Innvandring og klasse

Eg skreiv dette innlegget og sendte det rundt til ein del avisar, men verker ikkje som om nokon av dei likte det så valdsamt. Jaja.

Er vi så ulike, då?

Mange ser i dag på innvandrarane og særleg muslimane som dei som truar deira posisjon, liv og rolle i dagens Noreg. Heilt vanlege nordmenn står side om side med rikfolk og overklasse om å peike ut innvandrarane som dei som har skulda for alt som ikkje er bra, og som det store problemet. «Innvandrar» i denne tydinga er stort sett folk med bakgrunn i ikkje-vestlege land, eller foreldre med sådan. Innvandrarar «har ein heilt anna kultur enn oss» og «alle svartinger er noen sleipinger», er utsegn eg sjølv har høyrd, og dei er nok ikkje så uvanlege – i det Noreg folk kallar rasismefritt.

Her skapar ein altså eit skilje mellom «nordmenn» og «dei andre». Det blir eit bilete der ein har felles interesse med dei andre etnisk norske, og problema i samfunnet handlar om «oss» mot «innvandrarane». Mange veit å spele på dette, og nyste opp under desse fiendebileta. «Innvandrarar er late og gidd ikkje jobbe». Vel: over 3000 asylsøkjarar i Noreg har søkt om midlertidig arbeidstillating, sjølv om det er særs vanskeleg for dei å i det heile få seg ein jobb. Så det argumentet held ikkje.

Men la oss no stoppe opp og sjå litt på situasjonen. Kva ting er dei viktigaste i vanlege folk sine liv? Ein trygg plass å bu, verning, sjukehus og legevakt når ein treng det, ei god skule, ein jobb å trivast i, ungar, partnar, familie, ein god sjukeheimsplass til bestemor og så vidare – og at ein har tilgong til desse når ein treng dei utan å måtte ruinera seg for det. Dette er det vi kallar interessar, og vi ser at i mange av desse sakane kan politiske avgjerder fastslå om det blir himmel eller helvete.

La oss sjå på det same for ein innvandrar. Finn du grunn til å tru at desse avvik særleg frå dei eg nemnde over for ein vanleg nordmann? Nettopp, det er veldig mykje det same. Dei har ofte enda sterkare interesser på punkta tryggleik og familie, sidan mange ikkje-EØS-innvandrarar i Noreg kjem frå krigsherja eller utrygge land, mange har flykta og vori utsette for ting vi knapt kan forestille oss.

La oss så sjå på den same situasjonen for Rimi-Hagen eller Olav Thon. Dei kan lett leige seg eigne tryggleiksvaktar om dei føler seg utrygge, kan heilt fint betala millionar i året for å la ungane sine gå på dei beste skulene og dei tener årslønna di på ein time. Dette er folk som ikkje nyt godt av ein sterk velferdsstat og velferdsordningar som vanlege folk tener på – fordi dei er blant dei få som kan kjøpa seg desse sjølv om dei får sjansen. Vanlege folk kan i beste høve få eit dårlegare tilbod… La oss for enkelheits skuld kalle desse folka for overklassen, og vanlege folk som deg og naboen – de som jobbar i industrien, på sjukehus, i butikk, som vaskarar, i skulen og så vidare – for arbeidarklassen.

Som vi ser har arbeidarklassen og innvandrarane i mykje større grad enn arbeidarklassen og overklassen dei same interessene når vi analyserar det sånn.

Kva med i arbeidslivet, då? Der må vel du og innvandrarane ha forskjellige ønskjer og ting vi tener på? Vel, merk først at dei fleste innvandrarar arbeidar, og har heilt vanlege jobbar. Dermed blir du og Ahmed fort kolleger som arbeidarar. Kven tener så på at de på jobben får høgare lønn? Begge dykk, medan sjefen tapar. Kven tener på at de har retten til å organisera dykk og stå saman i ei fagforeining? Begge dykk, men for sjefen blir det vanskelegare. Kven tener på at det blir vanskeleg å hyra inn aust-europeiske snekkarar til å byggje barnehagar til 30 kronar timen? Du og Ahmed, for det blir lettare for dykk å fortsatt krevje ei skikkeleg løn, medan sjefen mistar superbilleg arbeidskraft, som hadde kosta han mykje mindre enn han gir dykk i løn. Byrjar vi å sjå eit mønster?

Vi har altså sett at den store motsetninga faktisk ikkje går mellom «norsk» og «ikkje-norsk», men mellom søkkrik og vanleg, det vi kallar arbeidarklasse og overklasse. Medan vanlege etniske nordmenn og innvandrarar faktisk i særs stor grad vil njute godt av det same samfunnet, har overklassen vidt andre interesser.

Denne interessemotsetninga kallast ofte for klassemotsetningar, sidan det som tener overklassen rammar arbeidararklassen negativt, og omvendt. Ut ifrå det vi ser over, går innvandrarar flest rett inn i arbeidarklassen.

