Vi høyrer, kameratar, at framande soldatar trampar på dykkar jord

Israel har lenge stoli meir og meir av Palestina. Heilt sidan landet vart oppretta i 1948, har dei utvida grensene sine meir og meir. Dei har stoli større og større delar av Palestina. Dagens Palestina er berre 11% av det dei var i 1967.

Dette biletet sei eigentleg det meste. Palestina 1946-2000

Dei aller, aller fleste på palestinsk side har for lengst akseptert at Israel vart danna, og anerkjenner eksistensen til staten Israel, på trass av at dette landet vart plassert der det allereie budde mange folk, og som førte til at 750 000 palestinarar måtte flykte frå sine heimar. Desse har framleis ikkje fått kome tilbake.

Derimot har kvar ein jøde rett til å “vende heim til Israel”. Dei fordrivne palestinarane, derimot, som budde i landet, har ingen som helst slik rett. Mange av desse har budd i flyktningleirar i Libanon heilt sidan då, etterfølgjarane deira har aldri budd nokon eigen plass.

“Det går ikke an å bombe et folk til stillhet”, sa statssekretær i Utanriksdepartementet, Raymond Johansen, i dagens Redaksjon 1. Det har han heilt rett i. Det skreiv eg meir om i Afghanistan-artikkelen min.

Derimot er det eitt perspektiv som er særs viktig, og som det av alle er ein Høgre-mann som frontar: maktperspektivet. Okkupant – okkupert. Alle som ropar på at “begge parter må besinne seg”, og tilsvarande, må få opp auga for det her. Israel er den tredje største militærmakta i verda (rekna ut frå denne), medan Hamas er ein paramilitær og politisk organisasjon som brukar heimelaga rakettar som ikkje akkurat er dei mest effektive. Skal ein trekkje ein parallell her, er det NATO-Taliban som slår meg, eller USA-FNL i Vietnam. Sånn reint kampmessig, altså. Ein gerilja med stor folkeleg støtte mot ei mektig okkupantmakt som går til krig fordi dei ikkje respekterer retten eit land har til å velje si eiga regjering – paradoksalt nok kallar dei det “krig for demokrati”.

For kvar demokrat er dette ei uhaldbar haldning. Eg er òg med i gjengen som ikkje likar korkje Hamas’ politiske mål eller verkemiddel, men samstundes anerkjenner eg at folk har lov til å velje andre parti enn dei eg likar. Det som derimot er litt interessant, er å sjå på korfor eit så ekstremt parti får så stor støtte blant folk. Det er særs liten tvil om at hovudgrunnen til at Hamas står så sterkt, er at dei står for og ikkje minst framstår som ein klar og tydeleg protest mot okkupasjonsmakta Israel. Og i den situasjonen palestinarar er og har vori i lenge, med eit Israel som stadig grabbar til seg meir og meir av Vestbreidda, og sultar ut og sørgar for at Gaza ikkje får forsyningar i det heile – i tillegg til at dei tar frå mange, mange palestinarar livsgrunnlaget deira – blant anna. Lista av overgrep er lang.

Då er det lett å forstå at palestinarar legg andre politiske skiljelinjer til sides og konsentrerar seg bortimot fullt og heilt om kampen mot okkupasjonsmakta. Som vi nordmenn sjølv gjorde for nokreogseksti år sidan, som bortimot alle okkuperte folk gjer. Ingenting samlar folk som ein ytre fiende. Det er i lys av dette det ein må sjå den sterke stillinga Hamas har i Palestina i dag, og det er i okkupant-okkupert-perspektivet ein må sjå situasjonen i Palestina.

Både eg og tidlegare fylkesleiar i STSU, Tine, skreiv om Palestina i Barrikade, avisa vi laga i fjor. Det er jo meir aktuelt enn nokon gong. Verdt å lesa, om eg må seie det sjølv.

Og forresten, ein ting eg vil at alle skal ha klinkande klart for seg, og eg siterar Morten Drægni: «Israel på sin side påstår at de var nødt til å angripe siden Hamas brøt våpenhvilen. Dette er helt feil. Faktum er at i løpet av den seks måneder lange våpenhvilen så har Israel brutt avtalen 193 ganger. Det har ført til 22 døde, 62 skadde og 38 kidnappede mennesker.»

Dessutan bør alle titte innom hos Ronny Kjelsberg og lesa hans fabelaktige Palestina-oppsummering.

Author: Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær

One thought on “Vi høyrer, kameratar, at framande soldatar trampar på dykkar jord”

Leave a Reply

Your email address will not be published.