Sjølvsagt er Mads Larsen ein dust, feminisme er fridom og heia Blogglandia

Mihoe etterlysar fleire menn “som tør si at kjøp av prostituerte ikke har noe med deres seksualitet å gjøre.”

Kjøp av prostituerte har ingenting med min seksualitet å gjere. Det er, bør og skal vera sjølvsagt, men Mads Larsen og hans likesinna synest tydelegvis ikkje det. Om nokon måtte ha fått for seg at desse snakkar på vegne av menn generelt, er det heilt, totalt feil. Elles følar eg at det meste eg ville ha sagt om saka, har Mihoe og Anathema allereie sagt.

Fascinerande, dog, at dette suppehuet av ein forfattar klarar å lire av seg slikt rett etter at det har det har gått ein tidvis heftig feminisme-debatt i Bloggosfæren – ein debatt som involveret uvanleg mange flotte folk, blant andre kamikaze, Tiram, og ikkje minst saccarina, som imponerte meg. Andre bloggeheltinnar (og nokre få heltar) var òg med, Minneapolise, Virrvarr, Hjorthen, Indregard og dei to eg nemnde så vidt over, Mihoe og Anathema. Masse flotte linkar i posten hos Tiram, sett av litt tid og kos dykk med debatten, om de vil.

Mykje av debatten har så langt handla om omgrepet feminisme, og korvidt det er eit egna ord. Det er det sjølvsagt mange meiningar om – eg synest det er eit kurant omgrep som er rimeleg presist. Mange vil i staden ha alternativet likestilling, som jo eigentleg er mykje av det feminisme handlar om. Eigentleg synest eg heile omgreps-diskusjonen er totalt feilfokus og lite produktiv, men eg har no mitt å seie om han likevel. Eg synest feminisme er betre, først og framst av tre grunnar. For det første, indikerar feminisme-omgrepet at vi i dag lever i eit patriarkat, altså eit mannsdominert, mannsstyrt samfunn.

Feminisme er kamp for rettferd. I dag er makta systematisk skeivfordelt etter kjønn, og vi menn har altså mest makt, det er vi som styrar samfunnet. Det rettferdige vil jo sjølvsagt vera at det ikkje er noka skeivfordeling. Ergo inneber faktisk kamp for rettferd, feminisme, at vi menn må gi frå oss litt av samfunnsmakta – men samtidig inneber det ein kamp for fridom for kvar enkelt av oss. For det kvilar mange forventningar på meg, deg og alle vi kjennar – du er gutt, du bør (skal) vera sånn og sånn, kunne det og det og interessera deg for det og det – fordi du er mann. Feminisme er kamp for å bli kvitt desse avgrensingane i kven vi skal vera, noko som vil vera særs frigjerande for begge kjønn. Men for å kort oppsummera mitt første poeng: menn har meir makt enn kvinner. Feminisme-omgrepet er opent om dette, og ikkje forskjønnande. Det er dessutan meir presist enn det meir generelle og litt defensive “likestilling”.

Samstundes kan å bruka “likestilling” i staden for “feminisme”, fungera som om det er “feminisme under eit politisk korrekt namn”, som er mitt andre poeng. Og det kan fungera for å svekkje vår kamp, ikkje styrka den.

Det tredje er at feminisme er noko større enn som så. Feminisme er ein lang, viktig kamp, som byggjer på ei rørsle med ei stolt og lang historie for like rettar og mulegheitar. Å skulle byta no vil vera ei diskreditering av den innsatsen våre mødre og bestemødre har kjempa fram, “gir vi opp” er det sjåvinistane som vinn. Den feministiske rørsla har ei stolt historie, ei stor framtid og fint lite å skamma seg over.

Skjønt, eg forstår jo korfor folk er skeptiske – “er vi ikkje likestilte i dag?” og brenne bh-ar-historiar førar jo fort til sånt. Eg meiner likevel denne skeptisismen i det store og heile er irrasjonell, grunnlaus og ikkje verdt bryet.

Kor står så eg i feminismesaka?

Eg er feminist. Makt er systematisk skeivfordelt i dag, vi lever i eit patriarkat kor det faktisk er lettare å vera gut enn jente, men der det samstundes leggjast kjipe, tronge rollar ned over hovudet på begge kjønn. Kampen mot kjønnsroller er ein av dei viktigaste innan feminismen, og kanskje den eg som gut isolert sett vil tene mest på – gjennom auka fridom. Fridom. Nøkkelomgrep. Feminisme er fridom.

Hold kampen oppe søstre,
for den er også vår.
Det er ikke for å måles mot
hverandre kampen står.

Vi er mange, vi er sterke og vi kan vinne. Men vi har framleis langt igjen før patriarkatet er historie – stå på, søstre og brødre!

Men om vi samler oss,
om vi forener oss,
finns det intet som kan hindre
at vi sammen når vårt mål.

Author: Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær

8 thoughts on “Sjølvsagt er Mads Larsen ein dust, feminisme er fridom og heia Blogglandia”

  1. Flott post! Jeg likte særlig:

    “vi lev i eit patriarkat kor det faktisk er lettare å vera gut enn jente, men der det samstundes leggjast kjipe, tronge rollar ned over hovudet på begge kjønn.”

    Kloke ord.

  2. Takk for koselege kommentarar, folkens.

    Ja, eg synest det er eit viktig poeng, Anathema, Feminismen er og skal vera for begge kjønn.

  3. Virrvarr stal replikken min -.- *gjenta likevel* Heia deg:D

    Eg har venta litt på den der posten. wehey, men han er jo naudsynt! At Mads Larsen tenkjer rart er jo ikkje akkurat noko nytt, men det er naudsynt likevel.

