysisk, det er å forstå at ein ikkje alltid må leve opp til alle ideala ein kunne greidd å leve opp til kvar for seg. Eg har byrja å lære det av erfaring, fordi eg treng å ha eit liv. Men skolen og samfunnet terpar framleis på den same regla om at det er viktig å vere førebudd til timen, å gjere lekser, å vere engasjert, å halde seg oppdatert og opplyst, å trene, å sjå fin ut og å vere godt likt. Eg har aldri høyrt eit ord om at det kan vere øydeleggjande viss ein faktisk prøver å gjere alt dette. Den krigen er ikkje ein krig mellom samfunnsgrupper eller politiske parti, det er ein krig mellom meg og meg sjølv, og ingen kjem til for å mekle. Stort sett synest eg samfunnet ropar om meir blod.

Posted in Martas boltreplass | 1 Comment

Gladnyheita: SU og opne standardar

Den erfarne blogglesar med god hugs vil hugse at eg i juli nemnde noko om ei opne standardar-fråsegn eg fremja til landsmøtet. No på sist landsstyremøte i organisasjonen vart ho endeleg vedteki, og alle nerdehjartar i organisasjonen gleder seg.

Leslesles

Med det same vil eg nytta høvet til å oppfordra alle som har nokre tankar om korleis ein god IT-politikk bør vera å fortelja dei til meg. Anten per mail (fornamnet mitt @ domenet her), eller i kommentarfeltet. Eg sitt nemleg i den IT-politiske gruppa til SU, og vi jobbar no med å utvikle ny politikk. Vi er dermed takknemlege for alle innspel, og eg veit at mange der ute har mykje fornuftig å koma med!

(Link fiksa 20.00 11.des.)

Posted in Nerding | 2 Comments

3T – Trim, Trening, (venleiks-)Tyranni

Denne posten skal eigentleg ikkje handle om meg, men om 3T, men eg kan jo kanskje presentere meg fyrst som sist, så de slepp å blande saman mine skribleri med Mads sine forsøk på å opplyse Blogglandia eller noko. Eg heiter Marta *vinke*, og eg skriv det helst utan Planck-konstanten, for eg treng ikkje å bli stort mindre enn eg allereie er. I høgde, altså. For å sitere læraren til venninna mi: ”Napoléon var ein stor mann!”. Så det går jo an, men eg føretrekk altså Marta utan h.

Om du er av dei som synest venane dine liknar ulike dyr, eller les om pandaar på Wikipedia og meiner at det er nett som å lese om meg, så er eg òg Pixiu. I dei eldste kinesiske skriftene der pandaen er nemnt, er han nemleg omtalt under namnet pixiu. Så veit du det. Eg er nesten ein semidel av familien som held til her på sida (fram til no har det vel hovudsakleg vore Mads som har skrivi), såå eg får lov til å skrive litt innpå her eg òg! *stolt*

I dag skulle eg skrive rapport frå eigentreningsperioden min i gym. Eit av punkta eg skulle drøfte, var eventuelle uheldige sider ved trening. Det kan ein sjølvsagt seie mykje om, ein kan få skrubbsår og senestrekk og kular i hovudet, ein kan få traumar av å ha vore den som aldri greidde å hoppe over bukken på barneskolen, det stel verdifull nerdetid, you name it, men det som fekk meg til å stoppe med oppgåveskrivinga var punktet eg tenkte å skrive om overdrivi kroppsfokus. Eg stoppa fordi eg vart minna om at eg eigentleg er provosert. Eg har vore det ei stund, og kvar gong eg drar til 3T for å trene (jada, hyklerihu og hyklerihei for den late nerden i meg sin del), så blir eg ytterlegare provosert.