Sånn er det imidlertid ikkje alle som ser det, eller vil sjå det. Overklassen vil sjølvsagt tene på at vanlege folk ser på innvandrarane som dei dei har å kjempa mot, og dei har stor eigeninteresse av å stø opp under desse haldningane. Vi ser at både politiske parti, media og overklassen byggjer opp denne falske motsetninga, som gjer at dei verkelege motsetningane vi har sett over blir gøymd bort og dyssa ned.

I dette lyset kan vi ta opp nokre tema eg ikkje har vori innom så langt. Kriminalitet, for eksempel. Det er ikkje til å kome bort frå at kriminaliteten i snitt er høgare for innvandrarar. Men her lyg tala. Om ein tek omsyn til alder, økonomi og liknande aspekt, finn ein ut at innvandrarar i praksis er like kriminelle som nordmenn i same situasjon. Dette har SSB utførleg prova. At innvandrarar er meir kriminelle enn nordmenn skuldast altså at innvandrarar i større grad er fattige, unge gutar. Tala på kriminelle blant etnisk norske som gruppe blir frykteleg vanna ut av alle bestemødrene og tantene våre. Dei er ikkje spesielt kjende for å utøve mykje grov kriminalitet.

Eit anna viktig tema er kvinnesakas stilling blant innvandrarar, eit tema som fortener eit eiget innlegg. Kort oppsummert har kvinnekampen her komi omtrent like langt som hos etniske nordmenn, kortare på nokre område og lengre på nokre, og det er framleis langt igjen – innvandrarar blir like mykje prega av det mannsdominerte samfunnet som etniske nordmenn blir. Og det er det jo nokre som tener på. Det er dei som håvar inn makt og pengar på at det er sånn.

Det er dei som seier at innvandrarane er problemet. Fordi dei tener på det.

Author: Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær

5 thoughts on “Innvandring og klasse”

  1. Jeg synes det er urkomisk at du får innvandringsdebatten til å også dreie seg om klasse 😛

    Du har ikke belegg for å påstå at mange rike er rasister. Kom med beviser for dine påstander.

    Det eneste du klarer å lure er andre kommunister eller sosialister.

    Jeg tror faktisk at rike mennesker, dvs forretningsfolk, nettopp pga sine reiser og brede kontakter, er stort sett mer tolerante ovenfor andre kulturer og innvandrere enn det mannen i gata er.

  2. Her les du meg som fanden les bibelen. Eg har ikkje sagt at rike er rasistar, eg seier at dei tener på rasismen – det er noko heilt anna.

    Korvidt du synest det er komisk og “kven andre eg klarar å lure”, er usaklege hersketeknikkar du bør halda deg for god for.

    Du trur det, ja? Vel, okai. Eg har ikkje hevda noko anna.

  3. Ok, beklager for at jeg leste deg feil da, men jeg forstår ikke i det hele tatt denne tankegangen om at de rike tjener på rasisme..

    Men selvsagt kan de tjene på at mennesker som ikke vet nok om sine arbeidsrettigheter fra andre land, blir misbrukt og får underbetalt osv. Men dèt er da vitterlig kynisme, og burde ikke automatisk få merkelappen rasisme f.eks…

    Jeg synes faktisk ikke at det begrepet burde brukes i en slik sammenheng. Da mener jeg at det blir mer propaganda og retorikk fremfor realisme. Noe som er synd, for hovedbudskapet ditt kan jo være bra.

  4. Ja, det er vel difor eg berre nyttar rasisme-omgrepet ein gong i teksten, og heller snakkar om det eg synest er meir korrekt, nemleg “at vanlege folk ser på innvandrarane som dei dei har å kjempa mot”. Pluss at diskusjonar fort veldig sporar av rundt bruken av rasisme-omgrepet, noko eg har ønska å unngå.

    At du synest bodskapen min kan vere bra, er eg glad for 🙂

  5. Sjølvsagt er bodskapen bra! Drit i avisene, det er bra uansett. 😀

    “At vanlege folk ser på innvandrarane som dei dei har å kjempa mot” går jo veldig lett overens med “mannen i gata er mindre tolerant”, og det vil jo i så fall berre vere ein del av problemet og ei anna vinkling. Det kan kanskje vere ein.. *kremt* tankekross, at ein ikkje alltid tener på å vere som ein sjølv er. Om eg er ein rik verksemdseigar kan eg vere kjempetolerant, men eg tener fortsatt på at mannen i gata ikkje er det.

    Så alt i alt synest eg du fekk litt ufortent kritikk oppi her, bortsett frå det med at ein bør passe seg for å leggje meir mellom linjene enn det som skal vere der;)

    Men uansett… yay for meir fokus på intoleranseproblematikk! Vi treng det.

Leave a Reply

Your email address will not be published.