Arbeidarpartiet og AUF

No er det landsmøte i Arbeidarpartiet, og dermed ein av dei viktigaste plassane norsk politikk blir skapa. For det er ikkje til å leggje skjul på at Det kongelege norske arbeidarparti har mykje makt over landet. Derfor er det interessant å følgje videostreamen og #aplm på Twitter.

Og det fører jo til ein del interessante kampar, sia Arbeidarpartiet i mykje større grad enn noko anna norsk parti er politisk delt – mellom Stoltenberg-fløyen og AUF-fløyen. Grovt sett kan Støre, Stoltenberg, Torgeir Micaelsen og gjengen deira like godt melde seg inn i Venstre, og AUFerne i SV.

For mens Arbeidarpartiet under høgrevrien heilt sia byrjinga av søttitalet heilt har gløymd alt som heiter klasse, interesseforskjellar og arbeidarar. Dei har satt ein stadig sterkare kurs bort frå den stolte delen av historia si. Der dei tidlegare sto på for å byggje og deretter styrke velferdsstaten, har mannen utan eigenskapar og hans likesinna ført ein sterk kamp for meir privatisering (inga regjering har privatisert så mykje som Stoltenberg I), øydelegging av pensjonen, innføringa av eit tenestedirektiv som fører til sosial dumping, omgjering av sjukehusa til verksemder som skal tene pengar (!), og enda meir. I alle desse sakene har Ap vori heilt einige med Høgre!.

Det same Høgre som var hovudmotstandar gjennom Ap si storheitstid, har no vorti deira nærmaste samarbeidspartner i alle sakene om (nedbryting av) velferdsstaten. For mens Høgre konsekvent har vori mot ein skikkeleg pensjon, mot faglege rettar og for eit samfunn der kvaliteten på skole, sjukehus og så vidare avhengar av kor mykje pengar du har på konto, har jo Ap ei historie av litt betre art her. Men etter kvart som åra har gått, har Det kongelege norske pampemonopol flytta seg stadig nærmare Høgre her – Arbeidarpartiet har vorti enda eit av partia for overklassen..

Og det bør verkeleg vera flaut for venstresida i partiet, men først og fremst for fagrørsla – for LO, som sprøytar pengar inn i dette partiet som aktivt motarbeidar deira interesser. Ja, faktisk har Senterpartiet og iblant òg Krf (!) i mange saker dei siste åra plassert seg til venstre for Arbeidarpartiet. Da er det verkeleg på tide at lampane byrjar å lyse.

For sei meg, Arbeidarparti, er det ikkje litt flaut å vera liberalistar? Og ikkje berre det, er det ikkje flaut å vera liberalistar som skjular seg under sosialdemokratisk retorikk? For det er det slett ingen mangel på på landsmøte og i program.

Sei meg, Arbeidarparti, koss er det muleg å gløyme si historie så totalt?
Sei meg, Arbeidarparti, koss kan de så glatt akseptera å bli eit parti stadig meir for overklassen?
Sei meg, Arbeidarparti, er det ikkje på tide å skifte namn?

No er ikkje alt like svart som eg skisserar over, for det er jo ein god del motstand internt i partiet mot denne linja. For mens Martin Kolberg kjem med God dag, mann økseskaft og legg alle kreftar inn for å konstruera eit problem, for å leggje mest muleg til rette for å setje dagsorden til støtte for dei framandfiendtlege og bort frå alt som liknar på klasse, og Stoltenberg pleiar tett omgang med folk som Petter Stordalen og Kjell Inge Røkke, har ungdomspartiet AUF ein retorikk og ein vedtatt politikk som liknar klart meir på den SV har.

For AUF står fast på den sosialdemokratiske linja, og går mot alle Stoltenberg-fløyens hovudsaker. AUF-fløyen forsvarar etter beste evne arbeidaranes interesser, går mot dei marknadsliberalistiske, udemokratiske, krigshissande og kjipe EU og NATO, og frontar kampen mot oljeboring i nord – men berre til eit visst punkt. For når alt kjem til alt, stemmer AUF-arar i bystyre, kommunestyre og fylkesstyre landet over etter partipisken. Dei stør ein politikk dei eigentleg er mot, dei stemmer ned saker dei sjølv har vedtatt som viktige for dei, og dei er regelrett feige. Det held ikkje med fine ord og flotte vedtak, de må faktisk stå på krava!

Så det blir spennande å følgje partiet sitt landsmøte. Eg håpar Det kongelege norske arbeidarparti kan slutte å leike Venstre, og heller løfte fram igjen den sosialdemokratiske arva. For klasseskilje og klasseinteresser er like reelle som nokon gong, og dei er så mykje viktigare for folk sin kvardag enn “radikal islam” og hijab til saman.

Så derfor, lykke til med landsmøtet, AUF og resten av Ap-venstrefløya. Måtte de vinne kampen for demokratisk styring av sjukehusa, mot oljeboring i nord og for eit meir sosialdemokratisk Arbeidarparti.

Author: Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær

Leave a Reply

Your email address will not be published.