Meg og målet

Hei, eg heitar Mads og er nynorskbrukar.

Det hadde vel kanskje den ikkje altfor uoppmerksomme lesar fått med seg frå før. Akkurat som den som har følgd meg eller bloggen min lengje vil hugse at eg lengje skreiv på bokmål. Det er dermed på høg tid med litt forklaring og utdjuping rundt mitt forhald til språket, målet og alt som høyrar med.

Eg har vaksi opp som bokmålsbrukar, i eit bokmålsdominert område. Eg kan ikkje hugse frå oppveksten at eg kjente særleg mange nynorskbrukarar, og det å skrive bokmål var for meg den naturlegaste tingen i verda. Tala støttar denne oppfatninga, eg fann nett tal på Wikipedia som seier at berre 0,3% i grunnskolen i Trøndelag har nynorsk som hovudmål. Dette talet blir nok høgare om ein går høgre opp i alderstrinna, men tendensen er jo temmeleg tydeleg…

Nynorsk dukka også for meg opp som sidemål på ungdomsskolen, og det var ikkje noko lukkeleg møte. Tvert om var eg òg blant dei som mislikte det sterkt, sleit meg gjennom kjipe og kjedelege grammatikktimar og fullføyrde ungdomsskolen med sidemål som ein av dei dårlegaste karakterane. I norsk hovudmål, bokmål, derimot, var eg vel blant dei beste, og eg har så lengje eg kan hugse hatt ei duganes sterk interesse for iallfall rettskriving, i noko mindre grad språk elles, men språkmedvit over normalen vil eg nok seie eg alltid har hatt.

Men ein eller annan gong mellom ungdomsskolen og vidergåande skjedde det noko. Rettare sagt, det byrja å løyse seg, og plutseleg byrja eg å få litt teken på det. Reglane var da eigentleg ikkje så vanskelege, dette var da ikkje så ille, dette får eg til. Omtrent det samme skjedde med engelsk på samme tid, forresten.

Dette føyrde iallfall til ei drastisk motivasjonsauking, og etter kvart byrja eg å få mestringskjensla, at dette var noko eg fekk til. Da det var tid for særemne, vurderte eg lengje og seriøst å skriva det på nynorsk, mitt daverande sidemål. Forandringa var altså total, og eg skreiv litt på nynorsk no og da, mest for moro skyld – ei utvikling som berre fortsatte og stadig vart sterkare. Eg meldte meg inn i Norsk målungdom, og fekk bra med sympati for nynorskbrukarane.

Skjønt, det var så langt eg kom fram til hausten for eit drygt år sidan. Etter kvart som det tusla og gjekk mot jul, merka eg at eg oftare og oftare skreiv nynorsk, og eg byrja å identifisera meg som målmann. Da fann eg ut at det kanskje snart var på tide å byte. Da eit nytt skolehalvår var i gang, i fjor vår, meldte eg meg opp i faga eg skulle ta med nynorsk som hovudmål. Frå da av har eg bortimot konsekvent skrivi nynorsk.

Såleis har eg hamna her eg er i dag. Og både som årsak og verknad er dette viktig for mitt forhald til språk, målformane og dialekt. For det var jo eit gjennomtenkt byte eg gjorde – vi er ikkje så mange som byter den vegen. Eg hadde mine grunnar, rettare sagt ganske mange av dei, og nokre av dei har kommi til etter kvart.

Som eg nemnde over, skjedde mål”bytet” mitt gradvis over lang tid. Eg trur det byrja som eit eksperiment, litt i fascinasjon og litt av reint skolemessige årsaker – pluss at det var ein fin måte å skilje seg ut på og bryte litt med det vanlege. Eg har jo hatt mine motkulturelle periodar, må veta.

Mitt hovudargument for nynorsk er imidlertid at det liknar på dialekta mi – på ein heilt annan måte og i ein heilt annan grad enn bokmål gjer. Logisk nok, når nynorsk baserar seg på dei norske dialektane, mens bokmål djupast sett er dansk med norsk uttale.