    For å… tråkke litt i feilfokusfella: no var ikkje dette språkblogging, MEN det heiter fortsatt nokA når det er snakk om hokjønnsord (til dømes feilfordeling), og “å leve” er svakt:P Veit du veit, men språknerden i meg måtte pirke likevel. (a)

    Uansett, feminisme er viktig, feminisme er smart, feminisme er fridom og rettferd og juhu, eg trur vi kan vinne denne kampen, eg:D

  4. Du sier mye jeg nikker gjenkjennende til, samtidig beskriver du mye av grunnen til at jeg ikke føler meg hjemme i feminist-begrepet.

    “Eg er feminist. Makt er systematisk skeivfordelt i dag, vi lever i eit patriarkat kor det faktisk er lettare å vera gut enn jente, men der det samstundes leggjast kjipe, tronge rollar ned over hovudet på begge kjønn.”

    Veldig enig i siste biten, men at det alltid er lettere å være mann enn kvinne er jeg ikke helt med på. Jeg mener det har mye med personlighet å gjøre. Et individ, uansett kjønn, som tilfeldigvis er født med en personlighet som er lik forventningene til kjønnet sitt vil ha det lettere enn et individ som faller utenfor denne boksen. Ikke alle ønsker makt mer enn noe annet (og jeg snakker ikke om meg selv, jeg drømmer om å bli sjef for noe stort. Men ikke alle er som meg, verken menn eller kvinner).

    Det er godt mulig jeg tar feil, men sånn jeg ser det så får vi mer ut av å jobbe mot et felles mål, enn å dele befolkningen inn i ofrene og de med urettferdig mye makt.

    Jeg mener på ingen måte at vi har full likestilling i dag, eller at vi noen gang kommer til å få det 100%. Jeg er bare mest opptatt av hvordan man best når målet. Og igjen, sånn jeg ser det så har vi kommet til et punkt hvor vi har mye muligheter til å vise vei, og i mitt hode vil det være aller mest effektivt. Jeg synes Obama har gjort mer for rasisme i USA enn anti rasister i 2008, fordi han viser hva som er mulig. Han er en man kan se opp til, et bevis på at alt er mulig. Om jeg blir sjef for en større bedrift en dag så vil det være opp til meg hvem som skal ansettet og til hvilken lønn. Jeg kan skape en mest mulig kjønnsnøytral arbeidsplass, og om andre er diskriminerende så gir det meg en fordel. Da kan jeg velge blant de aller beste kvinnene. Jeg føler at det er sånn jeg kan bidra aller mest.

    Samtidig plager det meg ikke at andre bidrar på andre måter. Man må gjøre det man selv føler vil funke.

    Du skriver veldig bra forresten. Innom for første gang, og merker jeg blir litt forelsket i teksten, selv når jeg er uenig!

    *legge til rss feed*

  5. Minneapolise: Eg trur ikkje poenget er at det -alltid- er enklare å vere gut enn jente, uansett. Sjølvsagt er det enklare å vere ei trygg jente med god sjølvtillitt som er nøgd med tilværet, forventningar som passar ho og som synest ho har det fint, enn å vere ein undertrykkt, utrygg deprimert gut som vil vere heilt annleis enn samfunnsnormane tillet. Alle er ulike og står… med ulike bein planta i ulikt jordsmonn? Tjah, uavhengig av mine spenstige beinformuleringar, så var poenget mitt iallfall at det -i grove trekk- ser ut til å vere enklare å vere gut, viss du ser bort ifrå andre faktorar som påverkar den einskilde.

  6. Oi, så koseleg å gjera deg forelska, Minnea! Takk for fine kompliment, og hjarteleg velkomen tilbake 🙂

    Eg tenkte å skriva ein kommentar til det du skriv, men Pixiu skriv mykje av det eg ville ha sagt, som eg berre kan sluta meg til. Men eg kan jo vera litt meir utfyljande:

    Eg er òg einig i at det er lettare om ein passar inn i rollane, sjølvsagt – derav rollar, men eg synest det blir for snevert å ikkje sjå at desse er annleis og vanskelegare å fylle for jenter enn gutar. Guterolla har meir makt og mykje mindre skjønnheitstyranni, blant anna. Både kjønnsroller, maktfordeling og seksualisert vald, og meir òg, er av grunnane til at eg seier det generelt er lettare å vera gut.

    Ikkje at eg tolkar deg til at du eigentleg er ueinig, men eg ville berre presisera det.

    Elles er eg stort sett einig i det meste av det du skriv, trur eg.

    “Det er godt mulig jeg tar feil, men sånn jeg ser det så får vi mer ut av å jobbe mot et felles mål, enn å dele befolkningen inn i ofrene og de med urettferdig mye makt.”

    Ja, så absolutt, og nei, så absolutt – eg er litt på ja takk, begge delar. I den tydinga at den feministiske kampen så absolutt er for begge kjønn, men vi må òg sjå at det faktisk er kjønnsmessige skeivfordelingar i dag. Akkurat som eg trur vi kjem lengst om vi, som du nemnar, brukar litt forskjellige strategiar og om alle gjer sitt på kvar sin måte

    Eg slår eit slag for deg som sjef i ei korleis som helst verksemd, forresten. Hydro, for eksempel, treng vel ein sjef med peiling snart… 😉 Og ja, eg synest det avsnittet der er kjempebra, applaus herfra!

Leave a Reply

Your email address will not be published.