Påsketips: Gjer inkje.

Nett no gjer det faktisk ingen verdas ting å vere forkjøla, sjølv om det er ferie. Ein kunne kanskje tenkt at det er ein keisam ting å bruke ferien på, og eg må innrømme at det var det da eg var heilt på tuppa, fekk vondt i hovudet av å reise meg og gå fem meter, og ikkje eingong orka å halde hovudet opp så eg kunne lese småtteri på msn. Men nett no går det eigentleg veldig fint. No har eg ein heilt legitim grunn til å slappe av maksimalt. Eg trengte nokre dagar på å fjerne rastløysa, den evig messande kjensla av at det heilt sikkert var noko eg burde ha gjort, at eg kasta bort tida mi, var ineffektiv. Men er ein sjuk, så er ein sjuk. Da er det lov å ta det litt med ro. Iallfall når ein har ferie.

Etter eit par dagar eg stort sett har tilbrakt i sofaen har eg innsett at det faktisk ikkje er så mykje eg treng å gjere. Det er godt. Eg skal ordne eit 2.- eller 3.utkast på romanprosjektet mitt så eg kan skrive det ut når eg byrjar på skolen igjen, skrive litt på noko anna småtteri, sånt som dette for eksempel, feire våren med venar, blomster og blåbærpai, gjere yoga, glo litt meiningslaust i taket berre fordi eg kan, planlegge litt NU-greier, og ikkje minst kose meg masse med bøker og musikk.

I dag er det Kent som vandrar ut or høgtalarane, kanelsnurrar som vankar frå kjøkkenkanten og i bokstabelen ligg det fem bøker. Eg har byrja på alle saman tidlegare, så nær som den eine som eg byrja på først i går, så eg greidde ikkje å velje ut berre ei. Det er jo fint med litt variasjon uansett. Strengt tatt er det berre fire bøker, men den eine har eg i to utgåver, ei på fransk og ei på norsk (nynorsk^^), fordi eg treng den norske utgåva som støtte på fransklæringseventyret. Det er veldig fine bøker, så eg ligg her og kosar meg glugg i hel i sofaen. Til den som er nysgjerrig, inneheld bokstabelen desse bøkene:

”Ensemble, c’est tout” av Anna Gavalda
Den norske utgåva: ”Saman er ein mindre aleine”
”Mig äger ingen” av Åsa Linderborg
”Life of Pi” av Yann Martel
“La meg synge deg stille sanger” av Linda Olsson

Mitt tips til ferien: Prøv å gjer inkje. Det er forbausande godt frå tid til anna det òg.

Posted in Martas boltreplass | Leave a comment

Han e lang, vintern – men ikke evig.

Det er særs viktig å seie hipp hurra og gjere litt stas på dei tinga og folka som tydar mykje for deg. Så slipp dei å lure. Det er vondt å ikkje kjenne seg viktig. Riktig vemmeleg å tru at ein ikkje tydar noko for nokon. I dag slår eg på tromme og hamrar laus på imaginære steikepanner og det som verre er,  for å gje ein hyllest til…

våren.

Eg vil rose han hemningslaust, takke, bukkenikkeneie, rope, gråte, applaudere vilt med bjørnelabbane:

Rett og slett vise åtgaum så det ljomar fjellimellom.

For kva skulle eg gjort utan våren? Krepert? Gått på ein vegg eller fem? Gravi meg ned i ei snøhule til hjartet mitt vart is og knustes idet leitemannskapet frå Raudekrossen stakk leitestakane sine ned i snøen for å finne meg. Kanskje eg hadde stivna midt i ein pandaballerinapiruett i eit krampaktig forsøk på å skape litt lys, litt varme, litt liv…

Så i dag vil eg gjerne få heidre tørre vegar og sol og varme og blomar og lette tøyskor.

Værsågod, våren, dette er til deg: Mi gjere-liste:

  • Hengje opp farga gardiner.
  • Koke suppe på lavendel og opne dører og vindaug på vidt gap.
  • Kviskre små, søte ord på esperanto.

Så kan alle lukte, høyre, sjå min hyllest til våren – farga gardiner, lavendel til folket.
Søte små ord og tankar til verda. Som takk for at ho gir meg vår frå tid til anna.

Posted in Martas boltreplass | Leave a comment

Likestilling av skift og turnus – endeleg!

Søstre, kameratar: gratulerar!

Dagens soleklare gladnyheit. No er ei av dei store feministiske kampsakene krona med siger!

Forresten: abre har eit glitrande innlegg om religiøse (privat)skolar i dag.

Posted in Politikk | 1 Comment

Kampanje for å få esperanto på NTNU – skriv under du òg!

I desse dagar har eg og Elias starta ein kampanje for å få esperanto som emne på NTNU. I denne samanhengen har vi starta eit opprop, og vi treng det vi kan få av støtte for å komme nokon veg. Derfor: Gjer oss ei stor teneste, skriv under du òg.

Oppropsteksten:

Vi vil ha esperanto som emne på NTNU!

Esperanto er eit språk som verkeleg høyrer heime på eit teknisk-naturvitskapleg universitet som samtidig har språklinjer.

Esperanto er eit nøytralt språk som kanskje særleg nyttast blant akademikarar. Det er enkelt å lære seg, og er følgjeleg eit språk ein faktisk kan rimeleg godt etter berre to intro-fag (det som på NTNU heiter 0501- og 0502-fag).

