Hurra for Mannspanelet!

Eg har nett lese Mannspanelet si seinaste utredning, og eg er direkte imponert. Dette er jo fantastisk! Eg vil på det sterkeste tilrå alle mine lesarar om å lese utredninga.

Eg ser og at mange kommenterar saka. Aftenposten har ein direkte horribelt dårleg artikkel om utredninga, der dei visar klart og tydeleg at dei ikkje har skjønt særleg mykje. Ein ting er at dei berre fokuserar på ein femtedel av utredninga, ein annan er at dei misforstår. Det handlar ikkje, korkje hjå Mannspanelet eller for den del mine eigne tankar om temaet, om at “menn skal slutte å vere menn” – det handlar mest om å få slutt på eit samfunnsproblem, nemleg menns vald mot kvinner, og kva som forårsakar denne. Slik formulerar panelet seg

6. Vi må se på hvilke sider ved vår kjønnede kulturelle praksiser det er vi ikke vil ta med oss videre – og hvilke måter å være menn på det er vi vil bygge fremtiden på. Mannsidealer må transformeres fra å handle om styrke, kontroll og stoiskhet, til å handle om evne til omsorg og evne til å håndtere relasjonelle utfordringer. Regjeringen kan bidra til arbeidet med dette gjennom å finansiere en landsdekkende kampanje i flere omganger, som igjen for eksempel kan knyttes opp mot Hvitt bånd- kampanjen på markeringen av farsdagen.

Eg er ikkje heilt nøgd med dette avsnittet, men om ein les resten av dokumentet i tillegg, vil det absolutt gje meir meining. La meg sitere punkt tre i same avsnitt:

Direkte hjelpearbeid med voldsutøvere viser at volden ikke bare er å betrakte som et adferdsproblem, men også en mannstypisk måte å forsøke å mestre avmaktspregede følelser og psykiske plager på.

At omtrent alt dette er ting vi i SU og SV har kjempa for lengje, er ein ting, men det kule er at Mannspanelet langt ifrå berre er SV-arar. Greit nok, det er Heikki, Audun, Per Østvold (som for øvrig er leiar i Transportarbeidarforbundet) og Akhtar Chaudry frå SV, men det er òg Unge Høgres leiar Torbjørn Røe Isaksen, Andre Oktay Dahl frå Høgre, Knut Haavik som er redaktør i Se & Hør, David Hansen frå KrF osb. Gode gamle Marvin Wiseth, òg Høgre-mann, sitt òg i panelet.

Dessutan går panelet inn for kvinneleg verneplikt, eigen familievaldslov, delt og utvida fødselspermisjon, ser på vald mot kvinner som eit samfunnsproblem, dei tar for seg “menn og inkludering” på ein kjempegod måte, dei vil ha regelmessige helseundersøkelser òg for menn, kvitte seg med kontanstøtta (!), meir praktisk retta yrkesfag og tar klart standpunkt mot reproduksjon av kjønnsstereotype rollar i skulen.

Det er jo fantastisk!

Author: Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær

3 thoughts on “Hurra for Mannspanelet!”

  1. ha! Dette låter ikke så dumt.

    Litt synn med det litt slappe forslaget om firedeling av foreldrepermisjon, da. Nå som det kan se ut som tredeling er innafor rekkevidde. Men, men. Vi kan ikke vinne alt på en gang.

  2. FYI:
    Mannspanelets konklusjoner/forslag er blitt slaktet….., hvilken verden lever du i???

  3. Elvis: eg er særs samd, men det er likevel eit stort steg i riktig retning.

    Whatever:

    Då reknar eg med du kan forklare meg kvifor, og kva det er dei har kome fram til som er så gale. Den einaste slakten eg har lest har vore frå folk som ropar om at “dei vil gjere menn til kvinnfolk” osb, “slakt” som tydeleg kjem frå folk som ikkje har lese utredninga.

    Derimot har eg frå Dagbladet, likestillingsministeren og dei fleste andre kjelder eg har sett, lese masse skryt og ikkje stort negativt.

    Og forresten tillet eg meg å vere positiv sjølv om mange andre er negative.

Leave a Reply

Your email address will not be published.