Okai, ytre venstre

Eg byrjar å bli lei sekterismen på ytre venstre (til venstre for SV). Det burde da gå an å krangle med dei ein faktisk verkeleg er ueinige med.

Fyrst treng me ei liste over organisasjonar til venstre for SU (som verker å vere sekterisme-skillet):

  • Raudt. Tidlegare RV og AKP. Politisk parti som er seriøse, rimeleg mange og stort sett ganske fornuftege, så lengje det ikkje handlar om kolkraftverk, Mao og Hizbollah.
  • Raud ungdom. Sjå Rødt. Bra folk.
  • NKP. Utanrikspolitisk på trynet, men ellers bra. Blir berre færre og færre, er laaangt unna dei 11% dei hadde i 45.
  • NKU – gamle og nye. Norges Kommunistiske Ungdomsforbund, NKPs ungdomsorganisasjon. I 2006 valde NKP-leiinga å kaste den dåverande NKU-leiinga, grunna ”Nåværende NKU fungerer ikke som organisasjon, ei heller etter egne vedtekter.”. Dei innsatte så eit nytt styre og registrerte ein heilt ny organisasjon til å erstatte den gamle. Høyrest det ut som eit kupp? Ja, kanskje..

    Den dåværande NKU-leiinga valde likevel å fortsette som før. Eg veit ikkje om dei framles eksisterar, dog.

  • Så, no byrjar det å likne på noko. Det var dei politiske partia. Me fortsett, og det vert berre betre:

  • Tjen folket. Dei har bilete av Mao og Stalin i logoen sin…
  • Internasjonale sosialister. Trotskister.. Ikkje særleg mange, og eg veit eigentleg ikkje så mykje om dei. Synest ikkje dei verkar så dumme.
  • Bevegelsen for sosialisme. Oppfordrar nett til samarbeid på venstresida. “Bevegelsen for sosialisme står ikke i noe konkurranseforhold til eksisterende partipolitiske organisasjoner på venstresiden, men konsentrerer seg om politisk diskusjon og studiearbeid – og utadrettet informasjonsvirksomhet.” Ikkje så mange, men gir ut eit eige magasin, Sosialistisk fremtid
  • Radikale sosialister. 20 stykkar frå NKP som meiner NKP-leiinga ikkje har tatt eit godt nok oppgjør med Stalin-tida. Og det kan ein jo vere einig i. Har to av NKPs tre kommunestyrerepresentantar, begge i Åsnes kommune. Ein kan vel nesten sjå på desse som ei bygdeliste…
  • ML-gruppa/nettmagasinet Revolusjon. Desse folka er hoxhaister. Meir treng ein eigentleg ikkje seie, men dei har ein del interessante sakar i magasinet sitt som kan vere verdt å lese. Tjen Folket seier om dei: “Revolusjon ble danna for 20 år siden, da hadde de 6 medlemmer,
    nå har de 4.”
  • Norges kommunistiske studentforening. Var i si tid AKPs studentorganisasjon, no er dei med i KPml
  • Kommunistisk plattform – marxist-leninistene er dei som meinte det var synd at AKP vart med i Raudt. Stort sett folk frå NKS og Revolusjon, verkar det som.
  • Og til slutt nokre tidsskrift:

  • Frontlinjer. Anti-imperalistisk blad. Ser heilt ok ut.
  • Brodd. Signert Radikale og Sosialistiske studenter i Bergen. Sikkert bra.
  • Friheten. NKP si avis. Eg synest ho ofte kan vere litt vel tung og keisam.
  • Raudt nytt. Gis ut av Raudt, mykje bra stoff her. Eg abonnerar.
  • Rødt!. Magasin. Kan vere litt tungt, men ganske så bra. Venezuela-spesialen er gullegod.
  • og sjølvsagt gode, gamle Klassekampen.

Puh. Det skulle vere det meste som kan krype og gå av organisasjonar på ytre venstre, men eg har sikkert gløymd nokre. Sei ifrå, i så høve.

Så her har me altså ein heil drøss med organisasjonar som eigentleg er einige om det meste. Alle kallar seg til dømes kommunistar, alle er revolusjonære, dei er mot EU, høgresida, krig, NATO og så vidare, og dei vil tross alt ha eit sosialistisk samfunn. Eg berre nemnar at Rødt og NKP til saman fekk under 2% sist val…

Framleis kranglar dei mykje meir med kvarandre enn med høgresida. Splittinga av NKU er eit “godt” døme, det same med KPml. Når no AKP og RV går saman i eitt parti, og oppfordrar til samling på venstresida, som eg synest er kjempeflott, kjem desse folka fram. Dei startar like godt ein eigen organisasjon, og tillet seg samstundes å seie at “Enhet kommunister imellom er vårt mål”. Eg er fascinert, men det er synd dei ikkje innser at dei berre skadar venstresida som heile ved å splitte opp sånn.

Nemnde KPml har altså klart å finne sin fremste fiende: eit parti dei stort sett er einige med i eitt og alt. Heilt fantastisk. På heimesida deira er det meste som står berre drittkasting åt Raudt.

Dei har også erta på seg Tjen folket. Siste nytt i den saka er at Tjen folket no har kome med eit 19-sidars PDF-dokument om kvifor KPml aldri vil verte noko særleg.

Seriøst, dette er ei særs godt meint oppfordring til alle dykk til venstre for oss i SU: STÅ SAMAN, kast dykkar kreftar inn mot høgresida og ikkje slit dykk ut på å krangle med kvarandre! Kjemp for å få til sosialisme, for å samle støtte i foket, og fokusér på å byggje ei sterk venstreside – det trengst!

Author: Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær

4 thoughts on “Okai, ytre venstre”

  1. Det de stort sett er uenige om er historie. I praksis er denne gjengen konkurerende historielaug med politisk slagside…

  2. Det gjelder altså Tjen Folket, Revolusjon, KpMl(-mmlk)(lol) og hva de nå kaller seg.

    Tjen Folket gjør ikke annet enn å rakke ned på Rødt, revisjonisme, kontrarevolusjonære revolusjonære, oppurtunister og what not. Det sjuke er at de ser på Rødt som et dødfødt prosjekt, men likevel er de medlemmer. Antakeligvis for å kanibalisere på medlemsmassen i Rødt.

  3. Tja, eg veit ikkje heilt. Det verkar som om krangelen mellom Tjen folket og Revolusjon/KPml i stor grad handlar om at Tjen folket vil alliere seg med NKS, medan KPml ikkje vil ha med Tjen folket i alliansen sin. Og så kranglar dei om korvidt Tjen folket vart invitert med i dei innleiiande KPml-forhandlingane eller ikkje.

    Men på den andre sida har du litt rett: Tjen folket vil ikkje verte med i KPml i stor grad fordi KPml ser på Stalin som ein større teoretikar enn Mao. Som me hugsar følgde jo Revolusjon Albania då Hoxha brøyt med Mao – og framleis kranglar dei om nett dette.

    Så ja, du kan ha meir rett enn eg tenkte over i det du seier. Men har du nokon link eller liknande til det du seier om Raudt og Tjen folket? Det høyrest jo spanande ut…

  4. Hjemmesida til NKU er kommunisme.org ikke kommunisme.no. Dette var den gamle adressa før sentralt (gamle styret som ble fullstendig bytta ut under ekstraordinære landsmøtet i 2006) ble innaktivt. Deretter rappa tjen folket domenenavnet når ingen hadde passa på å betale regningene for den.

Leave a Reply

Your email address will not be published.