Dessutan er esperanto utmerka når det gjeld å lære språk. Folk som har hatt eitt år esperanto og tre år fransk kan fransk betre enn dei som har hatt berre fransk i fem år. Sånn kan faget vera eit sjakktrekk for alle som går språklinjer å ta tidleg i studiet…

Det er dessutan det mest egna språket for alle som driv med datalingvistikk, og eit ypperleg perspektivemne for alle gløshaugarar som slit litt med å finne noko som freistar.

Vi er overtydde om at NTNU utan store problem kan fylle ein klasse om dei sett opp esperanto som emne. Gi oss sjansen!

Posted in Nerding | Leave a comment

Vi kan ikkje gjera alt samtidig

Venstresida får ofte kritikk for å fokusera veldig mykje på nokre få saker (typisk Palestina), mens vi bryr oss altfor lite om andre saker (typisk Kongo). Og det er det lett å vera einig i. Det fins mange, mange viktige, store saker som folk burde hoppe på barrikadane for og demonstrere, hyle, klage og kjefte over. Berre når det gjeld land som fortener mykje meir merksemd, kan eg nemne Vest-Sahara, Kongo, Sudan(/Darfur), Somalia, Tsjetsjenia og så vidare. Det samme gjeld meir nasjonale saker – det er ikkje utan grunn det fins haugar av forskjellige interesseorganisasjonar, innretta mot anten eit tema eller ei spesiell sak.

Så er det for dei fleste av oss klart lettast å engasjera oss i eit tema vi har stor interesse for – jo større interesse, jo større er sjansen for engasjement. Samtidig, skal ein først engasjera seg i eit tema bør ein gjera det skikkeleg for at det skal monne noko – som fører til ei naturleg avgrensing av kor mange tema/saker ein kan fokusera på.

Dessutan er det sånn at folk med felles bakgrunn, livsstil, smak med meir (altså habitus) ofte engasjerar seg i mykje det samme, pluss at, det er berre å sjå det i auga, vi er langt frå så mange verken i kvinnerørsla, sosialismerørsla eller dei andre gode rørslene som vi burde ha vori. For all del, du skal ikkje kimse av oss, og vi får gjort mykje fornuftig, men vi kunne gjort mykje meir og satt fokus på fleire av dei viktige sakene om vi var dobbelt så mange.

Synes du det er ei sak som får for lite fokus? Finn ein eller annan som er einig med deg, og sett fokuset der sjølv!. Drar du i gang ein underskriftskampanje, skriv ei fråsegn, skipar til eit informasjonsmøte eller ein demonstrasjon, så stillar eg opp såframt eg kan – og det gjer mange med meg òg! (Ja, eg har vori der og gjort det sjølv. SUs IT-politikk er eit direkte resultat av mitt og Simons engasjement.)

For det er trass alt ei grense for kor mykje kvar av oss kan jobbe i rørsla – og vel så viktig, det er ei grense for kor mykje kvar og ein av oss bør jobbe. Det er meir bruk for ein i 80% over eit år enn 100% i tre veker. Ergo kan ikkje alle av oss uansett fronte alle dei viktige kampane.

Det samme gjeld sjølvsagt meg òg. Men du verda, kor glad eg er for at andre tar dei mange andre viktige kampane!

Posted in Politikk | Leave a comment

Amen

I følge Qureshi er vi alle påvirket av krigen mot terror, ikke bare muslimene som har betalt den høyeste prisen. Vi ser at europeerne har blitt indoktrinert til å tro at disse krigene har handlet om «vår levemåte», overlevelsen av «vår sivilisasjon» og for å forsvare demokratiet og ytringsfriheten, selv om krigene i realiteten er et angrep på de samme verdiene.

Heia Frontlinjer.

Posted in Politikk | Leave a comment

Til ungdommen!

Kringsatt av fiender,
Gå inn i din tid
Under en blodig storm-
Vi deg til strid
Kanskje du spør i angst
Udekket, åpen:
Hva skal jeg kjempe med
Hva er mitt våpen?

Songen som etter kvart har vorti ein del av konfirmasjons-syttande mai-osv-songrekka blant dei fleste nordmenn, Til ungdommen. Teksten er skrivi av den radikale diktar Nordahl Grieg, som ga sitt liv i kampen mot nazismen. Diktet er skrivi i 1936, under opprustnings-tida på kontinentet.

Diktet/songen fortener dog mykje meir enn den typiske folkevise-statusen. Ikkje at det er noko gale i den, men Til ungdommen er så mykje meir enn som så.

Her er ditt vern mot vold
Her er ditt sverd:
Troen på livet vårt
Menneskets verd.
For all vår fremtids skyld
Søk det og dyrk det,
Dø om du må- men:
øk det og styrk det.

«Her er ditt sverd: Troen på livet vårt» og «Dø om du må- men: øk det og styrk det». Det er ikkje snaut det her. Med andre ord: kjemp for det du trur på, til dauden om nødvendig, og hald for all del kampen fredeleg.

Stilt går granatenes
glidende bånd.
Stans deres drift mot død
Stans dem med ånd
Krig er forakt for liv
Fred er å skape
Kast dine krefter inn,
Døden skal tape.

Høyrar du, Jens? Jonas? Resten av dykk, de som sendar Noreg i krig i Afghanistan. Krig er forakt for liv, fred er å skape.

Edelt er mennesket
Jorden er rik
Finnes her nød og sult,
Skyldes det svik.
Knus det! I livets navn
Skal urett falle
Solskinn og brød og ånd
Eies av alle.

