Snåsakaill meg her og snåsakaill meg der

Ein høyrar mas om “Snåsakailln” overalt og til eikvar tid i desse dagar. Mannen som visstnok har varme hender og kan helbreda kva det no enn skal vera utan å gjera meir enn å ta på folk.

Og av ein eller annan grunn ser folk på denne mannen som truverdig og dyktig på eit heilt anna nivå enn andre healarar. Kanskje det er fordi han ser gamal og triveleg ut, eller fordi han ikkje vil erklæra seg som healer sjølv.

Menneska har så lengje eg veit støtta seg til medisinmenn, sjamanar, trollmenn og andre liknande typar, som vi med eit fellesomgrep kan kalla healarar. Slike typar har folk stort sett lita tiltru til i dag, og dei er som oftast sett saman med spådamer og sextelefonar på reklamesidene i Dagbladet. Eg ser ingenting som skil “Snåsakailln” frå ein tilfeldig annan healer.

Derimot skal ein ikkje skriva bort all “alternativ medisin” fordi ein ikkje trur på overnaturlege ting som svevar rundt, englar og det som verre er. Nei, for eksempel akupunktur har lenge vori populært hos healarar. Etter kvart har ein funni og dokumentert dei medisinske resultata av det, og det er no på full fart inn i norske sykehus og blant fysioterapeutar.

Slik er det med all alternativ behandling. Viss det tilsynelatande funkar, testar ein det, forskar litt på det, og om det funkar, gjer ein det til ein del av det rådande paradigmet. Det vil seie, om den alternative behandlingsteknikken funkar betre eller utfyllande til den som allereie er akseptert på området, tar selvfølgelig dei kompetente, utdanna folka innan medisin, som legar og sjukepleiarar, dei i bruk.

Dersom den alternative metoden ikkje er betre eller tilførar noko til den som allereie er der, er det da heller ingen vits i han, og da kan vi like godt halde oss til det som funkar. Samtidig kan vi heller ikkje sjå bort frå at forskjellige metodar fungerar på forskjellige folk. Men dette er nok òg fagfolka klare over.

Det er på den andre sida mange som har vorti behandla av forskjellige typar healarar opp gjennom tida, og som har kjent seg mykje betre etterpå. Eg vil tru at veldig mykje av dette er takka vera placeboeffekten – altså folk blir behandla, trur på at det verker, og så verker det fordi dei trur det gjer det. Elles har nok ein del komi over metodar som legevitskapen på den tida enno ikkje hadde tatt i bruk – det er klart, når ein prøvar og prøvar, så vil ein jo sannsynlegvis etter kvart finne noko som funkar. Dette er det da muleg ein del av dagens healarar òg har gjort. I så fall kan eg ikkje sjå korfor ein ikkje skal, som eg nemnde over, teste desse “nye” teknikkane skikkeleg og eventuelt gjera dei standard.

Det vil sjølvsagt kunne gå utover deira eigne jobbar. På den andre sida vil ein healar som brukar dokumentert fungerande metodar få klart meir anerkjenning både blant meir eller mindre vanlege folk (som meg), og ikkje minst i farmasiverda. Ei sånn oppdaging vil jo vera eit medisinsk framskritt antakeleg av ganske stor art, og eg ser ikkje bort frå at det i så fall kan vanke både godt betalte og attraktive jobbar, prisar, pengar og pr med sånne dokumenterte oppdagingar.

Sjølv er eg agnostikar. Eg veit ikkje om det finst noko overnaturleg, det vera seg Gud eller folk som tilfeldigvis har fått gudeliknande evner. Uansett er det dei som trur som har ansvaret for å prova, ikkje vi som ikkje er like med å mot-prova det. På same måte som at viss eg hevdar det finst flygande grønne grisar, har ikkje du nokon sjanse i det heile tatt til å prova at eg tar feil. Det er mitt ansvar å iallfall sannsynleggjera, om ikkje prova, at eg har rett.

Det same gjeld for alle med “varme hender” eller tilsvarande. Gi meg resultat som provar at de har overnaturlege evnar, og eg skal bli fornøyd, imponert, glad og like truande som dykk. Men, som Lasse Marøen skriv:

En skikkelig utført test av Snåsamannens såkalte evner vil kunne ha ett av to utfall:

  1. Han har overnaturlige evner
  2. Han har ikke overnaturlige evner

Ved utfall nr 1 får vi fastslått det første tilfellet av overnaturlige evner som noen sinne har blitt dokumentert. Alt vi vet om virkeligheten vår må revurderes. Legevitenskapen revolusjoneres. Alle lærebøker i naturvitenskapelige fag må skrives om. Nobelpriser deles ut. James Randi står klar med en million dollar som kan doneres til en hvilken som helst veldedig organisasjon. Menneskeheten får et fremskritt innen vår kunnskap om virkeligheten som mangler sidestykke i moderne tid.

Ved utfall nr 2 får vi avslørt den snille Snåsamannen som en helt vanlig mann som lever godt på placeboeffekten.

Altså, som Lasse skriv: “Inntil han velger å la seg teste velger jeg imidlertid å forutsette at han er en svindler. Han må gjerne motbevise dette – men bevisbyrden ligger hos han.”

Author: Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær

One thought on “Snåsakaill meg her og snåsakaill meg der”

  1. …skjønner ikke hvorfor du skal være så skeptisk til ting som faktisk gir folk en bra følelse? Hvorfor skal man alltid bryte ned folk og ting man ikke tror på eller har noe imot? Hvis det gjør folk friske og fine, er ikke det godt nok?

    Kan man ikke bare glede seg over det, da ?
    Samme som at en nyfrelst kristen er så fornøyd med livet sitt og føler seg bedre enn noen gang, og folk roper ut “hjernevasking, de bare bedrar deg. Det er ingen Gud!” ..
    Hva er problemet med å si “okei, folk liker fyren og han sprer glede og behag blandt mine medmennesker. Jeg er fornøyd.”
    ?

    Er litt lei av at man skal bryte ned alt fint og godt hele tiden.
    Greit å være skeptisk, men se det fine med det også 🙂

Leave a Reply

Your email address will not be published.