Nei og atter nei til datalagringsdirektivet

Det går for tida ein bloggstafett om å seia nei til datalagringsdirektivet.

Saka er god og viktig. Eg har tidlegare skrivi litt om korfor, og det er særs viktig at dette direktivet aldri får bli norsk lov. No ser eg dessverre ikkje fleire mulegheitar enn eit veto, etter at EU-domstolen avslo saka frå Irland som kunne ført til at vi fekk vridd oss unna. Eg seier dessverre, for Arbeidarpartiet er som kjent nokre pinglar når det gjeld å seie nei til EU-direktiv vi ikkje liker – som vi såg sist med tenestedirektivet.

Dette direktivet er dog for skummelt og farleg til at vi kan gå med på det. Til og med Frp er mot, saman med Krf, Venstre og sjølvsagt Sp og SV.

Skriv under mot direktivet, og bli med i Facebook-gruppa.

Sp krev veto. SV krev veto (kap 11.9). Kva gjer Ap?

Det räcker nu – avvis kuppet i Honduras

Vi trudde tida for militærkupp i Latin-Amerika var over. Pinochet er død, det er stort sett politisk stabilt og den kalde krigen er over – dermed mindre grunn til “our son of a bitch”.

Militærkuppet i Honduras no er derfor eit stygt gufs frå fortida.

Heldigvis er det nokre ting som har endra seg sia 11. september 73, sia sandinistaane i Nicaragua vart kasta og for den del sia det mislukka kuppforsøket i Venezuela i 2002: nabolanda reagerar sterkt. Alle dei andre amerikanske statane – inkludert tidlegare kupp-pådriver USA – har i sterke ordelag fordømt kuppet, og krevd at landets lovleg valde president igjen blir innsett. Og det er jo eit særs legitimt krav.

Kuppmakarane har hosta opp ei slags “orsaking” for kuppet, som overhodet ikkje held mål.

La oss ikkje gå tilbake til ei tid med bananrepublikkar og militærdiktatur. Pinochet er død, Suharto er død, leve demokratiet!