Vi kan ikkje gjera alt samtidig

Venstresida får ofte kritikk for å fokusera veldig mykje på nokre få saker (typisk Palestina), mens vi bryr oss altfor lite om andre saker (typisk Kongo). Og det er det lett å vera einig i. Det fins mange, mange viktige, store saker som folk burde hoppe på barrikadane for og demonstrere, hyle, klage og kjefte over. Berre når det gjeld land som fortener mykje meir merksemd, kan eg nemne Vest-Sahara, Kongo, Sudan(/Darfur), Somalia, Tsjetsjenia og så vidare. Det samme gjeld meir nasjonale saker – det er ikkje utan grunn det fins haugar av forskjellige interesseorganisasjonar, innretta mot anten eit tema eller ei spesiell sak.

Så er det for dei fleste av oss klart lettast å engasjera oss i eit tema vi har stor interesse for – jo større interesse, jo større er sjansen for engasjement. Samtidig, skal ein først engasjera seg i eit tema bør ein gjera det skikkeleg for at det skal monne noko – som fører til ei naturleg avgrensing av kor mange tema/saker ein kan fokusera på.

Dessutan er det sånn at folk med felles bakgrunn, livsstil, smak med meir (altså habitus) ofte engasjerar seg i mykje det samme, pluss at, det er berre å sjå det i auga, vi er langt frå så mange verken i kvinnerørsla, sosialismerørsla eller dei andre gode rørslene som vi burde ha vori. For all del, du skal ikkje kimse av oss, og vi får gjort mykje fornuftig, men vi kunne gjort mykje meir og satt fokus på fleire av dei viktige sakene om vi var dobbelt så mange.

Synes du det er ei sak som får for lite fokus? Finn ein eller annan som er einig med deg, og sett fokuset der sjølv!. Drar du i gang ein underskriftskampanje, skriv ei fråsegn, skipar til eit informasjonsmøte eller ein demonstrasjon, så stillar eg opp såframt eg kan – og det gjer mange med meg òg! (Ja, eg har vori der og gjort det sjølv. SUs IT-politikk er eit direkte resultat av mitt og Simons engasjement.)

For det er trass alt ei grense for kor mykje kvar av oss kan jobbe i rørsla – og vel så viktig, det er ei grense for kor mykje kvar og ein av oss bør jobbe. Det er meir bruk for ein i 80% over eit år enn 100% i tre veker. Ergo kan ikkje alle av oss uansett fronte alle dei viktige kampane.

Det samme gjeld sjølvsagt meg òg. Men du verda, kor glad eg er for at andre tar dei mange andre viktige kampane!

Author: Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær

Leave a Reply

Your email address will not be published.