Det räcker nu – avvis kuppet i Honduras

Vi trudde tida for militærkupp i Latin-Amerika var over. Pinochet er død, det er stort sett politisk stabilt og den kalde krigen er over – dermed mindre grunn til «our son of a bitch».

Militærkuppet i Honduras no er derfor eit stygt gufs frå fortida.

Heldigvis er det nokre ting som har endra seg sia 11. september 73, sia sandinistaane i Nicaragua vart kasta og for den del sia det mislukka kuppforsøket i Venezuela i 2002: nabolanda reagerar sterkt. Alle dei andre amerikanske statane – inkludert tidlegare kupp-pådriver USA – har i sterke ordelag fordømt kuppet, og krevd at landets lovleg valde president igjen blir innsett. Og det er jo eit særs legitimt krav.

Kuppmakarane har hosta opp ei slags «orsaking» for kuppet, som overhodet ikkje held mål.

La oss ikkje gå tilbake til ei tid med bananrepublikkar og militærdiktatur. Pinochet er død, Suharto er død, leve demokratiet!

About Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær
This entry was posted in Politikk. Bookmark the permalink.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>