Redd verda, no

«Men rætten har vi, den har du å itj dæm, på Forra som stille kjæm»

Med nokre års mellomrom står det store miljøkampar der mykje står på spel, og miljørørsla legg heile si samla tyngde inn, ofte med «det norske oljeeventyret» som hovudmotstandar. Gasskraftverk på Skogn og Mongstad er dei nyaste eksempla, Alta-/Kautokeino-kampen for rundt tredve år sidan er kanskje kroneksempelet på saker der miljørørsla vann fram – heldigvis. Som Rotmo-fan og sånt, er eg veldig glad for det som no er Øvre Forra naturreservat.

Kampane har ofte vori steile mellom miljørørsla på den eine sida og kraftindustrien i forskjellige formar på den andre. No skjer det igjen: italienske ENI har funni olje i Goliatfeltet, som ligg i Barentshavet. Barentshavet har hittil vori skjerma for all oljeutvinning, av fleire årsaker. No ønskjer oljeindustrien å ta oljeutvinninga til eit nytt og hittil verna område, og det er det sjølvsagt mykje pengar i for dei. Og at det sjølvsagt er det einaste som tel, er jo ikkje noko sjokk.

Mange har tatt opp kampen mot utbygginga. Sånn eg ser det, er det Natur og ungdom som har stått i første rekkje. Det er fleire gode argument for å «stoppe Goliat», mellom anna at «Havområdene utenfor Finnmarkskysten er et av verdens rikeste og mest verdifulle», som NU skriv det. Samtidig veit vi at værforhalda der oppe er temmeleg heftige, noko som gjer at tradisjonell «utsleppssikring», om eg skal kalle det det, funkar dårleg. Kombinasjonen av dette gir ein lite artig situasjon.

Men det eg vil halda fram som det viktigaste og beste argumentet, er at det å opna for eit nytt oljefelt, openbart er å opna for meir oljeboring. Som igjen er fortsett, og styrka, satsing på den fossile, ikkje-fornybare, sterkt forureinande energikjelda olje. Det er på høg tid at vi i staden går den andre vegen. Byggje ned sterkt avgrensa levetid-oljenasjonen Noreg, til fordel for den fornybare energinasjonen Noreg.

Men det vil innebere nokre ting. Først og fremst vil vi måtte satsa på fornybare energikjelder, som vi har eit godt grunnlag for. Det er vanvittig kor mykje energi vi kan henta frå havvindmøller utanfor kysten, for å ta det mest openbare. Her er det eigentleg berre å køyre på – forske, byggja ut, starta. Sjølvsagt kostar det pengar å koma i gong med, men dei pengane kan vi jo berre ta frå det vi allereie brukar på olje-forsking og utbygging. Det handlar om omprioritering og vilje.

Det handlar (dessverre) òg om press og makt. Det er ingen tvil om at oljeindustrien er stor, tung, mektig og rik, og kan, som han har lang tradisjon for, leggje sterkt press på regjering og storting. Det tydar at vi treng eit desto sterkare press frå alle andre som synest miljø er viktigare enn oljeprofitt. Vi må atter vise at pengemakt pokker ikkje skal telje meir enn folkemakt!

Skjønt, synet om at Noreg må bort frå oljeavhengnaden vi er langt inne i no, bør vera både openbert og i grunn treffe breitt. Som eg allereie har nemnd fleire gongar, er olje ei fossil, ikkje-fornybar energikjelde. Dermed kan vi uansett ikkje leve på olje i noko æve, og det bør sjølv dei som «ikkje trur på» klimakrisa innsjå og kunne vera samde med. Ergo burde det at Noreg må koma seg ut av oljealderen vera ein ganske apolitisk sak…

Men for oss som ikkje er olje-religiøse, er det etter kvart stadig meir som tydar på at vi held på og køyrar jorda ad dundas. Estimata blir stadig verre, og dei aller fleste forskarar og andre med peiling blir sikrare og sikrare på at klimaendringane faktisk skjer, og at dei i stor grad skjer på grunn av menneskeleg påverknad. Mark Lynas har i boka Seks grader synleggjort kva som kjem til å sjå etter kvart som temperaturen aukar grad for grad, og det er lite koselege konsekvensar. Dessverre er det i den retninga det går i dag og kjem til å fortsetje å gå, med mindre vi gjer noko drastisk. Klimapanelet til Dei sameinte nasjonane kom fram til at

«At det skjer en oppvarming av klimasystemet er hevet over tvil.
Hoveddelen av den observerte økningen i verdens gjennomsnittstemperatur siden midten av 19-hundretallet skyldes svært sannsynlig den observerte økning av menneskeskapte drivhusgasser.
Høyere temperaturer og stigning i havnivå vil fortsette i århundrer, uavhengig av hvor mye menneskene reduserer sine utslipp.
Sannsynligheten for at denne oppvarmingen skyldes naturlige klimaprosesser alene er mindre enn 5%.
Verdens temperatur vil stige med et sted mellom 1,1 og 2,9°C for det mest optimistiske utviklingsløp, og mellom 2,4 og 6,4°C for det mest pessimistiske utviklingsløp for dette århundret»