Til opplysning, står dei tre T’ane i ”3T” for Trim, Trening og Trivsel, men etter mi meining kunne dei gjerne droppa den siste. Korfor? Jo, her kjem poenget, grunnen til at eg let meg provosere; Spegelen i garderoben høyrar meir heime på tivoli enn i garderoben på eit treningssenter som prøver å overtyda meg om at dei vil gje meg trivsel. Spegelen er bøygd sånn at ein ser større ut i spegelen enn ein faktisk er i røynda! Det er kanskje ein liten filleting for mange, men eg blir provosert. Det er ikkje anna enn frekt og umoralsk. Jo, forresten, det er eit sleipt salstriks og særs irriterande òg.

Då vi lærte om spiseforstyrrelse på ungdomsskolen, lærte vi at ein anorektikar vil sjå eit spegelbilete som er større enn verkelegheita, noko som gjerne får personen til å prøve å slanke seg enno meir. Det er nett det same 3T gjer mot alle saman, dei gjer det altså med folk som ikkje er sjuke òg, iallfall ikkje i utgangspunktet. Vi som er så heldige at vi ikkje har spiseforstyrrelsar, ser altså ei større utgåve av oss sjølv. Kva ser då ein anorektikar? Det er skummelt å tenkje på. Korfor har dei så ein sånn spegel på 3T? Sjølvsagt vil dei at folk skal trene meir, for då unngår dei å miste kundar og dei tener meir. Og kva er vel ikkje betre motivasjon enn at ein trur ein er tjukk? Eg kan skrive under på fleire døme der eg har sett at det jammen kan gi treningsmotivasjon ein ikkje trudde ein hadde.

Det 3T (iallfall den som er her, eg veit ikkje koss det er i resten av landet) altså gjer, er å utnytte andre folk sine sjukdommar og andre sitt elende, og samstundes kan dei påverke friske folk til å utvikle slike sjukdomar òg. Det er rett og slett frekt og kynisk! Med tanke på kor mange som slit med sjølvbiletet sitt og kor mange som faktisk har alvorlege spiseforstyrrelsar, burde seriøse treningssenter som 3T halde seg for gode for sånt. Eg let meg stadig overraske over kor langt over den streken som vanleg moral og folkeskikk har trekt opp folk greier å gå berre for profitt. Venleikstyranniet kan gå i dvale nokre millennium. Eg er lei.

Posted in Martas boltreplass | Leave a comment

Afghanistan – kva bør gjerast?

Det finst menneske som trur på krig. Som trur at krig kan løyse problem, at krig er løysinga, at krig gjer noko som helst betre. At åtakskrig faktisk kan føra til noko lurt. Òg på sikt. Og at krig kan gi demokrati.

Sorry, folkens, men demokrati kan ikkje bombast på plass. Eller skytast i gong. Eitkvart folkestyre må styra seg sjølv.

Mange lang har, gong på gong, gått i den same fella; å gjera seg sjølv til ein ytre fiende, som samlar alle slags motkreftar til kamp mot ein felles fiende. Ein klassisk strategi for å få folk med seg, den der. Og den funkar! Minst like godt no som nokon gong tidlegare.

Vi ser det til fulle no i Afghanistan. I tida før NATO invaderte i 2001 var Taliban meir upopulære enn nokon gong hos det afghanske folket, og dei mista stadig truverd og oppslutnad. Eg ser jaggu ikkje bort frå at eit indre oppgjer kunne blomstra opp etter kvart.

Til trass for dette videreførte NATO den Out of area-strategien dei byrja i Serbia/Kosovo nokre år før, under orsakinga om at «dei husar Al-Qaida, terroristar og dessutan gjekk dei til åtak på oss først». Dette er verdt å sjå litt meir nøye på. Av dei nitten som kapra flya i USA 11. september 2001, var 16 av dei frå Saudi-Arabia. Saudi-Arabia var, og er framleis, ein av USA sine næraste allierte i Mellom-Austen. Ingen av kaprarane var afghanarar. Så skal eg jo sjølvsagt ikkje sjå bort frå at dei mest sannsynleg fekk trening og opplæring i grenseområdet Afghanistan-Pakistan.