Nøkkelverset i diktet. Finnes her nød og sult, skyldes det svik. All urettvis fordeling, alle klasseskilje. Jorda er rik nok for oss alle, det er svik som det er i dag. Så kom ikkje her!

Da synker våpnene maktesløst ned.
Skaper vi menneskeverd,
skaper vi fred.
Den som med høyre arm,
Bærer en byrde
Dyr og umistelig
Kan ikke myrde.

Dette er løftet vårt
fra søster til bror:
vi vil bli gode mot
menneskenes jord.
Vi vil ta vare på skjønnheten, varmen
Som om vi bar et barn
Varsomt på armen.

*mumle,mumle*klimakrise*mumle,mumle*. Vi vil bli gode mot menneskenes jord.

Posted in Kvardagstankar, Politikk | Leave a comment

Kunsten å velje kampsaker

Senterpartiet har nettopp fronta ei uklar innskrenking av ytringsfridomen som ein viktig sak. I USA er det vanvittig viktig kva detaljert for religion politikarar har, og om dei tilhøyrar rett kirkesamfunn. Samme land har veldig mange som er absurd opptatte av at andre folk ikkje skal få ta abort, å få bære våpen døgnet rundt og at homofile ikkje skal få gifte seg.

Eksempla på sære val av kampsaker er mange. Likevel synest eg Frp er høgt oppe på lista her òg:

- I henhold til partiets vedtekter og vedtak på landsstyremøtet, er det to områder hvor det ikke er rom for et annet syn. Det dreier seg om et standpunkt mot bompengefinansiering og mot eiendomsskatt, sier gruppeleder Ståle Busch i Namsos Frp til Namdalsavisa.

Roald Korssjøen vart ekskludert frå Frp fordi han stemte for bompengar. Fantastisk.

Posted in Politikk | Leave a comment

Brannfakkel: Ja til kvotering!

Eg er blant dei som seier eit etter kvart soleklart ja til kvotering.

Av fleire grunnar, dei to viktigaste er at det funkar og at kvotering skjer for fullt allereie, berre uformelt.

Det funkar. Ingen av kvoteringsmotstandarane har hittil vori i nærleiken av å komme opp med noko som funkar like bra. Ikkje i det heile tatt. Eit eksempel: etter at loven om 40% kvinner i ASA-styra vart innføyrd i 2006, steig talet på kvinner i desse frå 17,8% i 2005, til 21% i 2006 og no til over 40%. Det var ramaskrik og høglytt klaging frå menn da Bondevik II-regjeringa vedtok dette kravet (kred til dei!), men kritikken stilna fort, og i dag er det få som hevar hovudet og klagar over at det er inkompetente kvinner i styra. Kan det vera at gutteklubben tok feil igjen?

Og dette tar meg over til mitt andre hovudpoeng: at det gjekk så greitt å finne kompetente kvinner, tydar vel på at det ikkje er mangel på kvinner som er like gode som menn? Korfor er det da så absurd skeivt med mindre dei som tilsett blir tvinga til å tilsette folk av begge kjønn?

Vel, la meg sitera kva Mina sa om saka for ei stund sidan:

Kvotering er forskjellsbehandling, man skal ansette den som er best egna, uavhengig av kjønn. I og for seg høres jo det logisk ut. Men hvordan forklarer de da at det er så mange flere mannlige toppledere enn kvinnelige? Hvis det er de med best kvalifikasjoner som velges, hvorfor er det da en så skeiv fordeling mellom kjønnene? Igjen sier man indirekte at kvinner egentlig er dårligere skikka. Det er den beste som ansettes, og det er stort sett en mann. Eller kanskje skjer dette fordi menn allerede automatisk kvoterer inn andre menn? Fordi det tradisjonelt sett er menn som har vært ledere? Fordi mange enda ikke har vendt seg til tanken om at kvinner ikke bare kan være sykepleiere, men også sjukehusdirektører?

Tanken om at menn skal styre og kvinner ikkje, eller generelt tanken om at menn skal ha mest makt, er godt innsyra i det mannsstyrte og -dominerte samfunnet vi lever i i dag. Kan det vera derfor vi kviar oss for at kvinner skal vera med og styre på lik linje?

Men det var kvotering til styrar. Alt det over gjeld i like stor grad om leiarstillingar, forresten.

Kva med «kvotering» til forskjellige studium, da?

Alle er vel i dag einige om at alle skal ha lik rett til utdanning, iallfall seier dei det. Høgresidas vilje til at utdanning skal koste pengar og vera privat, er eit klart brot med dette, men det kan vi la ligge akkurat no. Det samme med deira ønske om å halda på kjønnsrollene. Iallfall er ein samde om at begge kjønn skal ha den samme mulegheita til å komme inn på alle studium. Og det er jo fint.

Og her er vi på det klassiske høgre-venstre-skiljet, eller «Venstre-problemet», som eg ofte kallar det: den blinde trua på at like lovfesta mulegheitar er det samme som like reelle mulegheitar. Den blinde trua på at folk ikkje har forskjellig utgangspunkt. Den blinde trua på at det ikkje finst noko som heiter «press» eller «kjønnsroller».

