Personvern

Eg har den siste tida vori temmeleg opptatt av personvern, og i stadig større grad vorti uroa over utviklinga i den vestlege verda i dag, kor vi går mot stadig meir overvaking på fleire og fleire område av livet, og i stadig større del av tida. Vi fyller opp registre, filmar og bilder av oss blir lagra i hopetal kvar dag, og ved enkel krysskopling av eit par registre er det utruleg kor mykje informasjon ein kan få ut.

Særleg etter 11. september 2001 har dette skoti fart, og det synes ikkje å vera grenser for kor mykje overvaking ein treng for å sikra oss fridom. Med tvang skal fridom forsvarast, synes å vera filosofien ein følgjer.

Heldigvis byrjar fleire og fleire å få opp auga for den farlege utviklinga dette inneber. Her heime er det Venstre, SV og Raudt, med tilhøyrande ungdomsparti, som tar og har tatt personvernet på alvor. Og det fascinerar meg litt. For kor står dei tre største partia i landet når det gjeld desse særs viktige spørsmåla? Arbeidarpartiet fortsett å vera på den overvakingslina Haakon Lie drog opp. Det sjølverklærte fridomspartiet Høgre stør overvakinga, vil innføre datalagringsdirektivet og verkar ikkje å ha særleg mange kvaler med å kaste alt som liknar personvern på sjøen. Og Fremskrittspartiet sitt syn er ikkje lett å bli klok på, dei vinglar fram og tilbake. Krf tør heller eingong meine noko. Senterpartiet er heller ikkje særleg frampå i debatten, men dei går nok med på veto mot det meste som kjem av tulledirektiv frå EU – og det er jo ein god start.

Så da blir det Venstre og vi på venstresida som tar fridomen på alvor. Det må vel vera litt flaut for nokon og ein kvar blant resten av dei “liberale”. Uansett er det heilt essensielt for personvernet i Noreg si framtid kva som skjer ved valet i haust. Derfor er det så viktig at vi får eit sterkt SV for å presse overvakingselskarane i Ap – og for så vidt òg at folk med eit borgarleg grunnsyn trekk bort frå Høgre og Frp.

Vi i Sosialistisk Ungdom vedtok i fjor eit klart nei til EU sitt datalagringsdirektiv, hovudsakeleg forfatta av underskrivne. No har heldigvis landsstyret i SU valt å videreføre og styrke denne retninga, og i helga vedtok dei den fråsegna eg skreiv eit utkast til, der det gjennomgåande bodskapet er med fridom skal fridom forsvarast.

Det nøyaktige vedtaket lyd sånn:

Ikkje overvak oss, Sverige!

Uttalelsen vedtatt av SUs landsstyremøte 10.05.2009

Den såkalla “krigen mot terror” har førd til og legitimert ei rekke åtak mot vanlege folk sitt personvern i heile den vestlege verda. SU krev ein slutt på denne krigen mot demokrati og ytringsfridom. På same tid ser vi ei skremmande utvikling der krigen mot internett-piratane i fleire land fører til at respekten for privatlivets fred og ivaretaking av personvernet blir utfordra av storselskaper, lobbyorganiasjoner og deira politiske støttespelare.

Særleg er Internett eit eigna område for dei som vil ha eit overvakingssamfunn. I Storbritannia kan politiet utan vidare ta seg inn i pcene til folk. Datalagringsdirektivet frå EU er skummelt nære oss, og ikkje minst har Sverige innføyrd ei overvakningslov som gjer dette direktivet til småtteri – den såkalla FRA-loven. Her opnar dei for at all datatrafikk inn og ut av Sverige blir overvakt. Dette rammar nordmenn i stor grad, da mykje av Noregs datatrafikk går via Sverige. Dermed er FRA-loven eit overgrep mot rettsvernet og personvernet også for nordmenn. I tillegg til dette går ein del av den interne norske trafikken via servere plassert i Sverige. Datatilsynet har konkludert med at “FRA-loven vil få konsekvenser for norske borgeres personvern”.

Som om ikkje dette var nok, har EU innførd ei lov, IPRED, som delprivatiserar rettsvesenet og gir underhaldningsbransjen lov til å opptre som eit slags politi. Dette er særs negativt for rettsvernet til folk, og frontar ei utvikling som må stanses fortast muleg. No forhandlar EU, Japan og USA om ein ny avtale som går under namnet Anti-Counterfeiting Trade Agreement, ACTA, som ser ut til å bli ei større og verre utgåve av IPRED-lova. Den forhandlas fram av få land, i hemmelege møter, og i tett samarbeid med underhaldningsindustrien for å kunne innførast utan for mykje offentlig debatt.

Lovar som IPRED-, FRA- og Hadopi-loven, innført av dei borgerlege regjeringane i Sverige og Frankrike, bør tene som ein åtvaring til alle som er opptatt av personvern og folks tilgang til informasjon og demokratiske kanalar i Noreg. SU vil være den sterkaste forsvarar for at personvern og rettsikkerhet skal gjelde også på internett.

SU kan ikkje akseptere noen form for statlig nettsensur. Dei eineste unntakene fra dette som kan forsvarast, er pålegg til internettleverandørar om å stengje ute enkelte ip-adresser som formidlar barneporno og lignende grove kriminelle handlingar. På same vis som i post- og teleselskap bør dette bare skje i tilfeller der det er begrunnet mistanke om lovbrudd og ikkje som følge av ein generell overvaking.

Denne aukande overvakinga må ta slutt. Personvern er ikkje eit tomt tulleomgrep, det må tvert om styrkast og forsvarast med nebb og klør som ein av dei viktigaste grunnpilarane i eit fritt og demokratisk samfunn.

Sosialistisk Ungdom krev i den samanhengen at regjeringa gjennomfører desse viktige tiltaka:

  • Klart og tydeleg forteljer den svenske regjeringa at FRA-loven er forkasteleg.
  • Legg ned veto mot datalagringsdirektivet om det skulle bli aktuelt.
  • Hentar dei fire «norske» basestasjonane i Sverige over til norsk jord, slik Finland allereie har gjort.
  • Nettnøytralitet skal fortsetje å vera eit viktig prinsipp for ny lovgjeving på nettet.
  • Sikrar at det framleis berre skal vera politiet som skal kunne hente informasjon om kundar frå internettleverandørane, og at dette som i dag skal krevje ei rettsleg avgjerd.
  • Gjer det klart at internettleverandørane ikkje skal føre tilsyn med kva kundane deira lastar ned.
  • Held ein konsekvent og stø kurs med sterkt forsvar for personvernet og bort frå overvakingssamfunnet. Med fridom skal fridom forsvarast!

Author: Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær

Leave a Reply

Your email address will not be published.