Eg er sjølvsagt ingen tilhengar av verken terrorisme eller noko tilsvarande. Måten Al-Qaida og liknande organisasjonar rammar uskuldige sivile på med sin framgongsmåte, har eg liten sympati for. Dermed ønskjer eg sjølvsagt at dei skal ha minst muleg makt, og at ein sådan organisasjon skal styra færrest muleg sine liv. Dermed er eg heilt med på å svekkje deira innflytnad. Problemet, som vi heilt tydeleg har sett dei siste sju åra, er at det klarar ein ikkje med bombar.

Den einaste måten å bli kvitt terrorisme er å kvitte sei med grunnlaget for det. Det tydar at vi må sjå på kva det er som førar til at folk tyr til terrorisme. Eg trur dette i stor grad handlar om avmaktskjensle og misnøgd. Folk blir terroristar fordi dei føler at dei ikkje får gjort noko frå eller til uansett på andre måtar. Folk blir terroristar på grunn av manglande demokrati.

Derfor er det viktigaste for å hindre terrorisme demokrati. Einkvar plass med eit reelt folkestyre vil det vera mykje mindre terrorisme, er min påstand. Nok ein god grunn til å byggje demokrati. Men korleis byggjer vi demokrati? Det er jo ikkje akkurat gull og grøne skogar i store delar av verda i dag. Vel, først vil eg berre gjenta at demokrati ikkje kan krigast på plass.

Nei, greitt nok, men kva gjer vi då?

Vel, same korleis vi vrir og vendar på det, er det krig i Afghanistan. Å byggje opp eit reelt folkestyre er særs vanskeleg når ein samstundes har ein krig hengjande over seg. Det første og viktige steget må altså vera å stoppa krigen. Det ansvaret ligg på NATO. NATO starta krigen, NATO driv krigen og NATO har så absolutt ansvaret for å slutte han.

Først og fremst må vi ta inn over oss at soldatane frå å skulle vere ei løysing har vorte ein del av problemet. Så då har vi slik eg ser det to val, og vi nordmenn kan ikkje ta dei aleine: Om NATO ikkje vil endre strategien, bør vi trekkje soldatane våre ut. Som det er i dag skapar soldatane berre meir støtte til Taliban og andre fundamentalistar vi ikkje vil skal plage folk. Dermed verkar krigen direkte mot sitt formål – krigen styrkar Taliban, og sytar for at håpet om eit demokratisk, fredeleg Afghanistan stadig svekkjast.

Alternativt vel NATO å skifte strategi. Ikkje berre i ord, men òg i handling. Noko som har vori nevnt, har vori å få eit klart og tydeleg FN-mandat til humanitært arbeid og gjenoppbygging, og berre det. Det er ikkje det internasjonale samfunnet si oppgåve å krige for å stanse narkohandelen, det er uansett feil måte å gjere det på, og veit de: det verker ikkje. 93% av all verdas opium produserast i Afghanistan, og over halvparten av Afghanistan sitt brutto nasjonalprodukt kjem frå opiumet.

Ei anna unnskulding for krigen, er gjerne kvinnesituasjonen i landet. Eg er dønn, totalt einig i at kvinnekampen så absolutt må prioriterast, så vel i Afghanistan som overalt elles, men viss du skal ha meg til å tru at bombar og gevær er dei nye feministiske kampvåpena, så skal du ha lukke til. Dessutan, på same måte som folkestyre må kome frå innsida, må då òg kvinnekampen det. Sjølvsagt skal vi stø den afghanske feministiske rørsla, dei skal få all den støtta vi kan gi dei – men så mykje støtte får dei ikkje av at vi skyt dei.

Ikkje overraskande meiner eg altså at første steg definitivt må vera å stoppe krigen. Korleis?

Ein må samarbeide med alle partar, også Taliban. Sjølv om Taliban står for noko av det mest forkastelege systemet eg kan kome på, FrP sin politikk inkludert, så har dei mykje makt, og dei er mange, dei kan rimeleg lett hindra fredsprosessen om dei vil – og då er vi på bar bakke igjen. Det som trengst no, er å roe ned situasjonen i landet, få stoppa valden og rett og slett få ein våpenkvile. Først når den er på plass, når Taliban har gitt ordre til folka sine om å ikkje angripe stabiliseringsstyrkane, først då er det noko håp om å kome vidare.

