Afghanistan – kva bør gjerast?

Det finst menneske som trur på krig. Som trur at krig kan løyse problem, at krig er løysinga, at krig gjer noko som helst betre. At åtakskrig faktisk kan føra til noko lurt. Òg på sikt. Og at krig kan gi demokrati.

Sorry, folkens, men demokrati kan ikkje bombast på plass. Eller skytast i gong. Eitkvart folkestyre må styra seg sjølv.

Mange lang har, gong på gong, gått i den same fella; å gjera seg sjølv til ein ytre fiende, som samlar alle slags motkreftar til kamp mot ein felles fiende. Ein klassisk strategi for å få folk med seg, den der. Og den funkar! Minst like godt no som nokon gong tidlegare.

Vi ser det til fulle no i Afghanistan. I tida før NATO invaderte i 2001 var Taliban meir upopulære enn nokon gong hos det afghanske folket, og dei mista stadig truverd og oppslutnad. Eg ser jaggu ikkje bort frå at eit indre oppgjer kunne blomstra opp etter kvart.

Til trass for dette videreførte NATO den Out of area-strategien dei byrja i Serbia/Kosovo nokre år før, under orsakinga om at «dei husar Al-Qaida, terroristar og dessutan gjekk dei til åtak på oss først». Dette er verdt å sjå litt meir nøye på. Av dei nitten som kapra flya i USA 11. september 2001, var 16 av dei frå Saudi-Arabia. Saudi-Arabia var, og er framleis, ein av USA sine næraste allierte i Mellom-Austen. Ingen av kaprarane var afghanarar. Så skal eg jo sjølvsagt ikkje sjå bort frå at dei mest sannsynleg fekk trening og opplæring i grenseområdet Afghanistan-Pakistan.

Eg er sjølvsagt ingen tilhengar av verken terrorisme eller noko tilsvarande. Måten Al-Qaida og liknande organisasjonar rammar uskuldige sivile på med sin framgongsmåte, har eg liten sympati for. Dermed ønskjer eg sjølvsagt at dei skal ha minst muleg makt, og at ein sådan organisasjon skal styra færrest muleg sine liv. Dermed er eg heilt med på å svekkje deira innflytnad. Problemet, som vi heilt tydeleg har sett dei siste sju åra, er at det klarar ein ikkje med bombar.

Den einaste måten å bli kvitt terrorisme er å kvitte sei med grunnlaget for det. Det tydar at vi må sjå på kva det er som førar til at folk tyr til terrorisme. Eg trur dette i stor grad handlar om avmaktskjensle og misnøgd. Folk blir terroristar fordi dei føler at dei ikkje får gjort noko frå eller til uansett på andre måtar. Folk blir terroristar på grunn av manglande demokrati.

Derfor er det viktigaste for å hindre terrorisme demokrati. Einkvar plass med eit reelt folkestyre vil det vera mykje mindre terrorisme, er min påstand. Nok ein god grunn til å byggje demokrati. Men korleis byggjer vi demokrati? Det er jo ikkje akkurat gull og grøne skogar i store delar av verda i dag. Vel, først vil eg berre gjenta at demokrati ikkje kan krigast på plass.

Nei, greitt nok, men kva gjer vi då?

Vel, same korleis vi vrir og vendar på det, er det krig i Afghanistan. Å byggje opp eit reelt folkestyre er særs vanskeleg når ein samstundes har ein krig hengjande over seg. Det første og viktige steget må altså vera å stoppa krigen. Det ansvaret ligg på NATO. NATO starta krigen, NATO driv krigen og NATO har så absolutt ansvaret for å slutte han.

Først og fremst må vi ta inn over oss at soldatane frå å skulle vere ei løysing har vorte ein del av problemet. Så då har vi slik eg ser det to val, og vi nordmenn kan ikkje ta dei aleine: Om NATO ikkje vil endre strategien, bør vi trekkje soldatane våre ut. Som det er i dag skapar soldatane berre meir støtte til Taliban og andre fundamentalistar vi ikkje vil skal plage folk. Dermed verkar krigen direkte mot sitt formål – krigen styrkar Taliban, og sytar for at håpet om eit demokratisk, fredeleg Afghanistan stadig svekkjast.

Alternativt vel NATO å skifte strategi. Ikkje berre i ord, men òg i handling. Noko som har vori nevnt, har vori å få eit klart og tydeleg FN-mandat til humanitært arbeid og gjenoppbygging, og berre det. Det er ikkje det internasjonale samfunnet si oppgåve å krige for å stanse narkohandelen, det er uansett feil måte å gjere det på, og veit de: det verker ikkje. 93% av all verdas opium produserast i Afghanistan, og over halvparten av Afghanistan sitt brutto nasjonalprodukt kjem frå opiumet.

Ei anna unnskulding for krigen, er gjerne kvinnesituasjonen i landet. Eg er dønn, totalt einig i at kvinnekampen så absolutt må prioriterast, så vel i Afghanistan som overalt elles, men viss du skal ha meg til å tru at bombar og gevær er dei nye feministiske kampvåpena, så skal du ha lukke til. Dessutan, på same måte som folkestyre må kome frå innsida, må då òg kvinnekampen det. Sjølvsagt skal vi stø den afghanske feministiske rørsla, dei skal få all den støtta vi kan gi dei – men så mykje støtte får dei ikkje av at vi skyt dei.

Ikkje overraskande meiner eg altså at første steg definitivt må vera å stoppe krigen. Korleis?

Ein må samarbeide med alle partar, også Taliban. Sjølv om Taliban står for noko av det mest forkastelege systemet eg kan kome på, FrP sin politikk inkludert, så har dei mykje makt, og dei er mange, dei kan rimeleg lett hindra fredsprosessen om dei vil – og då er vi på bar bakke igjen. Det som trengst no, er å roe ned situasjonen i landet, få stoppa valden og rett og slett få ein våpenkvile. Først når den er på plass, når Taliban har gitt ordre til folka sine om å ikkje angripe stabiliseringsstyrkane, først då er det noko håp om å kome vidare.

Og når vi har kome dit, så bør ein setje ned ei brei regjering med representantar frå Karzai-gjengen, Nordalliansen, diverse krigsherrar og Taliban. Ein bør etter kvart få til eit val, og ein, les: Vesten, må ikkje minst bidra så det grin med å byggje opp landet etter øydeleggingane blant andre vi har påført dei.

Ut frå dette kan det bli demokrati i Afghanistan.

Author: Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær

Leave a Reply

Your email address will not be published.