Innvandring og klasse

Eg skreiv dette innlegget og sendte det rundt til ein del avisar, men verker ikkje som om nokon av dei likte det så valdsamt. Jaja.

Er vi så ulike, då?

Mange ser i dag på innvandrarane og særleg muslimane som dei som truar deira posisjon, liv og rolle i dagens Noreg. Heilt vanlege nordmenn står side om side med rikfolk og overklasse om å peike ut innvandrarane som dei som har skulda for alt som ikkje er bra, og som det store problemet. «Innvandrar» i denne tydinga er stort sett folk med bakgrunn i ikkje-vestlege land, eller foreldre med sådan. Innvandrarar «har ein heilt anna kultur enn oss» og «alle svartinger er noen sleipinger», er utsegn eg sjølv har høyrd, og dei er nok ikkje så uvanlege – i det Noreg folk kallar rasismefritt.

Her skapar ein altså eit skilje mellom «nordmenn» og «dei andre». Det blir eit bilete der ein har felles interesse med dei andre etnisk norske, og problema i samfunnet handlar om «oss» mot «innvandrarane». Mange veit å spele på dette, og nyste opp under desse fiendebileta. «Innvandrarar er late og gidd ikkje jobbe». Vel: over 3000 asylsøkjarar i Noreg har søkt om midlertidig arbeidstillating, sjølv om det er særs vanskeleg for dei å i det heile få seg ein jobb. Så det argumentet held ikkje.

Men la oss no stoppe opp og sjå litt på situasjonen. Kva ting er dei viktigaste i vanlege folk sine liv? Ein trygg plass å bu, verning, sjukehus og legevakt når ein treng det, ei god skule, ein jobb å trivast i, ungar, partnar, familie, ein god sjukeheimsplass til bestemor og så vidare – og at ein har tilgong til desse når ein treng dei utan å måtte ruinera seg for det. Dette er det vi kallar interessar, og vi ser at i mange av desse sakane kan politiske avgjerder fastslå om det blir himmel eller helvete.

La oss sjå på det same for ein innvandrar. Finn du grunn til å tru at desse avvik særleg frå dei eg nemnde over for ein vanleg nordmann? Nettopp, det er veldig mykje det same. Dei har ofte enda sterkare interesser på punkta tryggleik og familie, sidan mange ikkje-EØS-innvandrarar i Noreg kjem frå krigsherja eller utrygge land, mange har flykta og vori utsette for ting vi knapt kan forestille oss.

La oss så sjå på den same situasjonen for Rimi-Hagen eller Olav Thon. Dei kan lett leige seg eigne tryggleiksvaktar om dei føler seg utrygge, kan heilt fint betala millionar i året for å la ungane sine gå på dei beste skulene og dei tener årslønna di på ein time. Dette er folk som ikkje nyt godt av ein sterk velferdsstat og velferdsordningar som vanlege folk tener på – fordi dei er blant dei få som kan kjøpa seg desse sjølv om dei får sjansen. Vanlege folk kan i beste høve få eit dårlegare tilbod… La oss for enkelheits skuld kalle desse folka for overklassen, og vanlege folk som deg og naboen – de som jobbar i industrien, på sjukehus, i butikk, som vaskarar, i skulen og så vidare – for arbeidarklassen.

Som vi ser har arbeidarklassen og innvandrarane i mykje større grad enn arbeidarklassen og overklassen dei same interessene når vi analyserar det sånn.

Kva med i arbeidslivet, då? Der må vel du og innvandrarane ha forskjellige ønskjer og ting vi tener på? Vel, merk først at dei fleste innvandrarar arbeidar, og har heilt vanlege jobbar. Dermed blir du og Ahmed fort kolleger som arbeidarar. Kven tener så på at de på jobben får høgare lønn? Begge dykk, medan sjefen tapar. Kven tener på at de har retten til å organisera dykk og stå saman i ei fagforeining? Begge dykk, men for sjefen blir det vanskelegare. Kven tener på at det blir vanskeleg å hyra inn aust-europeiske snekkarar til å byggje barnehagar til 30 kronar timen? Du og Ahmed, for det blir lettare for dykk å fortsatt krevje ei skikkeleg løn, medan sjefen mistar superbilleg arbeidskraft, som hadde kosta han mykje mindre enn han gir dykk i løn. Byrjar vi å sjå eit mønster?