Og når vi har kome dit, så bør ein setje ned ei brei regjering med representantar frå Karzai-gjengen, Nordalliansen, diverse krigsherrar og Taliban. Ein bør etter kvart få til eit val, og ein, les: Vesten, må ikkje minst bidra så det grin med å byggje opp landet etter øydeleggingane blant andre vi har påført dei.

Ut frå dette kan det bli demokrati i Afghanistan.

Posted in Politikk | Leave a comment

Lavmål – igjen

Ein ting er at Mads Larsen er ein mannssjåvinistisk dust, det er jo ikkje overraskande. Lavmål frå den kanten har eigentleg byrja å bli meir irriterande enn verkeleg provoserande – i forrige post brukte eg då òg ordet fascinerande.

Men at han faktisk får selskap av ein kommentator i den gode, gamle (tidlegare så) anstendige og stort sett gode avisa Aftenposten, det overraskar meg. Og at avisas kommentator Kathrine Aspaas klarar å lire av seg dette her, er heilt vanvittig. Eg kjennar eg blir sur, ristar på hovudet og får lyst til å leggje meg ned for å grine av det her.

«Hvorfor tilbyr ikke kvinner nok sex til å dekke menns etterspørsel? »

Kva for eit kvinnesyn er det her? Og kva for eit sexsyn skal det her førestille? Tilbod? Etterspørsel? Sex er då verkeleg ingen vare. Virrvarr, som for så vidt har skrivi bok om bl.a. temaet, har utdjupa. (Boka er knallbra, forresten. Perfekt julegåve til alle som ikkje allereie har ho).

Indregard har slakta resten av kronikken betre enn eg vil klara no. Les, nikk og bli imponert over at han klarar å halda seg så sakleg og poengtert.

Hans Jæger vrir seg i grava.

Ps: Undre og Prosalosa stillar òg opp med god slakt.

Posted in Politikk | 1 Comment

Sjølvsagt er Mads Larsen ein dust, feminisme er fridom og heia Blogglandia

Mihoe etterlysar fleire menn «som tør si at kjøp av prostituerte ikke har noe med deres seksualitet å gjøre.»

Kjøp av prostituerte har ingenting med min seksualitet å gjere. Det er, bør og skal vera sjølvsagt, men Mads Larsen og hans likesinna synest tydelegvis ikkje det. Om nokon måtte ha fått for seg at desse snakkar på vegne av menn generelt, er det heilt, totalt feil. Elles følar eg at det meste eg ville ha sagt om saka, har Mihoe og Anathema allereie sagt.

Fascinerande, dog, at dette suppehuet av ein forfattar klarar å lire av seg slikt rett etter at det har det har gått ein tidvis heftig feminisme-debatt i Bloggosfæren – ein debatt som involveret uvanleg mange flotte folk, blant andre kamikaze, Tiram, og ikkje minst saccarina, som imponerte meg. Andre bloggeheltinnar (og nokre få heltar) var òg med, Minneapolise, Virrvarr, Hjorthen, Indregard og dei to eg nemnde så vidt over, Mihoe og Anathema. Masse flotte linkar i posten hos Tiram, sett av litt tid og kos dykk med debatten, om de vil.

Mykje av debatten har så langt handla om omgrepet feminisme, og korvidt det er eit egna ord. Det er det sjølvsagt mange meiningar om – eg synest det er eit kurant omgrep som er rimeleg presist. Mange vil i staden ha alternativet likestilling, som jo eigentleg er mykje av det feminisme handlar om. Eigentleg synest eg heile omgreps-diskusjonen er totalt feilfokus og lite produktiv, men eg har no mitt å seie om han likevel. Eg synest feminisme er betre, først og framst av tre grunnar. For det første, indikerar feminisme-omgrepet at vi i dag lever i eit patriarkat, altså eit mannsdominert, mannsstyrt samfunn.

