Nynorskhatet er typisk høgresidas egosentrisme

At høgresida – kanskje særleg ungdomsorganisasjonane – er populistiske på alle ikkje-økonomiske spørsmål burde ikkje overraska nokon. På den måten skjuler dei at politikken deira er ein gåvepakke til overklassen og tilsvarande katastrofal for resten av oss.

Dette får jo ein del meir eller mindre artige konsekvensar. Dei køyrer på med framandfrykt, med bensinprisar og, som dei liker å dra fram i kvar skolevalkamp, nei til nynorsk.

Dei kamuflerer det under parolen “valgfri nynorsk”, og verker å tru at alle i Noreg har bokmål som hovudmål. Dette er beint fram feil. Vi er 500 000 nynorskbrukarar i dette landet, og det er rett og slett totalt arrogant å gå ut frå at vi ikkje finst. Skal sjå kommentarane derifrå om vi i målrørsla startar kampanjen “Valfri bokmål”…

Dei ønskjer openbart eit fleirtalstyranni. Sia eit fleirtal brukar bokmål, gir vi totalt blanke i nynorskbrukarane. I tillegg er det tydelegvis heilt greitt at nynorskbrukarar skal lesa bokmål, men omvendt er katastrofe. “Ja, for nynorskbrukere leser jo så mye bokmål likevel”. Ja, det er heilt sant at vi nynorskbrukarar er omringa av bokmål i samfunnet elles. Den logiske konsekvensen av dette bør da vitterleg bli at bokmålsbrukarar bør lesa mykje meir nynorsk for å veie opp?

Eg finn meg ikkje i å bli handsama som ein B-innbyggjar fordi eg nyttar ei anna målform enn dei. For det har eg nemleg lovfesta rett til:

Frå og med 8. årstrinnet vel elevane sjølv kva skriftleg hovudmålform dei vil bruke.

står det i Mållova. Dette har ein del praktiske konsekvensar. Skal ein sjølv kunne velje fritt, må ein veta kva ein veljar mellom! Dette bør vera ein generell regel som dei fleste er samde om. Og skal ein kunne velja fritt mellom målformane, må ein følgjeleg ha kunnskap om begge to – og ha såpass kunnskap om begge to til at ein er i stand til å vurdera dei opp mot kvarandre og gjera eit bevisst val.

Puggepartia Venstre, Høgre og Frp trur openbart at slik kunnskap berre dett ned frå himmelen. Interessant.

Interressant er det òg at desse partia, som skrik ofte og høgt om valfridom, i praksis vil ta frå oss mulegheita til å velje målform sjølv. Du skal ikkje ha noko val, men bruke den målforma som meir eller mindre tilfeldig vart tillagt deg på borneskolen. Hurra!

Så er det sjølvsagt ei anna sak at sidemålsundervisninga jamt over er anten fråverande eller altfor dårleg. Det må vi gjera noko med. Som det er i dag er det berre dei språkbevisste blant oss, som eg, som faktisk gjer eller vurderer eit målbyte. Vi må gjera det til ei realistisk mulegheit for alle.

Author: Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær

2 thoughts on “Nynorskhatet er typisk høgresidas egosentrisme”

  1. Eg trur ikkje eg visste at eg kunne ha nynorsk som hovudmål i 8. klasse, eg. Det var ikkje akkurat nokon som informerte meg om at eg hadde eit val… Eg har heldigvis hatt god nynorskundervisning etter det, da. Men framleis byta eg jo ikkje før sisteåret på vgs, sjølv om eg like nynorsk best allereie på ungdomsskolen: Språknerden i meg protesterte høglydt på at eg skulle ha eit hovudmål eg ikkje kunne skrive godt.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *