Kva er eigentleg problemet, Morgenblad?

Viss ein løgn blir gjentatt mange nok gongar, blir han sann, heitar det. Eg har allereie tatt for meg “Mads Gilbert støtter terror”, og no er det elles så anstendige Morgenbladet som kjem med rimeleg full skivebom. I ein artikkel kjem nemleg Marit K. Slotnæs med harde angrep mot Erling Fossen, Jostein Gaarder og Ali Farah, og meiner dei burde vori “beskytta mot seg selv”.

No har eg nett lesi “Guds utvalgte folk”, kronikken Gaarder fekk mykje pes for, på nytt, og eg har vanskeleg for å sjå at kritikken frå Slotnæs er rettferdig. I artikkelen legg ho utan å forklara vidare til grunn at kronikken var ein tabbe. Eller, det vil seie, ho kastar ut “antisemittisme” og 1930-talet, men det er vel òg alt.

Her les ho Gaarder på ein heilt annan måte enn det eg gjer. Der ho les antisemittisme, jødehat og kva det no enn skulle vera, les eg kruttsterk kritikk av staten Israel og sionismen, altså ” en form for jødisk nasjonalisme, som hevder at det jødiske folk utgjør en etnisk/nasjonal gruppe med rett til hele eller deler av det historiske landskapet Israel med hovedvekt på Jerusalem”. Dette, Slotnæs, er noko heilt anna enn antisemittisme.

Okai, sant skal så absolutt seiast: han kjem med nokre stygge stikk som “Vi ler beklemt av dem som fortsatt tror at floraens, faunaens og galaksenes gud har valgt seg ut et bestemt folk som sine favoritter og gitt dem morsomme steintavler, brennende busker og license to kill” og eit par til. Heldigvis er desse idiotiske stikka totalt dominert av ein sterk, kraftfull og ikkje minst veldig treffande kritikk av apartheid-Israel vi knapt har sett makan til verken før eller etter. For det er viktig å skilje kritikken av apartheidstaten Israel og sionismen frå kritikk av jødedommen og jødar som sådan. Og det aller meste av kritikken Gaarder kjem med er av den riktige typen. Resten kunne han haldi seg for god for.

Men i desse dagar har han jo meir rett enn nokon gong. Dessverre.

Author: Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær

Leave a Reply

Your email address will not be published.