Nordmenns forhold til hus og heim

I seria gamle skuleoppgåver eg er rimeleg nøgd med, kjem no “Nordmenns forhold til hus og heim”, som lova på nynorsk. Fare for litt overdrivingar og sånt, men noko de kan kose dykk med i påska.. :-p

«Nordmenns forhold til hus og heim»

I dag brukar me nordmenn mykje pengar på heimen vår. Me brukar det meste av fritida vår heime, og mange reknar heimen som ein del av personlegdom si, eller iallfall som eit slags bilete av honom. Difor vil me ha ein heim som er personleg, og for å oppnå det er me villige til å bruke mykje tid, krefter og pengar, noko nokre gjer i skremmande stor grad; det finst dei som nyttar all fritida si og alle pengane sine på huset sitt, på å få det så perfekt som overhovudet mogleg. Desse ofrar gjerne seg sjølve for å gjere huset betre, og for dei kan det bli ei avhengigheit på linje med for eksempel spelegalskap. Dei nyttar alt dei tenar og all tida dei kan på å pusse opp heimen sin, for som me alle veit, er det jo mykje viktigare at heimen ser bra ut enn at man sjølv har det bra, for me veit vel alle korleis det er å leve i eit hus som pussast opp. Det er måling og verktøy overalt, og alt er eit såre rot, men såpass ofrar me jo for heimen vår. Rett nok tar det gjerne så lang tid før huset er ferdig pussa opp at ein har flytta derifrå før det er ferdig, men då er jo huset i fin stand til dei som flyttar dit, då treng jo desse berre å måle litt og tilpasse det sånn at huset blir ein heim for dei.

Det er sjølvsagt berre dei mest ekstreme som er «avhengige» av å pusse opp, men det å vere oppteken av å ha ein heim ein kan vere stolt av og nøgd med er noko me finn igjen hos dei fleste nordmenn. Me er nemleg sånn at omgivnadene tyder ganske mykje av korleis me har det. Eg kjenner ikkje særleg mange som vil stortrivast med å leve på ei møkdunge, meg sjølv inkludert. Samstundes trur eg ikkje korkje eg eller nokon av mine vener ville treivst med å bu på eit gigantisk, storslått slott heller. For me nordmenn er ikkje berre sånn at me vil ha det fint rundt oss, me har også mykje jantelov i oss, Ein skal altså til ein kvar tid ha nett pussa opp og fint hus, men ein kan ikkje meine at ein har finare stove enn naboen sjølv om ein nett har pussa opp si, medan naboen framleis har den flekkete, knallgrøne sofaen og det skitne, rosa teppet frå Nille som dei enda møblane i si.

Me nordmenn er opptekne av ting. Det er viktig å ha masse ting, sjølv om ein ikkje nyttar meir enn ein brøkdel av dei. Desse tinga skal gjerne vere så dyre og utilgjengelege som mogleg, så ein kan skryte av dei, men samstundes er det haugar av ting det er forventa at finst i kvart hus, sjølv om dei fleste som eig desse tinga ikkje har nytte av dei i det heile tatt. Eg sitt no heime på rommet mitt, og eg ser mykje eg så godt som aldri nyttar, så eg vil ikkje seie at eg er så mykje betre enn alle andre. Denne materialistiske kulturen står heilt klart sterkt i Noreg, og eg synst det er skremmande kor mykje fokus me har på ting, noko som gjerne sett det mellommenneskelege i bakgrunnen. Det er ikkje så veldig koseleg når nokon ikkje kan kome og vitje deg fordi dei i staden må nytte pengane transporten og liknande kostar på å kjøpe seg ei ny bukse, sjølv om dei har sytten forskjellege bukser dei nyttar frå før.

Eit anna aspekt er at me i eitt hus i Noreg har fleire ting enn dei har i ein heil landsby i Malawi. Eg har personleg meir klede på meg no enn den gjennomsnittlege togoer eig i løpet av eit heilt liv. [Dette stemmar nok ikkje. Red.anm.] Og framleis klagar eg no og då over at eg ikkje har nok klede, og at eg treng ei ny skjorte eller eit nytt par sokkar. Dette gjer eg sjølv om eg veit at meir enn ein milliard menneske i verda lid av mangel på vatn. Den same mentaliteten finn me att i husa våre: me fyller dei med ting me strengt tatt ikkje treng, og ender opp med å ha alt mogleg rart me ikkje eingong veit kva er stående, det einaste me hugsar er at dei verka særs morosame og nyttige då me kjøpte dei, men no fattar me ikkje kvifor me kasta bort dei surt tente pengane våre på slikt tøv.