Feminisme er kamp for rettferd. I dag er makta systematisk skeivfordelt etter kjønn, og vi menn har altså mest makt, det er vi som styrar samfunnet. Det rettferdige vil jo sjølvsagt vera at det ikkje er noka skeivfordeling. Ergo inneber faktisk kamp for rettferd, feminisme, at vi menn må gi frå oss litt av samfunnsmakta – men samtidig inneber det ein kamp for fridom for kvar enkelt av oss. For det kvilar mange forventningar på meg, deg og alle vi kjennar – du er gutt, du bør (skal) vera sånn og sånn, kunne det og det og interessera deg for det og det – fordi du er mann. Feminisme er kamp for å bli kvitt desse avgrensingane i kven vi skal vera, noko som vil vera særs frigjerande for begge kjønn. Men for å kort oppsummera mitt første poeng: menn har meir makt enn kvinner. Feminisme-omgrepet er opent om dette, og ikkje forskjønnande. Det er dessutan meir presist enn det meir generelle og litt defensive «likestilling».

Samstundes kan å bruka «likestilling» i staden for «feminisme», fungera som om det er «feminisme under eit politisk korrekt namn», som er mitt andre poeng. Og det kan fungera for å svekkje vår kamp, ikkje styrka den.

Det tredje er at feminisme er noko større enn som så. Feminisme er ein lang, viktig kamp, som byggjer på ei rørsle med ei stolt og lang historie for like rettar og mulegheitar. Å skulle byta no vil vera ei diskreditering av den innsatsen våre mødre og bestemødre har kjempa fram, «gir vi opp» er det sjåvinistane som vinn. Den feministiske rørsla har ei stolt historie, ei stor framtid og fint lite å skamma seg over.

Skjønt, eg forstår jo korfor folk er skeptiske – «er vi ikkje likestilte i dag?» og brenne bh-ar-historiar førar jo fort til sånt. Eg meiner likevel denne skeptisismen i det store og heile er irrasjonell, grunnlaus og ikkje verdt bryet.

Kor står så eg i feminismesaka?

Eg er feminist. Makt er systematisk skeivfordelt i dag, vi lever i eit patriarkat kor det faktisk er lettare å vera gut enn jente, men der det samstundes leggjast kjipe, tronge rollar ned over hovudet på begge kjønn. Kampen mot kjønnsroller er ein av dei viktigaste innan feminismen, og kanskje den eg som gut isolert sett vil tene mest på – gjennom auka fridom. Fridom. Nøkkelomgrep. Feminisme er fridom.

Hold kampen oppe søstre,
for den er også vår.
Det er ikke for å måles mot
hverandre kampen står.

Vi er mange, vi er sterke og vi kan vinne. Men vi har framleis langt igjen før patriarkatet er historie – stå på, søstre og brødre!

Men om vi samler oss,
om vi forener oss,
finns det intet som kan hindre
at vi sammen når vårt mål.

Posted in Kvardagstankar, Politikk | 8 Comments

Tenesteherk

Ei sak som har opptatt og framleis opptar meg for tida, er tenestedirektivet. Her er appellen eg haldt mot det i går, rettare sagt utkastet, sjølve appellen vart veldig improvisert.

Eg har dei siste vekane vori sint, sur, forbanna og irritert både no og då. Sjølv for ein politikknerd som meg, er det ganske sjeldan, men eg synest eg har ein god grunn. Eit av dei kjipaste og verste samfunnsendringane vi har sett på lang tid, er nærmare oss enn nokon gong.

Ja, eg pratar om tenestedirektivet. Det er mange grunnar til at tenestedirektivet er kjipt, men for meg er det to veldig tungtveigande grunnar til det. Den eine er at det vil føra til sosial dumping, som igjen vil undergrava rettigheitane arbeidarbevegelsa gjennom mange år har kjempa fram. Og det vil føre til lønnsdumping, derav namnet.

