SV sine seire i regjering

Ja, rett og slett, eg tenkte det var på tide å prøve å sy saman ei oversikt over kva for bra ting SV har fått gjennom etter to år i regjering. Partiet ga til landsmøtet i fjor ut heftet “500 seire på 500 dager” (som eg har liggjande her ein eller annan plass). Men det har jo skjedd ein god del det siste året òg, pluss at ikkje alt i det heftet er like store sigrar. Så eg lagar like godt mi eiga oversikt, eg.

  1. SV fekk Noreg ut av Irak (og var forresten òg dei einaste på Tinget som var mot krigen i utgangspunktet)
  2. Fått gjennom at all informasjon på statlige nettsidar skal vere tilgjengeleg i opne format: ODF, PDF eller HTML. (Les meir hjå Martin Bekkelund)
  3. Redda heimfallsretten (sjølv om Sp prøvar å ta på seg heile æra, sjølvsagt).
  4. Stoppa privatskular!
  5. Fått gjennom gratis læremiddel (skulebøker, men òg naudsynt utstyr) for videregåande, noko AUF har lova kvart år sidan 1991…
  6. Auka skattefrikortgrensa frå 30 til 40 000.
  7. Redusert barnehagemaksprisen med 500 kronar per månad
  8. Byggjar fleire barnehagar enn nokon gong, og no nærmar det seg full dekning
  9. Gitt kommunane 19 milliardar meir (per 2007)
  10. Gitt mykje meir til jernbanen
  11. Fått verna store delar av Trillemarka
  12. Auka bistanden til 0,98% av BNP
  13. Innføyrd etiske retningslinjar i Oljefondet
  14. Fått verna massevis av område og oppretta fleire nye nasjonalparkar (for detaljar, sjå 500 seire-heftet)
  15. Stoppa privatiseringa av velferdsstaten
  16. Gjort andre fremmedspråk på ungdomsskulen frivillig, i strid med Bondevik-gjengens ynskje om å gjere det obligatorisk. Særs flott for alle dei som er drittlei teori og ting dei “aldri vil få bruk for”.
  17. Auka permisjons-fedrekvota med ei uke (så får vi håpe det skjer enda meir med den saka no framover)
  18. Fått byggja over 600 studentboligar både i 2006 og 2008, og 414 i 2007. I 2005 under Kristin Clemet vart det byggja 314.
  19. Starta prisjusteringa av stipend og studielån igjen, noko Clemet “gløymde”. Særs fint for oss studentar, skjønt det framleis bør økast mykje.
  20. Halvert passgebyret (ingen stor sak, men kjekt likevel).
  21. Senka eigenandelstak frå 3500 til 2500 kroner.
  22. Kutta i kontanstøtta (som kanskje forsvinn heilt no, hurra)
  23. Som eit av dei fyrste landa i verda anerkjent den lovleg valte palestinske regjeringa
  24. Auka antalet kvoteflytkningar frå 1000 til 1500
  25. Fått Gahr Støre til å markere sterk norsk motstand mot rakettskjold i NATO
  26. Sletta mykje gamal gjeld som held u-landa nede
  27. Innført minst 24 timers akseptfrist på bud på bolig, for å hindre dei sjukt korte fristane ein har sett ved ein del høve
  28. Gjeninnført differensiert arbeidsgivaravgift
  29. Støtta opp under etableringa av Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare
  30. Innført krav om 40% kvinneandel i ASA-styrer
  31. Kriminalisering av horekundar er på veg
  32. Stansa Bondevik-regjeringa sitt hårreisande forslag til ny arbeidsmiljølov
  33. Trass alt begrensa Noreg sitt engasjement i krigen i Afghanistan
  34. Snart oppheva mykje av den offentlege diskrimineringa av lesbiske og homofile
  35. Sprøyta inn pengar for å redde regnskogen

Det er meir òg, eg veit det er meir, men dette burde vere ei duganes grei oppsummering. Om eg har gløymt noko, og det har eg nok, er det berre å seie ifrå.

Author: Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær

8 thoughts on “SV sine seire i regjering”

  1. Det er helt bagatellmessig alt i hop, ikke en eneste ting av betydning (bortsett det med passet), og det er latterlig å kalle det seire.

    Du har dog en fabelaktig bakgrunn på siden din.

  2. Då har vi eit særs forskjellig syn på kva som er bagatellar, ser eg.

    Hehe, eg synest bakgrunnen min er fin, eg.

  3. En flott liste! Det er alltid kjekt å holde telling på det som går riktig vei, vi har så lett for å utelukkende fokusere på det motsatte.

  4. Jeg vil protestere mot punkt 29. Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare er et initiativ igangsatt av Bjørn Venn i Buskerud fylkeskommune, sammen med en rekke andre aktører som blant annet Rådet for Drammensregionen, Høgskolen i Buskerud, Troms fylkeskommune, KS og IKT-Norge.

    FAD har bidratt med penger, akkurat som de andre aktørene, og ministeren fikk i tillegg klippe snoren. At det imidlertid er SV som har startet senteret er feil.

    Ellers fin liste, uten at jeg vil kommentere innholdet. Jeg tror det er viktig at man som regjeringsparti klarer å formidle hvilke saker man faktisk får gjennomført.

  5. Det veit nok du meir om enn eg, Martin, så all ære til dei du nemner. Kanskje “støtta opp under startinga av” er betre i tråd med røynda?

  6. «Støttet opp under startinga av» kan vi helt sikkert være enige om. 🙂

    Når det er sagt var alle stortingspartiene enige om at Friprog-senteret burde lanseres, med unntak av Frp, selvsagt.

  7. Jaja, men all den tid det skjedde under ein SV-minister, finn eg det likevel på sin plass å sjå på det som ein slags SV-siger 😛

Leave a Reply

Your email address will not be published.