Snakk norsk, ikkje norsklish.

Eg er glad i det norske språket. Eg synes det norske språket har mange gode sider, mange fine ord vi bør ta godt vare på og ein verdi i seg sjølv. Det kjem eit laangt innlegg om mitt forhald til språket om ikkje så altfor lengje – håper eg.

Før den tid er det eitt tema eg vil ta særskilt opp: det engelske inntoget i det norske språket. Språkhistoria har vori prega av lånord og lånte uttrykk i alle dei år, men dei siste åra har utviklinga akselerert veldig. Og desse lånorda og -uttrykka er stort sett frå engelsk. Arabisk har gjevi oss kebab og alkohol, spansk mañana og sånn kan ein nemne for mange språk, men den engelske språkpåverkinga er på eit heilt anna nivå.

Nivå byrjar å bli eit av mine norske favorittord (sjølv om det strengt tatt er eit lånord frå fransk frå eit knapt hundreår tilbake). Eit ord du sjeldan høyrer frå unge nordmenn i dag. “Level” florerer derimot (i visse kretsar, rett nok). Sitat synes eg òg er eit veldig fint ord. Det er lell fare for at du møter minst like mange “quotes” som sitat i norske ungdomsmiljø i dag.

“Nevermind” har slått rot. Innanfor mitt fagfelt – data – er vi nok jamt over verre enn resten av samfunnet, og lista over engelske dataord som relativt umedvitet brukes av norske datafolk og -nerdar er lang. Datanorsk er eit omgrep mange språkinteresserte (nerdar) bruker – i tydinga “norsk med massevis av forkortingar og engelske ord”. Eg må nok innrømme at eg òg tyr til anglisismar iblant, sjølv om eg etter beste evne freistar å unngå dei.

Og det plagar meg. Snakk norsk.

Author: Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær

2 thoughts on “Snakk norsk, ikkje norsklish.”

  1. Andres språkvaner er trivielle. Hvis en ønsker å konservere språket, hva er det egentlig man vil konservere? Jeg antar at du ønsker å konservere det norske språket – men HVILKET norsk vil du at andre skal snakke? 1990? 19-tallet? 18-tallet? 13-tallet? Hva definerer du som “riktig” norsk?

    Norge har allerede nok av “erkenorske” sofa-autoriteter. Riktig ditt, feil datt. Nei, jeg håper du vil stille deg utenfor de rekke – de rekkene av frustrerte, arrogante og stygge rasshøl som de fleste nordmenn er. På en annen side, jeg håper bloggposten din enten var en spøk, eller at det ble skrevet i et lite glimt av frustrasjon.

  2. Språk har alltid vært i forandring. Gi meg en norsk setning som tilsvarer engelsk “prepare for hyperspeed! Riker! You’re in command.” KRITERIUM: Det må klinge like bra! (Prøv også å gjøre litt c++ på norsk, f.eks en funksjon ved navn truse som returnerer en streng.)

Leave a Reply

Your email address will not be published.