Å setje opp ein server heime – sånn gjer du det

Eg har lengje hatt ein “ekstra” pc ståande som eg ikkje har brukt til noko særleg, han har i grunn berre tatt opp plass. No har eg omsider fått somla meg til å gjera noko med han, og gjort han om til ein server for husstanda. Sia vi no er fire kompisar som bur saman, tenkte vi (ja, vi) at det kan vera snedig om vi samlar alle filmane, musikken, tv-seriane, spela og så vidare vi har på ei maskin, så blir det både lettare, meir oversiktleg og betre plass (mindre dobbellagring). Så i første rekke trengte vi ein filserver.

Etter kvart fann vi fram til følgjande krav for serveren:

  1. Han må kunne dele filer (d’oh) både via vanleg nettverksdeling og FTP
  2. Han må kunne fjernstyres (både via terminal og grafisk)
  3. Han bør kunne fungere som dedikert server til nokre spel
  4. Han må vera enkel i drift: alt ein treng å gjera er å slå på maskina, så er alt i gang

Foreløpig er punkt ein til tre godt oppfylt, mens punkt fire nesten er på plass. Det er nok berre småpirk igjen der òg.

Den skildra situasjonen eg var i er det mange fleire enn meg som er eller har vori i, og det er ikkje alltid like lett å finne ein god måte å gjera ting på. Derfor vil eg dela med dykk koss eg har gjort det.

Første skritt er sjølvsagt dei fysiske tinga ein treng. For at det skal vera vits i å setje opp ein server, treng ein sjølvsagt eit nettverk, ein pc å bruke som server og minst ein (gjerne fleire) pc som skal bruke serveren. Sjølv starta vi med

  • Ein trådlaus ruter med innebygd svitsj – følgjeleg både trådlaust og tråda nett
  • Ein pc som skal brukes som server
  • Totalt seks klientar – med ei blanding av Windows og Linux
  • Etter kvart òg nokre PlayStationar og kanskje ein Xbox. Viss desse blir brukt, kjem ein del 2:-)

Første steg er å ta backup. Rett og slett. Ta backup av alt som er verdifullt og som det er kjipt om du mistar.

Når backupen er på plass, er det på tide å byrja. Først bør du avgjera kva for operativsystem du vil bruke på serveren. Eg tilrår hardnakka Linux, både fordi det er sikkert, enkelt og bra. Om du har mykje erfaring, kan du bruke Ubuntu Server, er du ikkje, vil eg tilrå vanleg Ubuntu.

Eg gjorde sjølv eit forsøk med Xubuntu, men plagdes med ein del ting, bytta til vanleg Ubuntu, og vips, så verka ting. Dermed nølar eg ikkje med å tilrå det til denne bruken, eg har tvertom hatt veldig gode opplevingar med Ubuntu som server-OS.

Å installera Ubuntu er ganske så enkelt – dette har Martin Bekkelund skrivi betre om enn eg får til. I tillegg til det han skriv, vil eg vektleggje at du lagar ein eigen partisjon for /home-mappa. Dette skal gå automagisk med den nyaste Ubuntu-utgåva.

Start så opp maskina, og sjekk at alt verkar som det skal. Prøv å kople deg til internett både trådlaust og med tråd, sjekk om alt verkar som ein “vanleg pc”. I så fall er det berre å gå vidare. Viss ikkje, er Google din venn.

Google er òg din venn elles, forresten. Eg fann denne glimrande guiden via eit søk der, ein guide eg brukte mykje i oppsettet av serveren min. Eg fulgte nesten rekkjefølgja frå den: først fjerne unødvendige program for ein server, deretter “vanleg” fildeling og ftp-server, så fjernstyring via terminal (ssh) og grafisk (vnc), og til sist bittorrent-nedlasting.

Author: Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær

Leave a Reply

Your email address will not be published.