Den andre store ulempa er at det innskrenkar demokratiet vårt. Der det er ueinigheit om korleis direktivet skal tolkast, har ikkje vi i Norge noko å seie. Skal vi ha noko å seie? Nei. Kan vi protestera om det får katastrofale følgjer for oss? Nei, det kan vi heller ikkje. Og sånne tilfelle vil det bli nokre av – direktivet er så ullent formulert at det får eikvar norsk lov til å verke særdeles klar, eintydig og lettforståeleg.

Hovudsakeleg av desse grunnane, har motstanden mot direktivet vori og er framleis knallsterk, både på venstresida, i Senterpartiet og Krf, i Nei til EU-leiren, og særleg i fagbevegelsa. SV og Senterpartiet har varsla dissens i regjeringa om ho ikkje går inn for veto, LO har krevd veto, og engasjementet på grasrotnivå har vori knall.

Men så er det nokon som prøvar å drepe alt engasjement og demokrati, all folkeleg innverknad. Ein av dei er statsminister Jens Stoltenberg. Han og hans lille klikk har på eigenhand overkøyrd alt interndemokrati, resten av regjeringa og fagbevegelsa, og pressa gjennom eit knapt fleirtal, som kun kan vedtas gjennom samarbeid med høgresida, altså Frp og Høgre. Det må vel vera det siste, ultimate paradoks for det partiet som ein gong var Arbeidarpartiet. Mykje til arbeidarparti, du. Og attpåtil går han ut og lovar at direktivet ikkje vil føra til sosial dumping. Det, Jens, er regelrett løgn!

Men krigen er ikkje over! Ingen har bestemt noko som helst enno, og vi skal iallfall ikkje sluta å kjempa! Denne saken har gått lengje, men den er jaggu ikkje over. Og den blir den ikkje heller, ikkje før vi har vunni!

Så eg vil avsluta med ei oppfordring til dykk. De som er LO-medlemer eller Arbeidarparti-folk. Engasjer dykk i kampen! Det er dykk som må gjera det. Verken pingla Roar Flåthen eller marknadsliberalist Stoltenberg kjem til å løfta ein finger for å berga norske arbeidarar unna tenestedirektivet. Presset må vera stort, det må vera massivt, og det må koma nedanfrå. For eit svik som det her skal dei jaggu ikkje koma unna med! Fagforbundet i Akershus har gått ut og erklært at dei ikkje vil driva valkamp for Arbeidarpartiet, men Sp, Sv og Rødt. Eg vil oppfordra LO i Trondheim til å gjera det same – Ap-styre lønnar seg ikkje lenger for arbeidarar…

Hugs det! Kampen er ikkje over, vi gir verkeleg ikkje opp, og vi skal vinna!

Posted in Politikk | Leave a comment

Dei ukjente versa

Nordmannen (kanskje betre kjent for mange, meg sjølv inkludert, som Mellom bakkar og berg) er eit finfint dikt av Ivar Aasen, og eg skulle gjerne sett at den hadde vori landets nasjonalsong.

For ein overtyda målmann som meg, er det dessutan ei språkleg njuting i tillegg til å vera tekstmessig og melodiøst flott. Derimot er dei beste versa av songen desse, som sjeldan vert nemnde, og dessutan ikkje er del av Aasens offisielle utgåve. NMU og NU nyttar dei framleis, kred til dei (oss, kan eg jo seie).

Her er dei. Les og njut.

Sud om havet han stundom laut skrida,
der var rikdom på benkjer og bord.
Men kringum såg han trældomen kvida,
og so vende han atter mot nord.

Lat no andre om storleiken kivast
lat deim bragla med rikdom og høgd
Millom kaksar eg litet kann trivast
Millom jamningar helst er eg nøgd

Lat deim hava den æra dei kunna
og sin rikdom og styrkje dertil
når då berre dei meg villa unna
og få rå om min arv som eg vil.

Posted in Musikk | 2 Comments

Det enkle, forløsende (?) spørsmålet:

Alle dere der ute som vurderer å stemme Frp, Venstre, Krf eller Høyre til neste år, jeg har ett eneste enkelt spørsmål til dere, dere vanlige, hardtarbeidende folk:

Ønsker dere å slippe å jobbe trettentimersdager eller sekstitimersuker?