For eg er stolt av dialekta mi. Eg finn meg i den heldige situasjonen at eg har ei dialekt eg etter kvart har lært meg å synest er ganske fin, og trives godt med å bruka. Da vil eg òg ha eit visst samsvar mellom det eg skriv og det eg seier, skjønt eg har alltid vori motstandar av å skrive dialekt. Det blir fort ørten skrivemåtar av det samme ordet som ein uttalar likt, og eit totalt anarki – noko som fungerar flott muntleg, men ikkje like bra skriftleg. Så slagordet snakk dialekt, skriv nynorsk er like gjeldande i dag som nokon gong…

Men for å kunne ha (iallfall litt) skikkeleg ryggdekning når eg seier dette, treng eg eit godt alternativ. Å overtala ei frå Trøndelag (iallfall utanfor Trondheim) om at ho ikkje bør skriva dialekt, men heller bokmål vil fort møte motargumentet “eg skriv som eg snakkar”. No skal eg absolutt ikkje seie at nynorsk heller er i nærleiken av å vera trøndelagsdialekt, men du verda, han er mykje nærmare. Nei, nynorsk er heller eit slags minste felles multiplum for dei norske dialektane.

Dermed kan eg skriva nynorsk og senkje det mykje nærmare talemålet enn eg kan gjera med bokmål, som eg synest bør vera eit viktig og stort poeng i seg sjølv. For eit visst samsvar mellom tale- og skriftspråk er viktig, og dialekta bør kunne påverke koss ein skriv. Det har ein store mulegheitar til som nynorskbrukar.

For nynorsken sin karakter, at han baserar seg på så mange forskjellige dialektar, gjer at han mange plassar har fleire forskjellige bøyingar eller skrivemåtar av eit ord – tilpassa koss orda brukast i dialektane. Så der eg seier og skriv muleg, vil ein frå Sogn kanskje skrive og seia mogleg. Eg vil seie boka, mens ein like godt kan skrive boki, om det er sånn det er i dialekta. Og så vidare. Men var det ikkje nettopp dette eg argumenterte mot i stad? Vel, jo, og eg skal innrømme at eg er litt på vikarierande grunn når eg skal forsvara korfor ein ikkje bør eller “kan” skriva på dialekt. Skjønt, eg ser eit par viktige forskjellar: i nynorsken er forskjellane systematisert, og det er klart bestemt kva som er godkjent og kva som ikkje er det. Ergo kan ein faktisk laga ordbøker, lærebøker og så vidare. Eit anna, som heng saman med dette, er at nynorsk er likt for alle.

Men ein konsekvens av denne nærleiken mellom dialektane og nynorsken, er at nynorsken blir klart meir munnleg av seg enn bokmålet er. Alle har vel opplevd å sitje i ein norsktime og stivt og halv-stotrande lesi ein bokmålstekst høgt. Ein skal leggje litt innsats i det for å “omsetje” det til dialekta si. Det gjeld for så vidt i like stor grad på fritida. Eg synest framleis, etter 19 år som bokmålsbrukar, at det kjenst rart og kunstig å lesa bokmål høgt. Og det blir gjerne litt stotrande.

Når eg les nynorsk på samme måte, derimot, merkar eg at mens eg byrjar å lesa som det står, legg eg stadig meir over til dialektuttale og seier det som står på ein måte som er stadig nærmare dialekta mi. Rett og slett fordi eg ikkje på samme måte treng å omsetje det eg les.

Og heile denne dialektnærleiken gjer i mine auge nynorsk til eit mykje meir jordnært språk enn det bokmål er. Det er rett og slett ikkje særleg eksotisk eller noko spennande med det. Det er rett og slett bortimot ein transkripsjon av sånn eg ville ha sagt det munnleg. Bokmål, derimot, er meir fjernt og “eksotisk”, og er meir skilt frå talemålet. Mange seier at nynorsk er fint til dikt, men ikkje elles. Eg vil derimot seie at bokmål er fint i dikt.

Det var hovudargumentet mitt for å vera nynorskbrukar. Men det er fleire andre gode grunnar òg.

Eg har skrivi mykje og skryti mykje av nærleiken til dialektene, og mangfaldet i nynorsk. Mulegheitane til å tilpasse målet etter eige ønskje har fleire andre positive bieffektar enn berre mulegheiten til dialektnærleik. Det opnar dessutan for enkelt stilbyte, og for å variera mykje.

