Feministisk sjølvforsvar, Jenteforsvaret og ræl

Iblant er det veldig roleg å vera SU-tillitsvald. Iblant er det kjipt, iblant er det frustrerande. Frustrerande fordi våre eigne gjer kjipe vedtak, frustrerande fordi høgresida er teite, frustrerande fordi utviklinga i samfunnet ikkje går den vegen vi vil. Og frustrerande fordi vatnglaset ikkje treng meir enn flau bris for at mediekøyret skal sette i gang.

154 000 er mykje pengar. For det kan ein arrangere sjølvforsvarskurs for mange hundre jenter – eller ein kan få under ein promille av eit jagerfly. Eller ein tidel av årslønna til leiaren i Helse Sør-Øst. Eg veit kor eg ville kutta viss det var mine pengar.

Og etter å ha lesi kva desse pengane har vorti brukt på, ser eg det som ei stadig betre investering.

For meg er faktisk det her eit himla viktig poeng: dette er kroner som har vorti brukt til å gjera livet til mange unge jenter mykje betre! Og det lar eg med glede mine skattekroner gå til kvart jævla år, berre gi meg sjansen. Bruk gjerne ti gongar så mykje på det òg, eg kan eigenhendig ta på meg å finne plassar i statsbudsjettet kor vi kan kutte minst tilsvarande mykje.

Og, nok eit viktig poeng som blir kronisk underkommunisert: eg gir blanke i kven som held kursa. Det viktige for meg er at dei finn stad og at dei funkar. Eg skulle gjerne sett at Unge Høyre heldt tilsvarande kurs, for eksempel. Vi driv ikkje med politikk for sjølvhevding og økonomisk utbytte, vi driv med politikk for å skape eit betre samfunn og ei betre verd. Sjølvforsvar-instruktør Marte skreiv litt om det for ei stund tilbake.

Sånn, det var den delen av denne bloggposten som faktisk er viktig.

Norske reglar seier at alle statlege investeringar på over 500 000 kronar skal ut på anbod, altså at kven som helst kan søke om å få dei. Ei grense som eg synes er for låg, men som iallfall set ein terskel for å hindre at altfor mykje av vinninga går opp i anbodsspinninga.

Det er altså temmeleg vanleg at summar av denne storleiken deles ut til ymse formål.

Så er det ikkje like vanleg at dei deles ut til partipolitiske organisasjonar. Her har den offentlege debatten fram til no mangla eit viktig premiss: nemleg at Sosialistisk Ungdom har drivi med feministisk sjølvforsvar i mange år, og at dette langt frå er noko SU har funni på no i det siste for å kunne få pengar frå statskassa. Tvert om har SU investert mykje pengar opp gjennom åra på å halde liknande sjølvforsvarskurs, pengar SU heller kunne brukt på mykje anna om det var å tene pengar som var poenget.

Men vi driv ikkje politikk for å tene pengar.

Samtidig gjerast det eit poeng utav at Jenteforsvaret da dei søkte om å få pengar til å drive feministisk sjølvforsvar var ei undergruppe av SU, og ja, det stemmer. Samtidig er det heilt på det reine at både vi i SU og alle andre skjønner at ein statsråd ikkje kan gi pengar til sitt eiget ungdomsparti, og derfor vart Jenteforsvaret ein eigen, sjølvstendig organisasjon frikopla frå SU. Foreløpig er det berre SU- og eks-SUarar som sitt i leiinga og som er instruktørar, men all den tid feministisk sjølvforsvar fram til nyleg har vori eit SU-drivi prosjekt, er det nødvendigvis sånn det må bli. Med den nye organisasjonen er det med eitt opent for også folk utanfrå å bli instruktørar og få ei sentral rolle i Jenteforsvaret.

Korfor var det så berre SU og LLH Trøndelag som vart tilbode desse pengane? Vel, teksten i statsbudsjettet lyd “Det skal etablerast eit prosjekt for å utvikle sjølvforsvarskurs for jenter og tilby dette for vidaregåande skole. Målet med kursa skal vere å lære jenter korleis dei kan reagere på og setje grenser mot ulike typar diskriminering, mellom anna mot usynleggjering, latterleggjering og seksuell trakassering.”

At SU var naturlege å ta kontakt med i denne samanhengen skjønner eg veldig godt, for dette overlappar mykje med kva våre feministiske sjølvforsvarskurs har handla om heilt sia vi starta med det i 2003. Og veit du kva? Eg synes det er ein fantastisk ting å bruke pengar på.

Mange har sagt mykje om prosessen i denne saka. Med god grunn, for det er absolutt på sin plass å vera skeptisk når politiske organisasjonar (særleg partipolitiske) eller tilknytta organisasjonar får pengar. Derfor er eg glad for at folk er observante og har eit kritisk blikk. Med tanke på det køyret og fokuset som har vori på denne saka i media i det siste, er det tydeleg at ein kunne ha gjort denne prosessen på ein betre måte. Det er da også alle aktørar i saka klare og tydelege på, og statsråd Audun Lysbakken har vori veldig klar og tydeleg på at han har lært av denne saka og no tar grep for å hindre at liknande prosess-problem kan oppstå igjen.

Eg reknar med at Jenteforsvaret kan vise koss kvar einaste krone har vorti brukt, og legge fram ein rekneskap som viser at kvar og ei av dei 154 000 kronene vart brukt på konstruktivt og hensiktsmessig vis – og med det at pengane frå statsbudsjettet vart brukt til det pengane på statsbudsjettet skulle brukes til.

Så kan ein hevde at andre organisasjonar kunne brukt pengane like bra eller betre. Vel, kanskje, men for å vera ærleg har eg høyrd om veldig få andre som driv med kurs som passar med det pengane ifølge 2011-statsbudsjettet skulle brukes til. Her bør gjerne nokon komme på banen med konkrete alternativ til koss desse pengane skulle vorti brukt for å oppfylle dei gjevne måla. Eg ventar i spenning, og håper det er mange! Eg reknar med at pengane neste gong vil bli lyste ut på vanleg vis, og at alle som vil kan søke. Det kan umuleg skade, og vil gi den legitimiteten som hos mange forsvann da ein gjorde det på denne måten denne gongen.

Eit anna personleg frustrasjonsmoment er kor innmari opptatte heile opposisjonen og media er av prosess, prosess og prosess. Den faktiske politikken og kva politiske vedtak faktisk har å seie for samfunnsutviklinga synes mindre viktig enn at vedtaka om dei blir gjort på rett måte. Det har vorti sagt om Sosialistisk Folkeparti (forløparen til SV) at “i SF var ofte retten til å ha en mening viktigere enn å få gjennomslag for den”, og ein kan jo trekke sine eigne parallellar… Det er eit faresignal både for samfunnet, for media, for opposisjonen og for demokratiet at fokuset i så stor grad blir prosessorientert. Sjølvsagt kan prosess vera viktig og det er viktig at vi følgjer felles spelereglar for at ting skal funke, men fokus!

Mitt instendige personlege ønske er at vi som samfunn fortsett anerkjenner at jenter sjølvtillit og grenser er verdt å satse på, verdt å bruke tid, krefter og pengar på og verdt å investere i. Derfor er det synd, trist og innmari kjipt at dette foreløpig vart ei eigongsinvestering på 2011-statsbudsjettet, men eg kan love at vi er mange som vil sloss med nebb og klør for at det atter skal komme på seinare statsbudsjett. Om det så blir Jenteforsvaret, Unge Høyre eller kven som helst elles som skal halde det.

Author: Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær

3 thoughts on “Feministisk sjølvforsvar, Jenteforsvaret og ræl”

  1. Synes dette var et superflott innlegg Mads! – og hadde helt glemt den bloggposten du linker til hos meg x)

Leave a Reply

Your email address will not be published.