I så fall bør dere tenke over partivalget på nytt – disse partiene innførte dette i 2005.

Posted in Kvardagstankar, Politikk | Leave a comment

Det kongelege norske pampemonopol

Æ veit itj æ, men kanskje ståggån e symbol
På det kongelige norske pampemonopol
Der trinn for trinn tå ståggån råtne opp kvar dag
Eller trampes sund tå trauste arbeidslag
Men ståggån han vil berre stå der han står
Og arbeidsfolk vil berre gå der dem går
Heilt te ståggån knekk i to og sei: «Hallo!
Æ skull ha vessta at æ bresta!»

Det kongelege norske pampemonopol, for nokre betre kjent som Arbeidarpartiet, er i slaget igjen. No er det snakk om at dei vil pressa gjennom EUs tenestedirektiv i Noreg – stikk i strid med kva SV, Sp, LO og AUF krev.

Og om dei framleis pressar det gjennom, bør verkeleg SV trekkje seg frå regjeringa.

Eg kjem tilbake med meir om dét skulle bli aktuelt. Men dette kan bli stygt…

Posted in Politikk | Leave a comment

Innvandring og klasse

Eg skreiv dette innlegget og sendte det rundt til ein del avisar, men verker ikkje som om nokon av dei likte det så valdsamt. Jaja.

Er vi så ulike, då?

Mange ser i dag på innvandrarane og særleg muslimane som dei som truar deira posisjon, liv og rolle i dagens Noreg. Heilt vanlege nordmenn står side om side med rikfolk og overklasse om å peike ut innvandrarane som dei som har skulda for alt som ikkje er bra, og som det store problemet. «Innvandrar» i denne tydinga er stort sett folk med bakgrunn i ikkje-vestlege land, eller foreldre med sådan. Innvandrarar «har ein heilt anna kultur enn oss» og «alle svartinger er noen sleipinger», er utsegn eg sjølv har høyrd, og dei er nok ikkje så uvanlege – i det Noreg folk kallar rasismefritt.

Her skapar ein altså eit skilje mellom «nordmenn» og «dei andre». Det blir eit bilete der ein har felles interesse med dei andre etnisk norske, og problema i samfunnet handlar om «oss» mot «innvandrarane». Mange veit å spele på dette, og nyste opp under desse fiendebileta. «Innvandrarar er late og gidd ikkje jobbe». Vel: over 3000 asylsøkjarar i Noreg har søkt om midlertidig arbeidstillating, sjølv om det er særs vanskeleg for dei å i det heile få seg ein jobb. Så det argumentet held ikkje.

Men la oss no stoppe opp og sjå litt på situasjonen. Kva ting er dei viktigaste i vanlege folk sine liv? Ein trygg plass å bu, verning, sjukehus og legevakt når ein treng det, ei god skule, ein jobb å trivast i, ungar, partnar, familie, ein god sjukeheimsplass til bestemor og så vidare – og at ein har tilgong til desse når ein treng dei utan å måtte ruinera seg for det. Dette er det vi kallar interessar, og vi ser at i mange av desse sakane kan politiske avgjerder fastslå om det blir himmel eller helvete.

La oss sjå på det same for ein innvandrar. Finn du grunn til å tru at desse avvik særleg frå dei eg nemnde over for ein vanleg nordmann? Nettopp, det er veldig mykje det same. Dei har ofte enda sterkare interesser på punkta tryggleik og familie, sidan mange ikkje-EØS-innvandrarar i Noreg kjem frå krigsherja eller utrygge land, mange har flykta og vori utsette for ting vi knapt kan forestille oss.