Tinga me fyller husa med kostar mykje pengar, men det gjer det og å pusse opp minst eitt rom kvart anna år. Moglegvis er det eit teikn på at me har for mykje pengar, sånn at me treng noko å bruke dei på? Ei anna forklaring kan vere perfeksjonisme, at me ikkje er nøgd før huset er heilt perfekt, akkurat sånn me vil ha det. Me vil ha den vasen der, den passar jo så fint inn i stova, prikkane på honom har jo nett same farge som den streken på lampa, og då må vi jo ha den pyntegjenstanden der også, den passar jo perfekt med vasen.

Og når me fyrst er nøgd med huset, byrjar me med hytta. Det er nemleg slik at mange nordmenn ikkje har nok med eitt hus; dei vil ha fleire. Så da kjøper dei seg ei hytte på fjellet eller ved sjøen, og har to heimar. Sidan ein som nordmann ikkje kan tru at ein er betre enn andre, så kan ein jo ikkje ha to hus, men her kan ein enkelt få til eit kompromiss: det blir nemleg greitt dersom det eine huset er ubehageleg og varsamt innreidd, så hytta ser ut som om ho vart bygd på 1930-talet og det ikkje har skjedd noko med ho sidan då. Medan huset altså skal vere nyleg pussa opp og moderne, skal hytta vere nett det motsette, og jo meir gammaldags ho er, jo betre er det. Sjølv om nordmannen har to hus, nyttar han vanlegvis berre det eine. Hytta fungerer som opphaldsstad i feriar og sjeldan noko meir. Einskilde er rett nok på hytta ei helg kvar tredje månad, men sjølv ikkje så ofte nyttar den gjennomsnittlege norske hytteeigaren sitt andre hus.

Dette er nok litt fordi huset tener fleire viktige formål for ein nordmann. Det er det om er heimen hans. Det er der han hører heime, der han kan slappe av og gjere kva han vil, det er der han har ting sånn som han vil ha dei, og det er der han brukar mesteparten av tida si, gjerne på å liggje i sofaen og glane på tv-skjermen medan han stappar i seg ein Grandiosa og drikk cola light, sidan han har høyrt at den er så mykje sunnare og betre enn vanleg cola. Heimen er der nordmannen finn tryggleik, og han tyder mykje for honom. Heimen er nemleg ein sikker sone, kor alt som er vondt er sperra ute, og han er sjølv konge; det er hans reglar som gjeld. Det er hit han heile tida lengtar; same kor bra han har det andre stader, er det heile tida betre heime, og ingen ting er som å kome heim. Ein nordmann kan kome til himmelen, og framleis lengte heim, medan han tenkjer for seg sjølv at «borte bra, men heime best». Nordmannen er rett og slett glad i heimen sin, og han har mange og sterke kjensler for honom.

Samstundes som mange sit med pengar til langt over hovudet og fleire heimar, er det fleire tusen nordmenn som sit huslause: dei har ingen heim. Desse stakkarane ofrar me sjeldan ein tanke, men det er eit faktum at fleire tusen nordmenn faktisk ikkje har nokon heim. Dette er kanskje ein tanke fleire av oss burde ha i bakhovudet når me klagar over at det har flassa av litt måling på døra eller at det er eit hakk i bordplata. Det å ha ein heim er nemleg ein så sjølvsagt ting for oss at me vanskeleg kan sjå for oss at noko anna overhovudet er mogleg, men samstundes kan ein ikkje seie at ein sjølv har det betre enn desse, sidan ein ikkje skal tru at det ein sjølv har er betre enn kva andre har.

Nordmenn er materialistiske i sitt forhold til hus og heim, som me er i forhold til alt anna også, men samstundes tillegg me heimen vår ein sjel, nærmast som om han skulle vere levande. Me er glade i honom, og me ofrar mykje for at han skal ha det bra og vere rein og pen, ja, ein kan nesten seie at me behandlar heimen vår som om han var eit kjæledyr.

Når alt kjem til alt, er nordmenn avhengige av heimen sin, akkurat som heimane er avhengige av nordmenn.

Author: Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær

Leave a Reply

Your email address will not be published.