Vi har altså sett at den store motsetninga faktisk ikkje går mellom «norsk» og «ikkje-norsk», men mellom søkkrik og vanleg, det vi kallar arbeidarklasse og overklasse. Medan vanlege etniske nordmenn og innvandrarar faktisk i særs stor grad vil njute godt av det same samfunnet, har overklassen vidt andre interesser.

Denne interessemotsetninga kallast ofte for klassemotsetningar, sidan det som tener overklassen rammar arbeidararklassen negativt, og omvendt. Ut ifrå det vi ser over, går innvandrarar flest rett inn i arbeidarklassen.

Sånn er det imidlertid ikkje alle som ser det, eller vil sjå det. Overklassen vil sjølvsagt tene på at vanlege folk ser på innvandrarane som dei dei har å kjempa mot, og dei har stor eigeninteresse av å stø opp under desse haldningane. Vi ser at både politiske parti, media og overklassen byggjer opp denne falske motsetninga, som gjer at dei verkelege motsetningane vi har sett over blir gøymd bort og dyssa ned.

I dette lyset kan vi ta opp nokre tema eg ikkje har vori innom så langt. Kriminalitet, for eksempel. Det er ikkje til å kome bort frå at kriminaliteten i snitt er høgare for innvandrarar. Men her lyg tala. Om ein tek omsyn til alder, økonomi og liknande aspekt, finn ein ut at innvandrarar i praksis er like kriminelle som nordmenn i same situasjon. Dette har SSB utførleg prova. At innvandrarar er meir kriminelle enn nordmenn skuldast altså at innvandrarar i større grad er fattige, unge gutar. Tala på kriminelle blant etnisk norske som gruppe blir frykteleg vanna ut av alle bestemødrene og tantene våre. Dei er ikkje spesielt kjende for å utøve mykje grov kriminalitet.

Eit anna viktig tema er kvinnesakas stilling blant innvandrarar, eit tema som fortener eit eiget innlegg. Kort oppsummert har kvinnekampen her komi omtrent like langt som hos etniske nordmenn, kortare på nokre område og lengre på nokre, og det er framleis langt igjen – innvandrarar blir like mykje prega av det mannsdominerte samfunnet som etniske nordmenn blir. Og det er det jo nokre som tener på. Det er dei som håvar inn makt og pengar på at det er sånn.

Det er dei som seier at innvandrarane er problemet. Fordi dei tener på det.

Rasismen rammar deg og meg

Vakna upp
Börja se dej omkring
Fatta mod
Så du kan säg’ till dina ungar när dom frågar dej
att du var en av dom som stod emot

Eg har skrivi mykje om innvandring, inkludering og anti-rasisme i det siste. Heilt fram til nyleg har det vori eit tema eg har sett på som “kult at nokon jobbar med, og eg stør dei, men eg synest ikkje det er så viktig”. Eg trur mykje av grunnen til dette er fokuset på enkeltsakar innan den anti-rasistiske rørsla. Obiora, Ali Farad, Hvalstad osv. Dette kan nok fungera bra for å mobilisera mange, men på meg verka det heilt omvendt.

Derimot har eg skikkeleg fått opp auga for dei store linjene i rasismen og anna framandfiendtlegskap, og det gjer meg forbanna. Kva legg eg i dette? Jo, fleire ting, men først og fremst desse to: Det splitter arbeidarklassen, og det rammar mange i mykje større grad enn eg har vori klar over. Eit ekstremt døme på det er Frps siste utspel, men det gjeld òg i meir subtil form: det gjeld på bustadsmarknaden, i jobbintervjua og generelt i livet – vi levar i eit samfunn der det å vere kvit ariar er normen og alt anna er avvik.

Idag har du arbete och lön
Imorgon så kanske du får gå
Miljonerna som svälter i världen utanför
står bara lite längre ner i samma hål

Det er sjølvsagt nokon som tenar på at det er sånn – det er alltid nokon som tenar og nokon som tapar. Dei som tenar på rasismen og skape skilje mellom vanlege folk er dei som tenar på at deira eigne folkefiendtlege interessar ikkje kjem altfor mykje fram i ljoset – John Fredriksen, Olav Thon og gjengen, og ikkje minst partia som vernar deira interesser. Såleis undergrev dei eikvart teikn til klassemedvit og “fare” for at arbeidarklassen samlar seg for å kjempa for sine interesser – i staden stridar dei mot kvarandre. Og det er det jaggu ikkje arbeidarane som tenar på…

Dom flesta går med strömmen om det går
Dom flesta vill ju helst ha lugn och ro
Men om fascismen kommer smygande tillbaks
så är det du och jag som måste stå emot

Den mest misforståtte og misbrukte replikken frå film nokon gong

Det er mange sitat frå filmar som får gjennomgå i ettertid, alt blir tolka, vridd og gjenfortalde på meir eller mindre rettferdig måtar. Kvar gong noko frå ein av mine favorittfilmar blir misforstått eller gjenteken på ein heilt idiotisk måte, kjennar eg at eg får litt vondt.

