Tenesteherk

Ei sak som har opptatt og framleis opptar meg for tida, er tenestedirektivet. Her er appellen eg haldt mot det i går, rettare sagt utkastet, sjølve appellen vart veldig improvisert.

Eg har dei siste vekane vori sint, sur, forbanna og irritert både no og då. Sjølv for ein politikknerd som meg, er det ganske sjeldan, men eg synest eg har ein god grunn. Eit av dei kjipaste og verste samfunnsendringane vi har sett på lang tid, er nærmare oss enn nokon gong.

Ja, eg pratar om tenestedirektivet. Det er mange grunnar til at tenestedirektivet er kjipt, men for meg er det to veldig tungtveigande grunnar til det. Den eine er at det vil føra til sosial dumping, som igjen vil undergrava rettigheitane arbeidarbevegelsa gjennom mange år har kjempa fram. Og det vil føre til lønnsdumping, derav namnet.

Den andre store ulempa er at det innskrenkar demokratiet vårt. Der det er ueinigheit om korleis direktivet skal tolkast, har ikkje vi i Norge noko å seie. Skal vi ha noko å seie? Nei. Kan vi protestera om det får katastrofale følgjer for oss? Nei, det kan vi heller ikkje. Og sånne tilfelle vil det bli nokre av – direktivet er så ullent formulert at det får eikvar norsk lov til å verke særdeles klar, eintydig og lettforståeleg.

Hovudsakeleg av desse grunnane, har motstanden mot direktivet vori og er framleis knallsterk, både på venstresida, i Senterpartiet og Krf, i Nei til EU-leiren, og særleg i fagbevegelsa. SV og Senterpartiet har varsla dissens i regjeringa om ho ikkje går inn for veto, LO har krevd veto, og engasjementet på grasrotnivå har vori knall.

Men så er det nokon som prøvar å drepe alt engasjement og demokrati, all folkeleg innverknad. Ein av dei er statsminister Jens Stoltenberg. Han og hans lille klikk har på eigenhand overkøyrd alt interndemokrati, resten av regjeringa og fagbevegelsa, og pressa gjennom eit knapt fleirtal, som kun kan vedtas gjennom samarbeid med høgresida, altså Frp og Høgre. Det må vel vera det siste, ultimate paradoks for det partiet som ein gong var Arbeidarpartiet. Mykje til arbeidarparti, du. Og attpåtil går han ut og lovar at direktivet ikkje vil føra til sosial dumping. Det, Jens, er regelrett løgn!

Men krigen er ikkje over! Ingen har bestemt noko som helst enno, og vi skal iallfall ikkje sluta å kjempa! Denne saken har gått lengje, men den er jaggu ikkje over. Og den blir den ikkje heller, ikkje før vi har vunni!

Så eg vil avsluta med ei oppfordring til dykk. De som er LO-medlemer eller Arbeidarparti-folk. Engasjer dykk i kampen! Det er dykk som må gjera det. Verken pingla Roar Flåthen eller marknadsliberalist Stoltenberg kjem til å løfta ein finger for å berga norske arbeidarar unna tenestedirektivet. Presset må vera stort, det må vera massivt, og det må koma nedanfrå. For eit svik som det her skal dei jaggu ikkje koma unna med! Fagforbundet i Akershus har gått ut og erklært at dei ikkje vil driva valkamp for Arbeidarpartiet, men Sp, Sv og Rødt. Eg vil oppfordra LO i Trondheim til å gjera det same – Ap-styre lønnar seg ikkje lenger for arbeidarar…

Hugs det! Kampen er ikkje over, vi gir verkeleg ikkje opp, og vi skal vinna!

Author: Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær

Leave a Reply

Your email address will not be published.