For det er ikkje sånn at det er like lett for ei jente å søke eit datastudium som det er for meg som gut. Det er temmeleg openbart, det held å sjå på tala for det. I 2006 var 10,5% av førsteåringane på datateknikk (mitt studium) jenter, i 2008 3,6%. På det meste var det nesten ein fjerdedel jenter på studiumet…

Så det er for drøyt å seie at alle har like mulegheitar til å komme inn på alle studium. Derfor synest eg det er heilt greitt å gi ekstrapoeng til jenter som vil søke på typiske guttelinjer. Rett og slett for å vege opp. (På samme måte er eg prinsipielt for motsett veg òg, men det problemet kan eg ikkje sjå at er noko like stort…)

Forresten, kor typisk er det ikkje at majoriteten ein plass klagar over «minoriteten som får ekstra fordelar»?

Posted in Politikk | Leave a comment

Det er mogleg.

Når eg blir stor, har verda blitt ein betre stad. Når eg blir stor, har ho blitt ein betre stad på mange vis, og eg har vore ein del av den generasjonen som har vore med på å løfte ho dit. Eg skal ha vore ei av dei som gjekk i demonstrasjonstog og ei av dei som sto med banner og plakatar, eg skal vere ei av dei som aldri gav seg og som kravde og vart høyrt.

Når eg blir stor er det meir rettferd i verda, da flirar folk av at det faktisk var sånn som no, før i tida. Da er nokre av merka og buttonane eller skjerfa våre utdaterte, og vi kan ha dei i ei kiste på loftet, og når ungane mine finn dei, kan eg seie at ”Dei merka gjekk vi med på veskene og kleda våre, det skjerfet hadde eg og mor mi før meg. Det var for å vise solidaritet med folk som var undertrykte, og det var for å synleggjere haldningane våre, for å signalisere kor vi sto i kampen. Og det hjalp. Du forstår det, venen min, at då eg var ung, så var verda sånn på villspor, og det var ikkje alle som forsto alvoret, eller i det heile tatt kor vi burde vere på veg. Men vi kjempa, og vi vann.”.

Og når barnebarna mine finn den skattekista, er det så lengje sidan at eg kan tillate meg å vri litt på sanninga for å gjere eventyret betre, og for å gje dei den rette anden til å kjempe for si tid og sine problem. For det kjem jo framleis til å vere problem, men nokre av dei er løyste når eg blir stor, for det er mogleg. Eg har trua på dykk, alle dykk som er der ute og kjempar. Ikkje gje opp. For hugs at når de blir store, så har det hjulpi. Det er ei tid for håp, ei tid for kamp og ei tid for å vere stolte. Gje ho rom til å kome.

Posted in Martas boltreplass | Leave a comment

Støtta Mads Gilbert eigentleg 11. september?

VG har i dag eit tosiders intervju med Siv Jensen, som lirar av seg mykje rart og i grunn skyt meir bom enn sjølv det ho vanlegvis gjer.

Hovudbodskapen hennar handlar om lege Mads Gilbert, som saman med Erik Fosse har vori på Palestina og jobba og gjort ein kjempejobb på eit sjukehus i Gaza. Overskrifta i saka er «- Mads Gilbert støtter terror», og det verker som om ho i hovudsak byggjer denne argumentasjonen på utsegner Gilbert hadde etter terrorangrepa mot USA 11. september 2001.

Ja vel. Støtte til terrorangrep, angrep på uskuldige sivile er det jo all grunn til å vera skeptisk til, og vanskeleg å støtte. Derimot refererar VG etter dette kva som faktisk sto i den aktuelle Dagblad-artikkelen:

- Angrepet på New York kom ikke overraskende, etter den politikk Vesten har ført de siste tiårene. Jeg er opprørt over terrorangrepet, men jeg er minst like opprørt over de lidelsene som USA har skapt. Det er i en slik sammenheng 5000 døde mennesker må sees. Hvis USAs regjering har en legitim rett til å bombe og drepe sivile i Irak, har også de undertrykte en moralsk rett til å angripe USA med de våpen de måtte skape. Døde sivile er det samme enten det er amerikanere, palestinere eller irakere, sier overlege og professor Mads Gilbert.

- Støtter du et terrorangrep på USA?

Altså: for den som synest
- Terror er et dårlig våpen, men svaret er ja, innenfor den konteksten jeg har nevnt, sier Gilbert.

Men vent no litt. Kva er det eigentleg Gilbert seier her? Eg kan gjenta det han seier: Hvis USAs regjering har en legitim rett til å bombe og drepe sivile i Irak, har også de undertrykte en moralsk rett til å angripe USA med de våpen de måtte skape. Døde sivile er det samme enten det er amerikanere, palestinere eller irakere.

Kva tydar så dette? Jo, han seier at alle sivile liv er like mykje verdt, og at viss amerikanarane har rett til å drepe sivile irakarar, har òg irakarar (og andre) lov til å drepe sivile amerikanarar.

Er dette å støtte terror?

Forresten er det særs fascinerande at ho går til angrep på Gilbert for at hans skildringar er dei einaste som kjem ut frå Gaza. Det kan då verkeleg ikkje vera Gilbert sin feil at Israel nektar å sleppe inn internasjonale journalistar til Gaza. Som Norsk Journalistlag skriv: «Norsk Journalistag krever at Israel straks åpner for at utenlandske journalister får reise til Gaza for å drive fri journalistikk». Legg skulda der ho høyrer heime!