Stopp. Det gjeld vel eigentleg skikkeleg berre for Star Wars. Kanskje eit par filmar til, men det er jaggu ikkje mange. Men Star Wars-soga, derimot. Eg, som er ein eller annan plass mellom ateist og agnostikar, synest det er noko av det nærmaste eg kjem hellig. Difor gjer det seriøst vondt, og eg blir litt sur, kvar gong, for å sitera min ven Snorre Valen, forståsegpåere med påtatt Darth Vader-stemme sier “Luke, I am your father”.

Men einkvar som faktisk har sett filmane, veit at Vader faktisk uttalar orda på ein heilt spesiell måte, og legg trykket på ein måte som gjer replikken heilt spesiell. Han seier faktisk No, I am your father. Det er ein scene som faktisk driv filmane framover. Luke får ei skikkeleg openberring, og mykje rart skjer. Han forstår at sjølve ondskapens frontmann ikkje drepte hans far, som Obi-Wan har fortalt han, men derimot at den onde sithlorden er far hans. Luke forstår at Obi-Wan har logi for han, og dragkampen mellom godt og ondt skyt ny fart. Det er ein scene som er både vakker, ond og viktig (for så vidt ei skildring som kunne vori om heile Episode III), og som det er blasfemisk å etterlikne på ein så dårleg, uvitande og regelrett misforstått måte som så mange gjer.

Eg kjennar eg får vondt. Eg veit eg ikkje er den einaste.

Ver så snill.

Spar oss.

Ah

Frå eit intervju med Serj:

Q: What advice do you have for the Arab world as they continue to struggle with the issues of our time and a possible war with Iran?

A: Well, I have lots of advice politically. The thing is there is no such thing as the Arab world first and foremost. Arabs are united in the U.S. and Europe, but the goals and geo-politics of Arab nations in the Middle East are anything but united or on the same plane. This is why other powers take advantage of that rift and are able to keep the rift going. The West has created and helped keep Arab kingdoms (post-WWI) in place for its own geo-political interests.

Together those kingdoms and the West have helped put down Arab secular nationalist movements from the 50s on. This has created the need for the populace to search elsewhere for democracy and equality (Islam) in setting up an egalitarian society. The aggression against Iran by the U.S. should not be encouraged by Saudi Arabia and other Arab nations. The real war in this world is not political or religious. It’s a globalist-based class war integrating nations, cultures and religions. This is not to say there are not other reasons that people fight, of course.

Q: Do you feel that the world is on a one-way track to destruction with all the issues facing it like war, global warming, etc.?

A: It depends on what you mean by the world. Civilization is currently scientifically unsustainable based on the accelerated rate of destruction of natural resources coupled with the accelerated rate of population rise. We need to search for a new “life.”

(mi utheving). Fyren er fantastisk.

Virvel

Der det synges allsang bør det synges revolusjonære arbeidersanger. Der det synges revolusjonære arbeidsanger bør det synges Virvelstevet.

seier Samvirkelaget, og dei har så rett.

No vendar eg tilbake til meir eksamenslesing.

123-meme (eg òg)

1. Pick up the nearest book.

2. Open on page 123.

3. Find the fifth sentence.

4. Post the next three sentences.

5. Tag five people, and acknowledge who tagged you.

Tora tagga meg, så då får eg vel berre køyra på. Boka som låg nærmast meg no, i hard konkurranse med Java-murstein-læreboka, var Magnus Marsdal og Bendik Wold si Tredje venstre.

“På tv kommer samfunnet til syne som i liberalistenes drømmer: Nå er det virkelig en ansamling enkeltpersoner – en del kjendiser av politisk og annet slag, en del “vanlige mennesker”: for å orientere seg blant dem trengs ingen ting annet enn menneskekunnskap og psykologisk teft. […] Ytre venstre, som gjerne villle satt samfunnets (usynlige, upersonlige) system under debatt, kan være i ferd med å pådra seg et alvorlig kulturelt handikap. Det er høyrepopulismen alt ligger til rette for nå.”