La oss så sjå på den same situasjonen for Rimi-Hagen eller Olav Thon. Dei kan lett leige seg eigne tryggleiksvaktar om dei føler seg utrygge, kan heilt fint betala millionar i året for å la ungane sine gå på dei beste skulene og dei tener årslønna di på ein time. Dette er folk som ikkje nyt godt av ein sterk velferdsstat og velferdsordningar som vanlege folk tener på – fordi dei er blant dei få som kan kjøpa seg desse sjølv om dei får sjansen. Vanlege folk kan i beste høve få eit dårlegare tilbod… La oss for enkelheits skuld kalle desse folka for overklassen, og vanlege folk som deg og naboen – de som jobbar i industrien, på sjukehus, i butikk, som vaskarar, i skulen og så vidare – for arbeidarklassen.

Som vi ser har arbeidarklassen og innvandrarane i mykje større grad enn arbeidarklassen og overklassen dei same interessene når vi analyserar det sånn.

Kva med i arbeidslivet, då? Der må vel du og innvandrarane ha forskjellige ønskjer og ting vi tener på? Vel, merk først at dei fleste innvandrarar arbeidar, og har heilt vanlege jobbar. Dermed blir du og Ahmed fort kolleger som arbeidarar. Kven tener så på at de på jobben får høgare lønn? Begge dykk, medan sjefen tapar. Kven tener på at de har retten til å organisera dykk og stå saman i ei fagforeining? Begge dykk, men for sjefen blir det vanskelegare. Kven tener på at det blir vanskeleg å hyra inn aust-europeiske snekkarar til å byggje barnehagar til 30 kronar timen? Du og Ahmed, for det blir lettare for dykk å fortsatt krevje ei skikkeleg løn, medan sjefen mistar superbilleg arbeidskraft, som hadde kosta han mykje mindre enn han gir dykk i løn. Byrjar vi å sjå eit mønster?

Vi har altså sett at den store motsetninga faktisk ikkje går mellom «norsk» og «ikkje-norsk», men mellom søkkrik og vanleg, det vi kallar arbeidarklasse og overklasse. Medan vanlege etniske nordmenn og innvandrarar faktisk i særs stor grad vil njute godt av det same samfunnet, har overklassen vidt andre interesser.

Denne interessemotsetninga kallast ofte for klassemotsetningar, sidan det som tener overklassen rammar arbeidararklassen negativt, og omvendt. Ut ifrå det vi ser over, går innvandrarar flest rett inn i arbeidarklassen.

Sånn er det imidlertid ikkje alle som ser det, eller vil sjå det. Overklassen vil sjølvsagt tene på at vanlege folk ser på innvandrarane som dei dei har å kjempa mot, og dei har stor eigeninteresse av å stø opp under desse haldningane. Vi ser at både politiske parti, media og overklassen byggjer opp denne falske motsetninga, som gjer at dei verkelege motsetningane vi har sett over blir gøymd bort og dyssa ned.

I dette lyset kan vi ta opp nokre tema eg ikkje har vori innom så langt. Kriminalitet, for eksempel. Det er ikkje til å kome bort frå at kriminaliteten i snitt er høgare for innvandrarar. Men her lyg tala. Om ein tek omsyn til alder, økonomi og liknande aspekt, finn ein ut at innvandrarar i praksis er like kriminelle som nordmenn i same situasjon. Dette har SSB utførleg prova. At innvandrarar er meir kriminelle enn nordmenn skuldast altså at innvandrarar i større grad er fattige, unge gutar. Tala på kriminelle blant etnisk norske som gruppe blir frykteleg vanna ut av alle bestemødrene og tantene våre. Dei er ikkje spesielt kjende for å utøve mykje grov kriminalitet.

Eit anna viktig tema er kvinnesakas stilling blant innvandrarar, eit tema som fortener eit eiget innlegg. Kort oppsummert har kvinnekampen her komi omtrent like langt som hos etniske nordmenn, kortare på nokre område og lengre på nokre, og det er framleis langt igjen – innvandrarar blir like mykje prega av det mannsdominerte samfunnet som etniske nordmenn blir. Og det er det jo nokre som tener på. Det er dei som håvar inn makt og pengar på at det er sånn.

Det er dei som seier at innvandrarane er problemet. Fordi dei tener på det.

Posted in Politikk | 5 Comments