Dei ukjente versa

Nordmannen (kanskje betre kjent for mange, meg sjølv inkludert, som Mellom bakkar og berg) er eit finfint dikt av Ivar Aasen, og eg skulle gjerne sett at den hadde vori landets nasjonalsong.

For ein overtyda målmann som meg, er det dessutan ei språkleg njuting i tillegg til å vera tekstmessig og melodiøst flott. Derimot er dei beste versa av songen desse, som sjeldan vert nemnde, og dessutan ikkje er del av Aasens offisielle utgåve. NMU og NU nyttar dei framleis, kred til dei (oss, kan eg jo seie).

Her er dei. Les og njut.

Sud om havet han stundom laut skrida,
der var rikdom på benkjer og bord.
Men kringum såg han trældomen kvida,
og so vende han atter mot nord.

Lat no andre om storleiken kivast
lat deim bragla med rikdom og høgd
Millom kaksar eg litet kann trivast
Millom jamningar helst er eg nøgd

Lat deim hava den æra dei kunna
og sin rikdom og styrkje dertil
når då berre dei meg villa unna
og få rå om min arv som eg vil.

About Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær
This entry was posted in Musikk. Bookmark the permalink.

2 Responses to Dei ukjente versa

  1. Bernhard says:

    berre for å nevna e det mær opp mot ti -elleve vers på den sangen, eg og ein kamerat rangla rondt å sang på den sist syttende mai :)

  2. Mads says:

    Haha, herleg :-D

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>