Apropos journalistar, at Jensen utan vidare får seie at Gilbert støttar Hamas, er svak journalistikk. Her ville ein kritisk journalist ha spurt kva slags grunnlag ho har for å seie dette – på den annen side klarar journalisten å skrive «[...] gikk Mads Gilbert i Dagbladet med klar støtte til tidenes mest kjente terrorangrep»…

Posted in Kvardagstankar, Politikk | 5 Comments

Snåsakaill meg her og snåsakaill meg der

Ein høyrar mas om «Snåsakailln» overalt og til eikvar tid i desse dagar. Mannen som visstnok har varme hender og kan helbreda kva det no enn skal vera utan å gjera meir enn å ta på folk.

Og av ein eller annan grunn ser folk på denne mannen som truverdig og dyktig på eit heilt anna nivå enn andre healarar. Kanskje det er fordi han ser gamal og triveleg ut, eller fordi han ikkje vil erklæra seg som healer sjølv.

Menneska har så lengje eg veit støtta seg til medisinmenn, sjamanar, trollmenn og andre liknande typar, som vi med eit fellesomgrep kan kalla healarar. Slike typar har folk stort sett lita tiltru til i dag, og dei er som oftast sett saman med spådamer og sextelefonar på reklamesidene i Dagbladet. Eg ser ingenting som skil «Snåsakailln» frå ein tilfeldig annan healer.

Derimot skal ein ikkje skriva bort all «alternativ medisin» fordi ein ikkje trur på overnaturlege ting som svevar rundt, englar og det som verre er. Nei, for eksempel akupunktur har lenge vori populært hos healarar. Etter kvart har ein funni og dokumentert dei medisinske resultata av det, og det er no på full fart inn i norske sykehus og blant fysioterapeutar.

Slik er det med all alternativ behandling. Viss det tilsynelatande funkar, testar ein det, forskar litt på det, og om det funkar, gjer ein det til ein del av det rådande paradigmet. Det vil seie, om den alternative behandlingsteknikken funkar betre eller utfyllande til den som allereie er akseptert på området, tar selvfølgelig dei kompetente, utdanna folka innan medisin, som legar og sjukepleiarar, dei i bruk.

Dersom den alternative metoden ikkje er betre eller tilførar noko til den som allereie er der, er det da heller ingen vits i han, og da kan vi like godt halde oss til det som funkar. Samtidig kan vi heller ikkje sjå bort frå at forskjellige metodar fungerar på forskjellige folk. Men dette er nok òg fagfolka klare over.

Det er på den andre sida mange som har vorti behandla av forskjellige typar healarar opp gjennom tida, og som har kjent seg mykje betre etterpå. Eg vil tru at veldig mykje av dette er takka vera placeboeffekten – altså folk blir behandla, trur på at det verker, og så verker det fordi dei trur det gjer det. Elles har nok ein del komi over metodar som legevitskapen på den tida enno ikkje hadde tatt i bruk – det er klart, når ein prøvar og prøvar, så vil ein jo sannsynlegvis etter kvart finne noko som funkar. Dette er det da muleg ein del av dagens healarar òg har gjort. I så fall kan eg ikkje sjå korfor ein ikkje skal, som eg nemnde over, teste desse «nye» teknikkane skikkeleg og eventuelt gjera dei standard.

Det vil sjølvsagt kunne gå utover deira eigne jobbar. På den andre sida vil ein healar som brukar dokumentert fungerande metodar få klart meir anerkjenning både blant meir eller mindre vanlege folk (som meg), og ikkje minst i farmasiverda. Ei sånn oppdaging vil jo vera eit medisinsk framskritt antakeleg av ganske stor art, og eg ser ikkje bort frå at det i så fall kan vanke både godt betalte og attraktive jobbar, prisar, pengar og pr med sånne dokumenterte oppdagingar.

Sjølv er eg agnostikar. Eg veit ikkje om det finst noko overnaturleg, det vera seg Gud eller folk som tilfeldigvis har fått gudeliknande evner. Uansett er det dei som trur som har ansvaret for å prova, ikkje vi som ikkje er like med å mot-prova det. På same måte som at viss eg hevdar det finst flygande grønne grisar, har ikkje du nokon sjanse i det heile tatt til å prova at eg tar feil. Det er mitt ansvar å iallfall sannsynleggjera, om ikkje prova, at eg har rett.

Det same gjeld for alle med «varme hender» eller tilsvarande. Gi meg resultat som provar at de har overnaturlege evnar, og eg skal bli fornøyd, imponert, glad og like truande som dykk. Men, som Lasse Marøen skriv:

En skikkelig utført test av Snåsamannens såkalte evner vil kunne ha ett av to utfall:

  1. Han har overnaturlige evner
  2. Han har ikke overnaturlige evner

Ved utfall nr 1 får vi fastslått det første tilfellet av overnaturlige evner som noen sinne har blitt dokumentert. Alt vi vet om virkeligheten vår må revurderes. Legevitenskapen revolusjoneres. Alle lærebøker i naturvitenskapelige fag må skrives om. Nobelpriser deles ut. James Randi står klar med en million dollar som kan doneres til en hvilken som helst veldedig organisasjon. Menneskeheten får et fremskritt innen vår kunnskap om virkeligheten som mangler sidestykke i moderne tid.

Ved utfall nr 2 får vi avslørt den snille Snåsamannen som en helt vanlig mann som lever godt på placeboeffekten.

Altså, som Lasse skriv: «Inntil han velger å la seg teste velger jeg imidlertid å forutsette at han er en svindler. Han må gjerne motbevise dette – men bevisbyrden ligger hos han.»

