Den mest misforståtte og misbrukte replikken frå film nokon gong

Det er mange sitat frå filmar som får gjennomgå i ettertid, alt blir tolka, vridd og gjenfortalde på meir eller mindre rettferdig måtar. Kvar gong noko frå ein av mine favorittfilmar blir misforstått eller gjenteken på ein heilt idiotisk måte, kjennar eg at eg får litt vondt.

Stopp. Det gjeld vel eigentleg skikkeleg berre for Star Wars. Kanskje eit par filmar til, men det er jaggu ikkje mange. Men Star Wars-soga, derimot. Eg, som er ein eller annan plass mellom ateist og agnostikar, synest det er noko av det nærmaste eg kjem hellig. Difor gjer det seriøst vondt, og eg blir litt sur, kvar gong, for å sitera min ven Snorre Valen, forståsegpåere med påtatt Darth Vader-stemme sier “Luke, I am your father”.

Men einkvar som faktisk har sett filmane, veit at Vader faktisk uttalar orda på ein heilt spesiell måte, og legg trykket på ein måte som gjer replikken heilt spesiell. Han seier faktisk No, I am your father. Det er ein scene som faktisk driv filmane framover. Luke får ei skikkeleg openberring, og mykje rart skjer. Han forstår at sjølve ondskapens frontmann ikkje drepte hans far, som Obi-Wan har fortalt han, men derimot at den onde sithlorden er far hans. Luke forstår at Obi-Wan har logi for han, og dragkampen mellom godt og ondt skyt ny fart. Det er ein scene som er både vakker, ond og viktig (for så vidt ei skildring som kunne vori om heile Episode III), og som det er blasfemisk å etterlikne på ein så dårleg, uvitande og regelrett misforstått måte som så mange gjer.

Eg kjennar eg får vondt. Eg veit eg ikkje er den einaste.

Ver så snill.

Spar oss.

Author: Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær

4 thoughts on “Den mest misforståtte og misbrukte replikken frå film nokon gong”

  1. Vel… Faktisk, så seier han vel ingen av dei to du legg fram her…

    Han seier derimot: “No, I am your father” (med det deilege trykket som du påpeker).

    Sikkert berre ein skriveleif 🙂

  2. Oi. Javisst seier han no, og det visste eg jo eigentleg. Blanda veldig ihop.

    Til mitt forsvar vil eg seie at han uttalar det lågt og utydeleg, så det er lett å samanblande 😛

  3. Klart det er lett å samanblande, eg gjorde det sjølv ei god stund 😛

    (Talen til Snorre Valen er ubetaleleg, forresten. Har sett den på STV.)

Leave a Reply

Your email address will not be published.