Streiken “rammar” deg ikkje, den hjelp deg

Media er kvar vår veldig glade i å skrive om “faren for streik” og “sånn rammes du av streiken” – som om streik er noko negativt. Og som om streik er negativt for alle andre enn dei som streikar.

Dét er jo ikkje sant. Mange av dei rettane vi har i dag hadde vi anten ikkje hatt, eller fått mykje seinare, viss ikkje dei før oss satte hardt mot hardt og streika for deg. Streikeretten har historisk vori elementær i kampen for demokratiske rettar, særleg i, men òg utanfor, arbeidslivet.

Streik er den sterkaste reaksjonen arbeidarane kan komme med mot eigarane – kamp for klasseinteressene i sin klaraste form.

Streik er ein konsekvens av og eit middel i maktkampen mellom arbeidarar og eigarar – mens eigarane har interesse av å halda på mest muleg av potten sjølv, har arbeidarane betre av ei jamnare fordeling. Og mens eigarklassa kan ty til lockout, stengje arbeidarane ute, har arbeidarane streikeretten som sin ultimate trussel.

Og streiken har solidariteten som eit viktig poeng. I ein streik står arbeidarane samla for sine interesser – mot eigarane som går imot dei. Vi har da òg sett ei rekkje sympatistreikar gjennom tida – som både er rein solidaritet og i tillegg å styrke sine eigne interesser. For ein veit aldri når det er deg det gjeld, og da er det bra å ha andre arbeidarar i ryggen. Og sjølv om ein streik i andre yrkesgrupper enn di eiga på kort sikt kan få negative konsekvensar for deg, er det på sikt betre for alle oss vanlege folk om streikarane vinn fram. For kvar streik, kvar forhandlingsrunde, kvart oppgjer er ein dragkamp mellom arbeidarklasse og overklasse – og for kvar streik som fører fram, kvart oppgjer som går til arbeidarane sin fordel, kvar gong arbeidarane vinn, blir det lettare for resten å vinne ved sin neste korsveg.

Når det er sagt, så er mykje å gå på i streikeretten vi har i dag, særleg i form av den overdrivne bruken av tvungen lønnsnemnd som bør ned og bort.

For det er ikkje utan grunn at streikeretten reknast som ein av grunnsteinane i den nordiske velferdsmodellen. De e itjnå som kjæm tå sæ sjøl

“Rammar” og “fare” i seg sjølv bør vera nok til å skjønne at media iallfall ikkje er venstrevridd.

Author: Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær

Leave a Reply

Your email address will not be published.