Dessutan har vi to jamnstilte målformar i Noreg i dag. Dei aller fleste, uavhengig av kva for målform dei sjølv nyttar, møtar kvar dag bokmål på massevis av område, og blir i mange samanhengar møtt med bokmål. Dette gjer at dei fleste nynorskbrukarar taklar bokmål greitt, sia dei møtar det dagleg uansett. Motsatt veg er det derimot ganske annleis – bokmålsbrukarar må som oftast sjølv gjera ein innsats for å møta nynorsk. Det krev altså både medvit og innsats.

Da er det ikkje så rart at ein ikkje nødvendigvis har så lett for nynorsk. Språk lærar ein ved å bruke det, ved å lesa og skriva det. Så det er rett og slett lurt å byte for å læra seg å bruke begge målformar. Bokmål får ein jo uansett inn frå omverda konstant heilt utan vidare. Dette kan vera taktisk lurt for skoleelevar, men eg vil i tillegg hevde at det har ein klar verdi i seg sjølv.

Som leiar inn til ein annan særs interessant debatt, nemleg om kva for rolle og stilling språket skal ha. For meg er språket først og framst eit middel, ikkje eit mål i seg sjølv. Ergo synest eg det viktigaste for eit språk er koss det (kan) brukast, og om det er praktisk brukandes. Kva som eigentleg ligg i dette er jo situasjonsavhengig, sjølvsagt.

Eit anna litt tilkopla, og spennande område, er det som gjeld “feil” i dialektar. Eit typisk eksempel er østlendingar som seier “hvem bil er det”, eller andre ting som openbart bryt med gjeldande norsk rettskriving.
Det er den klassiske kartet-terrenget-debatten som går. For den som er interessert i emnet, kan eg tilrå Normativ eller deskriptiv borte hos Jardar.

Deskriptiv, ja. Kva type nynorsk eg skriv er interessant sett frå eit deskriptivt (og sikkert òg frå eit normativt) synspunkt. Da eg byrja å skriv, skreiv eg veldig konservativt. Etter kvart som tida har gått og eg har skrivi meir og meir nynorsk, har eg i stadig større grad gått frå tradisjonelle formar som me og honom til vi og han i staden. Eg har ei kjensle av at dette gjeld for omtrent alle oss som byter til nynorsk: vi byrjar med det trygge og kjente, den nynorskstilen vi har lært, og så tilpassar vi oss og finn oss stadig meir til rette etter kvart. Om det så er den dialektnære linja eg legg meg på, meir tradisjonell vestlandsnynorsk eller høgnorsk.

Author: Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær

2 thoughts on “Meg og målet”

  1. Hei, eg hadde ei liknande oppleving då eg tok norsk på vaksenopplæringa for eit par år sidan. Nynorsk gjekk frå å vera hatfag til elskfag, og eg vurderte óg å byte. Diverre endte eg ikkje opp med å gjennomføre bytet, mest på grunn av at eg følte meg på utrygg is når eg skreiv nynorsk. Å lesa dette blogginnlegget fekk meg til å vurdera det igjen. Eg får prøva ei stund, og sjå korleis det kjennes. Språket flyt jo betre, og det kjennes helt klart meir naturleg, men det er som sagt rettskrivinga eg er usikker på. Eg må vel i alle fall forsøke å bestemme meg for om eg skal nyttja a- eller e-infinitiv, eg hugser at norsklæraren min ikkje var særskild glad i at eg vakla..

    Helsing
    Andreas Noteng

  2. Useriøst seint svar, men:

    Kjensla av å vera utrygg er ekkel, og eg kjenner fleire som blir haldi igjen av akkurat den grunn – og eg må vel innrømme at eg hadde ho litt sjølv òg. Det fine er at ho forsvinn meir og meir for kvar dag som går.

    Og så er det faktisk veldig få som heng seg opp i rettskriving, da. Det finst jo nokre pedantar, men det er ikkje så mange av dei. Eg har merka veldig lite til rettskrivings-fokus, dei einaste som har pirka på skrivefeil er dei eg har bedt gjera det. Elles går haldningane på det at ein faktisk skriv nynorsk. Overraskande mange er positive, faktisk, og overraskande få kjem med noko negativt. Bank i bordet.

Leave a Reply

Your email address will not be published.