Ikkje overvak oss, Sverige! - forslag til fråsegn frå SU - hjelp meg!

Eg har skrivi dette forslaget til fråsegn til Sosialistisk Ungdom sitt landsstyremøte som er no i helga. Eg er litt usikker på kor nøgd eg er, så eg håper på tilbakemeldingar frå dykk - anten i kommentarfeltet under, på twitter, mail eller kva for andre kommunikasjonskanalar de no vil nytte. Eg er takknemleg for alle innspel.

Den såkalla “krigen mot terror” har førd til og legitimert ei rekke åtak mot vanlege folk sitt personvern i heile den vestlege verda. SU krev ein slutt på denne krigen mot demokrati og ytringsfridom.

Særleg er Internett eit eigna område for dei som vil ha eit overvakingssamfunn. I Storbritannia kan politiet utan vidare ta seg inn i pcene til folk. Datalagringsdirektivet frå EU er skummelt nære oss, og ikkje minst har Sverige innføyrd ei overvakningslov som gjer dette direktivet til småtteri – den såkalla FRA-loven. Her opnar dei for at all datatrafikk inn og ut av Sverige blir overvakt. Dette rammar nordmenn i stor grad, da mykje av Noregs datatrafikk går via Sverige. Dermed er FRA-loven eit overgrep mot rettsvernet og personvernet også for nordmenn. I tillegg til dette går ein del av den «interne» norske trafikken via servere plassert i Sverige. Datatilsynet har konkludert med at «FRA-loven vil få konsekvenser for norske borgeres personvern».

Som om ikkje dette var nok, har EU innførd ei lov, IPRED, som delprivatiserar rettsvesenet og gir underhaldningsbransjen lov til å opptre som eit slags politi. Dette er særs negativt for rettsvernet til folk, og frontar ei utvikling som må stanses fortast muleg. No forhandlar EU, Japan og USA om ein ny avtale som går under namnet Anti-Counterfeiting Trade Agreement, ACTA, som ser ut til å bli ei større og verre utgåve av IPRED-lova.

Denne aukande overvakinga må ta slutt. Personvern er ikkje eit tomt tulleomgrep, det må tvert om styrkast og forsvarast med nebb og klør som ein av dei viktigaste grunnpilarane i eit fritt og demokratisk samfunn. Sosialistisk Ungdom krev i den samanhengen at regjeringa gjennomfører desse viktige tiltaka:

*Klart og tydeleg forteljer den svenske regjeringa at FRA-loven er forkasteleg.
*Legg ned veto mot datalagringsdirektivet om det skulle bli aktuelt og dermed nødvendig.
*Hentar dei fire «norske» basestasjonane i Sverige over til norsk jord, slik Finland allereie har gjort.
*Nettnøytralitet skal fortsetje å vera eit viktig prinsipp.
*Sikrer at det framleis berre skal vera politiet som skal kunne hente informasjon om kundar frå internettleverandørane, og at dette som i dag skal krevje ei rettsleg avgjerd.
*Gjer det klart at internettleverandørane ikkje har ansvar for kva kundane deira lastar ned.
*Held ein konsekvent og stø kurs med sterkt forsvar for personvernet og bort frå overvakingssamfunnet. Med fridom skal fridom forsvarast!

Legg igjen ein kommentar