Piratpartiet, personvern og overvaking (eller: Derfor bør du ikkje stemme Høgre)

Første runde i Pirate Bay-saka er nettopp ferdig, og resultatet er at det svenske Piratpartiet har vorti landets fjerde største, og ungdomspartiet deira det største eller nest største. Og det er vel stort sett alt film- og musikkindustrien har oppnådd med denne saka, å styrke Pirate Bay og deira likesinna.

Altså eit kroneksempel på koss det ikkje skal gjerast.

Og det er veldig synd. Øyvind Solstad på NRKbeta har skrivi bra om korfor, og hans kollega Eirik Solheim har laga ein særs illustrerande teikneserie, som i grunn oppsummerar alle argumenta mine. For eg trur dei aller fleste som lastar ned ulovleg er som meg: vi vil ha tilgang til det vi søker enkelt, raskt, DRM-fritt, i den kvaliteten vi ønskjer og lovleg. Da trur eg dei aller fleste av oss godt kan og vil betale for det òg – sjølv om eg trur løysinga Simon skisserer er den beste.

For NRKbeta-doktrinen gjeld i aller høgste grad: The only way to control your content is to be the best provider of it. Det skulle eg verkeleg ønskje bransjen fekk med seg.

Den enorme framgangen Piratpartiet har hatt (dei fekk over 5000 nye medlemer etter dommen kom på fredag), vitner om at motstanden mot viljen i bransjen til å gjera alle sine potensielle kundar til fiendar er enorm. Og det kan eg godt forstå. Veldig godt, faktisk. Underhaldingsindustrien sitt med alle kort på handa, og dei klarer faktisk å søle det bort. Rettare sagt, det siste året har dei lovlege tilboda vorti betre. iTunes har fjerna DRM, og Spotify har kommi. Og nettopp Spotify er eit godt eksempel på det eg snakka om over: det har kommi eit lovleg tilbod som tilbyr streaming av mykje musikk, lovleg og gratis – og da brukar folk det. Sjølv om ein får lasta ned mykje av musikken Spotify har via bl.a. The Pirate Bay, veljer folk Spotify. Fordi det er enklare.

Dette burde folk verkeleg byrja å få med seg no.

Derimot ser vi stadig nye eksempel på folk som ikkje gjer det. Olemic Thommesen, muleg kulturminister for Høgre, går ut i Dagbladet og lover “tøffere tider for fildelerne”. Han viser dermed totalt manglande forståing for situasjonen, problema og utfordringane – pluss totalt manglande interesse for å finne løysingar. Sjå berre NRKbeta-doktrina. Løysinga er ikkje å lukke auga og grave seg ned. Løysinga er å komme med det beste tilbodet.

Tvert om maner Thommesen til eit overvakingssamfunn. Thommesens “viser til den svenske Ipred-loven”. Ipred er saman med den svenske FRA-loven og datalagringsdirektivet frå EU ein del av ein særs skummel ferd mot eit overvakingssamfunn der personvern har vorti eit framandord. Denne “løysinga” inneberer altså at ein skal saksøke alle som delar filer ulovleg.. Da har han ikkje skjønt mykje verken av korfor folk lastar ned eller kva slags fantastiske mulegheitar den nye delingsteknologien gir oss, og han viser ein vanvittig arroganse. Og nei, det er ikkje noko god løysing for kulturlivet heller å halda dei igjen i fortida. Det er for så vidt i god Høgre-stil, partiet som var mot blant anna allmenn stemmerett (først for menn og så for kvinner), pensjon, trygd og lånekassa, men det er ikkje desto mindre totalt idiotisk.

Og sjølv Høgre-bloggarareinige.

Vegen å gå er ikkje meir overvaking. Vegen å gå er meir fridom, meir personvern, mindre overvaking og eit betre tilbod!

(Forresten er det vel verdt å lesa Daniel Jackson sin Redd musikken frå eit par år tilbake.)

Author: Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær

3 thoughts on “Piratpartiet, personvern og overvaking (eller: Derfor bør du ikkje stemme Høgre)”

  1. Enig i det du skriver. Høyre skyter seg selv i foten i forkant av valgkampen med et slikt utspill. Jeg tror den store “piratbølgen” som har kommet de siste åra ikke går å stoppe. Systemet kan få små seire her og der, men på kort tid vil “piratene” kontre med noe nytt.

Leave a Reply

Your email address will not be published.