Kven er igjen å tagge no då?

Virrvarr hadde det vori interessant å høyre frå for tida. Christian, ansjå deg tagga. Litteraturstudent Ellinor likeså. Og det får halda av tagging 😛

Kor er logikken, Øye?

Aps forsvarspolitiske talskvinne Signe Øye er mykje i media for tida, no seinest i samband med at Noreg vurderar å sende norske soldatar til ein FN-operasjon på Haiti.

Eg er usikker på korvidt å sende soldatar er det beste for situasjonen på Haiti, men eg vert framleis fascinert over korleis Øye argumenterar. Til dømes bør nokon fortelje ho at ein faktisk har fleirtal, og at ein ikkje treng å vere einig med opposisjonen i einkvar sak. «Vi skal være forsiktige med å trumfe gjennom en sak som hele opposisjonen er mot», seier ho til Aftenposten. Ein kan ikkje drive politikk dersom ein ikkje er samd med dei ein oftast er usamd med, altså.

Ærleg tala, er du redd for å vere ueinig med folk, bør du ikkje verte politikar.

Øye meiner «ressurssituasjonen i det norske Forsvaret og Haiti-operasjonens karakter» gjer at vi bør halde oss unna. Kor var du då vi fant ut vi skulle sende soldatar til angrepskrigen i Afghanistan, Øye? Kvifor skal vi sende soldatar i NATO-regi, men ikkje med FN? Kva med ressursbruken der, den er jo «rimeleg høg», om eg får seie det sjølv? Og kvifor i all verda er angrepskrig av betre karakter enn å skulle fungera som eit slags politi? Kor er retorikken om å «stø våre allierte» no?

Og det er denne saka ho synest er «vanskeleg».

NRK og Dagens Næringsliv

(Ein litt forkorta utgåve av denne er på trykk i Aftenposten i desse dagar)

NRK annonserte for ein dryg månad sidan at dei kuttar ut sin eigen økonomiske journalistikk, og heller vel å kjøpe denne frå Dagens Næringsliv.

Det er liten tvil om at DN har mange av Noregs beste journalistar, særleg innan økonomifeltet, men eg synast likevel det er ille. Dette vert mykje det same som om dei skulle overlate den politiske journalistikken til Klassekampen – som òg er ei knallbra avis med flinke folk. På same måte som Klassekampen er “venstresidas dagsavis”, er nemleg DN erklærte marknadsliberalistar. Wikipedia seier det slik:

Dagens Næringsliv har en klar politisk profil. Den forsvarer som oftest markedsøkonomiske fremfor politiske løsninger, og kan karakteriseres som liberalistisk. På lederplass har den flere ganger oppfordret sine lesere om å stemme Høyre.

Økonomi har hjå mange og på mange felt vorti sett på som “upolitisk”, som om det ikkje er politisk i det heile. Dette skiljet mellom økonomi og dei andre politiske felta er feil, falskt og fordummande. Ærleg tala, den største og viktigaste forskjellen mellom SV og Frp er synet på det økonomiske systemet.

Med det i minnet synest eg det er synd at NRK heng seg på denne trenden. Statskringskastinga skal jo i vere rimeleg uavhengig og nøytral, og produsera nyhende som ikkje stør bestemde aktørar eller retningar. Dette tek dei no eit langt og alvorleg steg vekkifrå. Diverre.

Støtt blogg-til-blogg-kampanjen

Verdens øyne er i forbindelse med Beijing-lekene vendt mot Kina og de systematiske overgrepene som blir begått av landets egne myndigheter, denne flombelysningen av de blodige forholdene kan vi nå utnytte til fulle.

Dette er en oppfordring til alle som har en blogg og til alle som har lyst til å protestere mot brudd på menneskerettigheter i Kina: Klipp ut denne postens tekst i sin helhet, og lim den inn i din egen blogg, slik kan vi nå så mange lesere som mulig! Ping gjerne aktuelle Dagbladet-artikler hemningsløst via Twingly (Twingly kan du pinge når som helst gitt at du har en lenke til Dagbladet-artikkelen i posten din)

Til alle lesere:

På opprop.no er det lagt ut et protestbrev du kan sende noen utvalgte sponsorer av Beijing-lekene i tillegg til et opprop du kan signere dersom du synes menneskerettighetene i Kina er verdt å kjempe for. Det er en reell mulighet for at om bare presset blir stort nok, så vil IOC endelig ta det ansvaret de så lenge har unnlatt å ta: Hjelp IOC med å hjelpe 1,4 milliarder undertrykte Kinesere, gå til denne siden og begå en skjerv: Krev ytringsfrihet for kineserne!

Tusen takk til alle som vil bidra!

Nordmenns forhold til hus og heim

I seria gamle skuleoppgåver eg er rimeleg nøgd med, kjem no “Nordmenns forhold til hus og heim”, som lova på nynorsk. Fare for litt overdrivingar og sånt, men noko de kan kose dykk med i påska.. :-p

«Nordmenns forhold til hus og heim»

I dag brukar me nordmenn mykje pengar på heimen vår. Me brukar det meste av fritida vår heime, og mange reknar heimen som ein del av personlegdom si, eller iallfall som eit slags bilete av honom. Difor vil me ha ein heim som er personleg, og for å oppnå det er me villige til å bruke mykje tid, krefter og pengar, noko nokre gjer i skremmande stor grad; det finst dei som nyttar all fritida si og alle pengane sine på huset sitt, på å få det så perfekt som overhovudet mogleg. Desse ofrar gjerne seg sjølve for å gjere huset betre, og for dei kan det bli ei avhengigheit på linje med for eksempel spelegalskap. Dei nyttar alt dei tenar og all tida dei kan på å pusse opp heimen sin, for som me alle veit, er det jo mykje viktigare at heimen ser bra ut enn at man sjølv har det bra, for me veit vel alle korleis det er å leve i eit hus som pussast opp. Det er måling og verktøy overalt, og alt er eit såre rot, men såpass ofrar me jo for heimen vår. Rett nok tar det gjerne så lang tid før huset er ferdig pussa opp at ein har flytta derifrå før det er ferdig, men då er jo huset i fin stand til dei som flyttar dit, då treng jo desse berre å måle litt og tilpasse det sånn at huset blir ein heim for dei.

Det er sjølvsagt berre dei mest ekstreme som er «avhengige» av å pusse opp, men det å vere oppteken av å ha ein heim ein kan vere stolt av og nøgd med er noko me finn igjen hos dei fleste nordmenn. Me er nemleg sånn at omgivnadene tyder ganske mykje av korleis me har det. Eg kjenner ikkje særleg mange som vil stortrivast med å leve på ei møkdunge, meg sjølv inkludert. Samstundes trur eg ikkje korkje eg eller nokon av mine vener ville treivst med å bu på eit gigantisk, storslått slott heller. For me nordmenn er ikkje berre sånn at me vil ha det fint rundt oss, me har også mykje jantelov i oss, Ein skal altså til ein kvar tid ha nett pussa opp og fint hus, men ein kan ikkje meine at ein har finare stove enn naboen sjølv om ein nett har pussa opp si, medan naboen framleis har den flekkete, knallgrøne sofaen og det skitne, rosa teppet frå Nille som dei enda møblane i si.

Me nordmenn er opptekne av ting. Det er viktig å ha masse ting, sjølv om ein ikkje nyttar meir enn ein brøkdel av dei. Desse tinga skal gjerne vere så dyre og utilgjengelege som mogleg, så ein kan skryte av dei, men samstundes er det haugar av ting det er forventa at finst i kvart hus, sjølv om dei fleste som eig desse tinga ikkje har nytte av dei i det heile tatt. Eg sitt no heime på rommet mitt, og eg ser mykje eg så godt som aldri nyttar, så eg vil ikkje seie at eg er så mykje betre enn alle andre. Denne materialistiske kulturen står heilt klart sterkt i Noreg, og eg synst det er skremmande kor mykje fokus me har på ting, noko som gjerne sett det mellommenneskelege i bakgrunnen. Det er ikkje så veldig koseleg når nokon ikkje kan kome og vitje deg fordi dei i staden må nytte pengane transporten og liknande kostar på å kjøpe seg ei ny bukse, sjølv om dei har sytten forskjellege bukser dei nyttar frå før.