Posted in Kvardagstankar | 1 Comment

Vi høyrer, kameratar, at framande soldatar trampar på dykkar jord

Israel har lenge stoli meir og meir av Palestina. Heilt sidan landet vart oppretta i 1948, har dei utvida grensene sine meir og meir. Dei har stoli større og større delar av Palestina. Dagens Palestina er berre 11% av det dei var i 1967.

Dette biletet sei eigentleg det meste. Palestina 1946-2000

Dei aller, aller fleste på palestinsk side har for lengst akseptert at Israel vart danna, og anerkjenner eksistensen til staten Israel, på trass av at dette landet vart plassert der det allereie budde mange folk, og som førte til at 750 000 palestinarar måtte flykte frå sine heimar. Desse har framleis ikkje fått kome tilbake.

Derimot har kvar ein jøde rett til å «vende heim til Israel». Dei fordrivne palestinarane, derimot, som budde i landet, har ingen som helst slik rett. Mange av desse har budd i flyktningleirar i Libanon heilt sidan då, etterfølgjarane deira har aldri budd nokon eigen plass.

«Det går ikke an å bombe et folk til stillhet», sa statssekretær i Utanriksdepartementet, Raymond Johansen, i dagens Redaksjon 1. Det har han heilt rett i. Det skreiv eg meir om i Afghanistan-artikkelen min.

Derimot er det eitt perspektiv som er særs viktig, og som det av alle er ein Høgre-mann som frontar: maktperspektivet. Okkupant – okkupert. Alle som ropar på at «begge parter må besinne seg», og tilsvarande, må få opp auga for det her. Israel er den tredje største militærmakta i verda (rekna ut frå denne), medan Hamas er ein paramilitær og politisk organisasjon som brukar heimelaga rakettar som ikkje akkurat er dei mest effektive. Skal ein trekkje ein parallell her, er det NATO-Taliban som slår meg, eller USA-FNL i Vietnam. Sånn reint kampmessig, altså. Ein gerilja med stor folkeleg støtte mot ei mektig okkupantmakt som går til krig fordi dei ikkje respekterer retten eit land har til å velje si eiga regjering – paradoksalt nok kallar dei det «krig for demokrati».

For kvar demokrat er dette ei uhaldbar haldning. Eg er òg med i gjengen som ikkje likar korkje Hamas’ politiske mål eller verkemiddel, men samstundes anerkjenner eg at folk har lov til å velje andre parti enn dei eg likar. Det som derimot er litt interessant, er å sjå på korfor eit så ekstremt parti får så stor støtte blant folk. Det er særs liten tvil om at hovudgrunnen til at Hamas står så sterkt, er at dei står for og ikkje minst framstår som ein klar og tydeleg protest mot okkupasjonsmakta Israel. Og i den situasjonen palestinarar er og har vori i lenge, med eit Israel som stadig grabbar til seg meir og meir av Vestbreidda, og sultar ut og sørgar for at Gaza ikkje får forsyningar i det heile – i tillegg til at dei tar frå mange, mange palestinarar livsgrunnlaget deira – blant anna. Lista av overgrep er lang.

Då er det lett å forstå at palestinarar legg andre politiske skiljelinjer til sides og konsentrerar seg bortimot fullt og heilt om kampen mot okkupasjonsmakta. Som vi nordmenn sjølv gjorde for nokreogseksti år sidan, som bortimot alle okkuperte folk gjer. Ingenting samlar folk som ein ytre fiende. Det er i lys av dette det ein må sjå den sterke stillinga Hamas har i Palestina i dag, og det er i okkupant-okkupert-perspektivet ein må sjå situasjonen i Palestina.

Både eg og tidlegare fylkesleiar i STSU, Tine, skreiv om Palestina i Barrikade, avisa vi laga i fjor. Det er jo meir aktuelt enn nokon gong. Verdt å lesa, om eg må seie det sjølv.

Og forresten, ein ting eg vil at alle skal ha klinkande klart for seg, og eg siterar Morten Drægni: «Israel på sin side påstår at de var nødt til å angripe siden Hamas brøt våpenhvilen. Dette er helt feil. Faktum er at i løpet av den seks måneder lange våpenhvilen så har Israel brutt avtalen 193 ganger. Det har ført til 22 døde, 62 skadde og 38 kidnappede mennesker.»

Dessutan bør alle titte innom hos Ronny Kjelsberg og lesa hans fabelaktige Palestina-oppsummering.

Posted in Politikk | 1 Comment

Ei sånn ei.

Når eg blir stor, då skal eg bli ei sånn ei. Då skal eg bli ei sånn ei som går langt på skeive fortau sjølv om det er ruskevêr, utan å ta trikken, kanskje berre nokre gongar, når eg har gløymt skjerfet mitt heime. Når eg blir stor, då skal eg bli ei sånn ei som les avis på kafé, som smilar utan at folk skjønar korfor, som drikk krydderte om natta og har lilla skjerf og strikkelue. Eg skal bli ei sånn ei som går utan skor når det er varmt nok, ei sånn som går til postkassa i pyjamas, eller til butikken. Eg skal plukke hestehov langs vegen.

Når eg blir stor, skal eg bake rosinbollar med ungane mine og vere ho irriterande mora som faktisk bryr seg når ting er feil og urettferdig, og som seier ifrå heilt til alt blir rett og rettferdig att. Eg skal ha svart katt og syngje høgt sjølv om eg ikkje står i dusjen og ikkje er aleine heime. Huset mitt skal vere litt rotete, akkurat så mykje at det ikkje gjer noko. Også må det vere mange mange puter der. Eg skal ha tregolv som er måla i fine farger, også skal eg kunne sitje på dei og skrive bok.

