Kor er logikken, Øye?

Aps forsvarspolitiske talskvinne Signe Øye er mykje i media for tida, no seinest i samband med at Noreg vurderar å sende norske soldatar til ein FN-operasjon på Haiti.

Eg er usikker på korvidt å sende soldatar er det beste for situasjonen på Haiti, men eg vert framleis fascinert over korleis Øye argumenterar. Til dømes bør nokon fortelje ho at ein faktisk har fleirtal, og at ein ikkje treng å vere einig med opposisjonen i einkvar sak. «Vi skal være forsiktige med å trumfe gjennom en sak som hele opposisjonen er mot», seier ho til Aftenposten. Ein kan ikkje drive politikk dersom ein ikkje er samd med dei ein oftast er usamd med, altså.

Ærleg tala, er du redd for å vere ueinig med folk, bør du ikkje verte politikar.

Øye meiner «ressurssituasjonen i det norske Forsvaret og Haiti-operasjonens karakter» gjer at vi bør halde oss unna. Kor var du då vi fant ut vi skulle sende soldatar til angrepskrigen i Afghanistan, Øye? Kvifor skal vi sende soldatar i NATO-regi, men ikkje med FN? Kva med ressursbruken der, den er jo «rimeleg høg», om eg får seie det sjølv? Og kvifor i all verda er angrepskrig av betre karakter enn å skulle fungera som eit slags politi? Kor er retorikken om å «stø våre allierte» no?

Og det er denne saka ho synest er «vanskeleg».

Author: Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær

Leave a Reply

Your email address will not be published.