Eit anna aspekt er at me i eitt hus i Noreg har fleire ting enn dei har i ein heil landsby i Malawi. Eg har personleg meir klede på meg no enn den gjennomsnittlege togoer eig i løpet av eit heilt liv. [Dette stemmar nok ikkje. Red.anm.] Og framleis klagar eg no og då over at eg ikkje har nok klede, og at eg treng ei ny skjorte eller eit nytt par sokkar. Dette gjer eg sjølv om eg veit at meir enn ein milliard menneske i verda lid av mangel på vatn. Den same mentaliteten finn me att i husa våre: me fyller dei med ting me strengt tatt ikkje treng, og ender opp med å ha alt mogleg rart me ikkje eingong veit kva er stående, det einaste me hugsar er at dei verka særs morosame og nyttige då me kjøpte dei, men no fattar me ikkje kvifor me kasta bort dei surt tente pengane våre på slikt tøv.

Tinga me fyller husa med kostar mykje pengar, men det gjer det og å pusse opp minst eitt rom kvart anna år. Moglegvis er det eit teikn på at me har for mykje pengar, sånn at me treng noko å bruke dei på? Ei anna forklaring kan vere perfeksjonisme, at me ikkje er nøgd før huset er heilt perfekt, akkurat sånn me vil ha det. Me vil ha den vasen der, den passar jo så fint inn i stova, prikkane på honom har jo nett same farge som den streken på lampa, og då må vi jo ha den pyntegjenstanden der også, den passar jo perfekt med vasen.

Og når me fyrst er nøgd med huset, byrjar me med hytta. Det er nemleg slik at mange nordmenn ikkje har nok med eitt hus; dei vil ha fleire. Så da kjøper dei seg ei hytte på fjellet eller ved sjøen, og har to heimar. Sidan ein som nordmann ikkje kan tru at ein er betre enn andre, så kan ein jo ikkje ha to hus, men her kan ein enkelt få til eit kompromiss: det blir nemleg greitt dersom det eine huset er ubehageleg og varsamt innreidd, så hytta ser ut som om ho vart bygd på 1930-talet og det ikkje har skjedd noko med ho sidan då. Medan huset altså skal vere nyleg pussa opp og moderne, skal hytta vere nett det motsette, og jo meir gammaldags ho er, jo betre er det. Sjølv om nordmannen har to hus, nyttar han vanlegvis berre det eine. Hytta fungerer som opphaldsstad i feriar og sjeldan noko meir. Einskilde er rett nok på hytta ei helg kvar tredje månad, men sjølv ikkje så ofte nyttar den gjennomsnittlege norske hytteeigaren sitt andre hus.

Dette er nok litt fordi huset tener fleire viktige formål for ein nordmann. Det er det om er heimen hans. Det er der han hører heime, der han kan slappe av og gjere kva han vil, det er der han har ting sånn som han vil ha dei, og det er der han brukar mesteparten av tida si, gjerne på å liggje i sofaen og glane på tv-skjermen medan han stappar i seg ein Grandiosa og drikk cola light, sidan han har høyrt at den er så mykje sunnare og betre enn vanleg cola. Heimen er der nordmannen finn tryggleik, og han tyder mykje for honom. Heimen er nemleg ein sikker sone, kor alt som er vondt er sperra ute, og han er sjølv konge; det er hans reglar som gjeld. Det er hit han heile tida lengtar; same kor bra han har det andre stader, er det heile tida betre heime, og ingen ting er som å kome heim. Ein nordmann kan kome til himmelen, og framleis lengte heim, medan han tenkjer for seg sjølv at «borte bra, men heime best». Nordmannen er rett og slett glad i heimen sin, og han har mange og sterke kjensler for honom.

Samstundes som mange sit med pengar til langt over hovudet og fleire heimar, er det fleire tusen nordmenn som sit huslause: dei har ingen heim. Desse stakkarane ofrar me sjeldan ein tanke, men det er eit faktum at fleire tusen nordmenn faktisk ikkje har nokon heim. Dette er kanskje ein tanke fleire av oss burde ha i bakhovudet når me klagar over at det har flassa av litt måling på døra eller at det er eit hakk i bordplata. Det å ha ein heim er nemleg ein så sjølvsagt ting for oss at me vanskeleg kan sjå for oss at noko anna overhovudet er mogleg, men samstundes kan ein ikkje seie at ein sjølv har det betre enn desse, sidan ein ikkje skal tru at det ein sjølv har er betre enn kva andre har.