I eit tre i hagen skal eg hengje telys i små glas, pynte meg midt i veka, men vere anonym på festar. Eg skal bli ei sånn ei som opnar døra midt på natta viss nokon ringjer på og treng nokon å prate med, ei sånn dame med bustete hår som plukkar haustlauv og spelar teater med seg sjølv. Ei sånn som lagar fingerdukker og sminkar meg som pantomimedame på søndagsmorgonar. Nokre gongar skal eg leite etter firkløver.

Eg skal ha eit eviggåande prosjekt om å få fleire bøker i bokhyllene mine enn det er stjerner på himmelen, og eg skal ha prøvd å telje dei. Eg skal fingermåle og gjere yoga i graset om sommaren. Bamsen min skal ikkje trenge å bu i ei pappeske på loftet, sjølv om eg har blitt vaksen. Eg skal hardnakka halde fast på prinsippa mine, sjølv om dei som hadde dei fordi dei trudde dei vart kulare av det då kanskje har voksi frå dei. Eg skal vere naiv nok til å tru på at ting ordnar seg. Når eg blir stor, skal eg bli ei sånn ei.

Posted in Martas boltreplass | Leave a comment

Redd verda, no

«Men rætten har vi, den har du å itj dæm, på Forra som stille kjæm»

Med nokre års mellomrom står det store miljøkampar der mykje står på spel, og miljørørsla legg heile si samla tyngde inn, ofte med «det norske oljeeventyret» som hovudmotstandar. Gasskraftverk på Skogn og Mongstad er dei nyaste eksempla, Alta-/Kautokeino-kampen for rundt tredve år sidan er kanskje kroneksempelet på saker der miljørørsla vann fram – heldigvis. Som Rotmo-fan og sånt, er eg veldig glad for det som no er Øvre Forra naturreservat.

Kampane har ofte vori steile mellom miljørørsla på den eine sida og kraftindustrien i forskjellige formar på den andre. No skjer det igjen: italienske ENI har funni olje i Goliatfeltet, som ligg i Barentshavet. Barentshavet har hittil vori skjerma for all oljeutvinning, av fleire årsaker. No ønskjer oljeindustrien å ta oljeutvinninga til eit nytt og hittil verna område, og det er det sjølvsagt mykje pengar i for dei. Og at det sjølvsagt er det einaste som tel, er jo ikkje noko sjokk.

Mange har tatt opp kampen mot utbygginga. Sånn eg ser det, er det Natur og ungdom som har stått i første rekkje. Det er fleire gode argument for å «stoppe Goliat», mellom anna at «Havområdene utenfor Finnmarkskysten er et av verdens rikeste og mest verdifulle», som NU skriv det. Samtidig veit vi at værforhalda der oppe er temmeleg heftige, noko som gjer at tradisjonell «utsleppssikring», om eg skal kalle det det, funkar dårleg. Kombinasjonen av dette gir ein lite artig situasjon.

Men det eg vil halda fram som det viktigaste og beste argumentet, er at det å opna for eit nytt oljefelt, openbart er å opna for meir oljeboring. Som igjen er fortsett, og styrka, satsing på den fossile, ikkje-fornybare, sterkt forureinande energikjelda olje. Det er på høg tid at vi i staden går den andre vegen. Byggje ned sterkt avgrensa levetid-oljenasjonen Noreg, til fordel for den fornybare energinasjonen Noreg.

Men det vil innebere nokre ting. Først og fremst vil vi måtte satsa på fornybare energikjelder, som vi har eit godt grunnlag for. Det er vanvittig kor mykje energi vi kan henta frå havvindmøller utanfor kysten, for å ta det mest openbare. Her er det eigentleg berre å køyre på – forske, byggja ut, starta. Sjølvsagt kostar det pengar å koma i gong med, men dei pengane kan vi jo berre ta frå det vi allereie brukar på olje-forsking og utbygging. Det handlar om omprioritering og vilje.

Det handlar (dessverre) òg om press og makt. Det er ingen tvil om at oljeindustrien er stor, tung, mektig og rik, og kan, som han har lang tradisjon for, leggje sterkt press på regjering og storting. Det tydar at vi treng eit desto sterkare press frå alle andre som synest miljø er viktigare enn oljeprofitt. Vi må atter vise at pengemakt pokker ikkje skal telje meir enn folkemakt!

Skjønt, synet om at Noreg må bort frå oljeavhengnaden vi er langt inne i no, bør vera både openbert og i grunn treffe breitt. Som eg allereie har nemnd fleire gongar, er olje ei fossil, ikkje-fornybar energikjelde. Dermed kan vi uansett ikkje leve på olje i noko æve, og det bør sjølv dei som «ikkje trur på» klimakrisa innsjå og kunne vera samde med. Ergo burde det at Noreg må koma seg ut av oljealderen vera ein ganske apolitisk sak…

Men for oss som ikkje er olje-religiøse, er det etter kvart stadig meir som tydar på at vi held på og køyrar jorda ad dundas. Estimata blir stadig verre, og dei aller fleste forskarar og andre med peiling blir sikrare og sikrare på at klimaendringane faktisk skjer, og at dei i stor grad skjer på grunn av menneskeleg påverknad. Mark Lynas har i boka Seks grader synleggjort kva som kjem til å sjå etter kvart som temperaturen aukar grad for grad, og det er lite koselege konsekvensar. Dessverre er det i den retninga det går i dag og kjem til å fortsetje å gå, med mindre vi gjer noko drastisk. Klimapanelet til Dei sameinte nasjonane kom fram til at