Så det er ikkje lenger kun venstresida som har fått auga opne for kor mykje menneskja øydelegg jorda, heldigvis. Kor mykje vilje det er til å gjera noko med det er derimot litt varierande, og mange av dei forsøka som er, blir fort veldig hyklerske, dobbeltmoralske og lite fungerande. Ta for eksempel EU, som har vedteki at dei skal gjera noko så radikalt som å kutta med minst 20% innan 2020, som av blant anna NRK radio blir framhaldi som eit stort steg og det eine med det andre. Det som gjer det heile ironisk, er at EU som heilskap er bygd på frihandel og har eit kvotehandelssystem som er totalt dysfunksjonelt. Pluss at eg er skeptisk til at dei, sjølv om dei har «forplikta» seg til dette kuttet, klarar og kjem til å overhalda det, og så synest eg no eigentleg ikkje det er så mykje at det gjer noko heller. Det må kuttast meir enn som så. Nokre har nemnd 80% innan 2050 for Noreg, det synest eg kan vera eit fint mål for alle land som har spydd ut CO2, NOx og anna søppel i mange år.

For at det er vi i det rike «Vesten» som står og har stått for store brorpartar av desse utsleppa, kjem vel heller ikkje som noko sjokk på nokon. Dermed er det vi som i størst grad har ansvaret for å rette opp alt igjen, og vi som bør stå i første rekke for det. Eg nemnde 80% over her, det herskar iallfall rimeleg brei semje om at det må kuttast minst 50% innan 2050. Klimapanelet anslår at 60-80% av reduksjonane kan kome frå «energiforsyning og -bruk og industriprosesser», medan resten må vi klare å rett og slett kutte. Det bør vi klare. Det trur eg folk heilt greitt kunne og ville klard, om dei hadde fått ein skikkeleg mulegheit.

Den mulegheita trur eg ikkje dei, for ikkje å seie vi, har i dag. Dei aller fleste landa i verda, og alle utsleppsverstingane, er kapitalistiske samfunn. Eit kapitalistisk samfunn er av fleire grunnar lite miljøvennleg. Det er lite demokratisk, så folk har generelt liten medverknad. Så om folk ønskjer å gjera dei drastiske endringane, eller for den saks skuld endringar i det heile tatt, er det opp til den politiske eliten å gjera dette. Og faren er, som eg allereie har nemnd, stor for at dei legg meir vekt på pengemakt enn folkemakt. Så då står vi der, då.

Dessutan er det ofte ein sterk korrelasjon mellom kapitalisme og frihandel, fri flyt generelt. Alt skal produserast der dét er billegast, fraktast dit det er billegast å pakka det, og så dit det er dyrast å selje det. Slik førar kapitalismen til unødvendig mykje transport og dermed unødvendige klimautslepp.

Men viktigare, kapitalismen føresett auka vekst. Alltid vekst, størst muleg økonomisk vekst, uavhengig av alt anna. Det som tel er økonomisk vekst. Vi ser at dette kjem i strid med det eg nemnde over, at vi må kutte. Her er kapitalismen spelt fallitt allereie i utgangspunktet. Om ein kapitalist derimot freistar å ikkje maksimera profitten, men ta anna omsyn, for eksempel vil han ikkje forureina noko særleg, vil han stadig sakke akterut til konkurrenten som er meir brutal. Etter kvart vil då vår snille «miljøvernar» bli taparen på marknaden, og konkurrenten vil ta over hans del av marknaden. Derfor er ikkje hovudproblemet at det er slemme folk som styrar dei store verksemdene, problemet er systemet.

Sjølvsagt kan vi pirka på systemet som det er i dag, med ei regulering her, ei forskrift der, ein skatt der og så vidare. Poenget er at dette ikkje vil halda i lengda. Det vil berre verre å freista redde eit søkkande skip, eller som å byte stadig nye trinn i ein rotnande stige.

«Når heile ståggån ryk, må heile ståggån vækk», syng Hans Rotmo. Og det er sant. Miljøøydeleggingane kan ikkje fjernast under kapitalismen. Vi bør, må og skal prøve, sjølvsagt, men det blir ein hard kamp.

Det tydar derimot ikkje at vi ikkje kan vinne han! Nei, gode miljøvernarar og andre kule folk, jorda kan bergast. Det krev berre heftige endringar. Til det betre.


og forresten: god jul, alle saman.

Author: Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær

Leave a Reply

Your email address will not be published.