Nordmenn er materialistiske i sitt forhold til hus og heim, som me er i forhold til alt anna også, men samstundes tillegg me heimen vår ein sjel, nærmast som om han skulle vere levande. Me er glade i honom, og me ofrar mykje for at han skal ha det bra og vere rein og pen, ja, ein kan nesten seie at me behandlar heimen vår som om han var eit kjæledyr.

Når alt kjem til alt, er nordmenn avhengige av heimen sin, akkurat som heimane er avhengige av nordmenn.

SV sine seire i regjering

Ja, rett og slett, eg tenkte det var på tide å prøve å sy saman ei oversikt over kva for bra ting SV har fått gjennom etter to år i regjering. Partiet ga til landsmøtet i fjor ut heftet “500 seire på 500 dager” (som eg har liggjande her ein eller annan plass). Men det har jo skjedd ein god del det siste året òg, pluss at ikkje alt i det heftet er like store sigrar. Så eg lagar like godt mi eiga oversikt, eg.

  1. SV fekk Noreg ut av Irak (og var forresten òg dei einaste på Tinget som var mot krigen i utgangspunktet)
  2. Fått gjennom at all informasjon på statlige nettsidar skal vere tilgjengeleg i opne format: ODF, PDF eller HTML. (Les meir hjå Martin Bekkelund)
  3. Redda heimfallsretten (sjølv om Sp prøvar å ta på seg heile æra, sjølvsagt).
  4. Stoppa privatskular!
  5. Fått gjennom gratis læremiddel (skulebøker, men òg naudsynt utstyr) for videregåande, noko AUF har lova kvart år sidan 1991…
  6. Auka skattefrikortgrensa frå 30 til 40 000.
  7. Redusert barnehagemaksprisen med 500 kronar per månad
  8. Byggjar fleire barnehagar enn nokon gong, og no nærmar det seg full dekning
  9. Gitt kommunane 19 milliardar meir (per 2007)
  10. Gitt mykje meir til jernbanen
  11. Fått verna store delar av Trillemarka
  12. Auka bistanden til 0,98% av BNP
  13. Innføyrd etiske retningslinjar i Oljefondet
  14. Fått verna massevis av område og oppretta fleire nye nasjonalparkar (for detaljar, sjå 500 seire-heftet)
  15. Stoppa privatiseringa av velferdsstaten
  16. Gjort andre fremmedspråk på ungdomsskulen frivillig, i strid med Bondevik-gjengens ynskje om å gjere det obligatorisk. Særs flott for alle dei som er drittlei teori og ting dei “aldri vil få bruk for”.
  17. Auka permisjons-fedrekvota med ei uke (så får vi håpe det skjer enda meir med den saka no framover)
  18. Fått byggja over 600 studentboligar både i 2006 og 2008, og 414 i 2007. I 2005 under Kristin Clemet vart det byggja 314.
  19. Starta prisjusteringa av stipend og studielån igjen, noko Clemet “gløymde”. Særs fint for oss studentar, skjønt det framleis bør økast mykje.
  20. Halvert passgebyret (ingen stor sak, men kjekt likevel).
  21. Senka eigenandelstak frå 3500 til 2500 kroner.
  22. Kutta i kontanstøtta (som kanskje forsvinn heilt no, hurra)
  23. Som eit av dei fyrste landa i verda anerkjent den lovleg valte palestinske regjeringa
  24. Auka antalet kvoteflytkningar frå 1000 til 1500
  25. Fått Gahr Støre til å markere sterk norsk motstand mot rakettskjold i NATO
  26. Sletta mykje gamal gjeld som held u-landa nede
  27. Innført minst 24 timers akseptfrist på bud på bolig, for å hindre dei sjukt korte fristane ein har sett ved ein del høve
  28. Gjeninnført differensiert arbeidsgivaravgift
  29. Støtta opp under etableringa av Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare
  30. Innført krav om 40% kvinneandel i ASA-styrer
  31. Kriminalisering av horekundar er på veg
  32. Stansa Bondevik-regjeringa sitt hårreisande forslag til ny arbeidsmiljølov
  33. Trass alt begrensa Noreg sitt engasjement i krigen i Afghanistan
  34. Snart oppheva mykje av den offentlege diskrimineringa av lesbiske og homofile
  35. Sprøyta inn pengar for å redde regnskogen

Det er meir òg, eg veit det er meir, men dette burde vere ei duganes grei oppsummering. Om eg har gløymt noko, og det har eg nok, er det berre å seie ifrå.