«At det skjer en oppvarming av klimasystemet er hevet over tvil.
Hoveddelen av den observerte økningen i verdens gjennomsnittstemperatur siden midten av 19-hundretallet skyldes svært sannsynlig den observerte økning av menneskeskapte drivhusgasser.
Høyere temperaturer og stigning i havnivå vil fortsette i århundrer, uavhengig av hvor mye menneskene reduserer sine utslipp.
Sannsynligheten for at denne oppvarmingen skyldes naturlige klimaprosesser alene er mindre enn 5%.
Verdens temperatur vil stige med et sted mellom 1,1 og 2,9°C for det mest optimistiske utviklingsløp, og mellom 2,4 og 6,4°C for det mest pessimistiske utviklingsløp for dette århundret»

Så det er ikkje lenger kun venstresida som har fått auga opne for kor mykje menneskja øydelegg jorda, heldigvis. Kor mykje vilje det er til å gjera noko med det er derimot litt varierande, og mange av dei forsøka som er, blir fort veldig hyklerske, dobbeltmoralske og lite fungerande. Ta for eksempel EU, som har vedteki at dei skal gjera noko så radikalt som å kutta med minst 20% innan 2020, som av blant anna NRK radio blir framhaldi som eit stort steg og det eine med det andre. Det som gjer det heile ironisk, er at EU som heilskap er bygd på frihandel og har eit kvotehandelssystem som er totalt dysfunksjonelt. Pluss at eg er skeptisk til at dei, sjølv om dei har «forplikta» seg til dette kuttet, klarar og kjem til å overhalda det, og så synest eg no eigentleg ikkje det er så mykje at det gjer noko heller. Det må kuttast meir enn som så. Nokre har nemnd 80% innan 2050 for Noreg, det synest eg kan vera eit fint mål for alle land som har spydd ut CO2, NOx og anna søppel i mange år.

For at det er vi i det rike «Vesten» som står og har stått for store brorpartar av desse utsleppa, kjem vel heller ikkje som noko sjokk på nokon. Dermed er det vi som i størst grad har ansvaret for å rette opp alt igjen, og vi som bør stå i første rekke for det. Eg nemnde 80% over her, det herskar iallfall rimeleg brei semje om at det må kuttast minst 50% innan 2050. Klimapanelet anslår at 60-80% av reduksjonane kan kome frå «energiforsyning og -bruk og industriprosesser», medan resten må vi klare å rett og slett kutte. Det bør vi klare. Det trur eg folk heilt greitt kunne og ville klard, om dei hadde fått ein skikkeleg mulegheit.

Den mulegheita trur eg ikkje dei, for ikkje å seie vi, har i dag. Dei aller fleste landa i verda, og alle utsleppsverstingane, er kapitalistiske samfunn. Eit kapitalistisk samfunn er av fleire grunnar lite miljøvennleg. Det er lite demokratisk, så folk har generelt liten medverknad. Så om folk ønskjer å gjera dei drastiske endringane, eller for den saks skuld endringar i det heile tatt, er det opp til den politiske eliten å gjera dette. Og faren er, som eg allereie har nemnd, stor for at dei legg meir vekt på pengemakt enn folkemakt. Så då står vi der, då.

Dessutan er det ofte ein sterk korrelasjon mellom kapitalisme og frihandel, fri flyt generelt. Alt skal produserast der dét er billegast, fraktast dit det er billegast å pakka det, og så dit det er dyrast å selje det. Slik førar kapitalismen til unødvendig mykje transport og dermed unødvendige klimautslepp.

Men viktigare, kapitalismen føresett auka vekst. Alltid vekst, størst muleg økonomisk vekst, uavhengig av alt anna. Det som tel er økonomisk vekst. Vi ser at dette kjem i strid med det eg nemnde over, at vi må kutte. Her er kapitalismen spelt fallitt allereie i utgangspunktet. Om ein kapitalist derimot freistar å ikkje maksimera profitten, men ta anna omsyn, for eksempel vil han ikkje forureina noko særleg, vil han stadig sakke akterut til konkurrenten som er meir brutal. Etter kvart vil då vår snille «miljøvernar» bli taparen på marknaden, og konkurrenten vil ta over hans del av marknaden. Derfor er ikkje hovudproblemet at det er slemme folk som styrar dei store verksemdene, problemet er systemet.

Sjølvsagt kan vi pirka på systemet som det er i dag, med ei regulering her, ei forskrift der, ein skatt der og så vidare. Poenget er at dette ikkje vil halda i lengda. Det vil berre verre å freista redde eit søkkande skip, eller som å byte stadig nye trinn i ein rotnande stige.

«Når heile ståggån ryk, må heile ståggån vækk», syng Hans Rotmo. Og det er sant. Miljøøydeleggingane kan ikkje fjernast under kapitalismen. Vi bør, må og skal prøve, sjølvsagt, men det blir ein hard kamp.

Det tydar derimot ikkje at vi ikkje kan vinne han! Nei, gode miljøvernarar og andre kule folk, jorda kan bergast. Det krev berre heftige endringar. Til det betre.


og forresten: god jul, alle saman.

Posted in Politikk | Leave a comment