Arkiv for oktober 2008

Innvandring og klasse

måndag 27. oktober 2008

Eg skreiv dette innlegget og sendte det rundt til ein del avisar, men verker ikkje som om nokon av dei likte det så valdsamt. Jaja.

Er vi så ulike, då?

Mange ser i dag på innvandrarane og særleg muslimane som dei som truar deira posisjon, liv og rolle i dagens Noreg. Heilt vanlege nordmenn står side om side med rikfolk og overklasse om å peike ut innvandrarane som dei som har skulda for alt som ikkje er bra, og som det store problemet. «Innvandrar» i denne tydinga er stort sett folk med bakgrunn i ikkje-vestlege land, eller foreldre med sådan. Innvandrarar «har ein heilt anna kultur enn oss» og «alle svartinger er noen sleipinger», er utsegn eg sjølv har høyrd, og dei er nok ikkje så uvanlege – i det Noreg folk kallar rasismefritt.

Her skapar ein altså eit skilje mellom «nordmenn» og «dei andre». Det blir eit bilete der ein har felles interesse med dei andre etnisk norske, og problema i samfunnet handlar om «oss» mot «innvandrarane». Mange veit å spele på dette, og nyste opp under desse fiendebileta. «Innvandrarar er late og gidd ikkje jobbe». Vel: over 3000 asylsøkjarar i Noreg har søkt om midlertidig arbeidstillating, sjølv om det er særs vanskeleg for dei å i det heile få seg ein jobb. Så det argumentet held ikkje.

Men la oss no stoppe opp og sjå litt på situasjonen. Kva ting er dei viktigaste i vanlege folk sine liv? Ein trygg plass å bu, verning, sjukehus og legevakt når ein treng det, ei god skule, ein jobb å trivast i, ungar, partnar, familie, ein god sjukeheimsplass til bestemor og så vidare – og at ein har tilgong til desse når ein treng dei utan å måtte ruinera seg for det. Dette er det vi kallar interessar, og vi ser at i mange av desse sakane kan politiske avgjerder fastslå om det blir himmel eller helvete.

La oss sjå på det same for ein innvandrar. Finn du grunn til å tru at desse avvik særleg frå dei eg nemnde over for ein vanleg nordmann? Nettopp, det er veldig mykje det same. Dei har ofte enda sterkare interesser på punkta tryggleik og familie, sidan mange ikkje-EØS-innvandrarar i Noreg kjem frå krigsherja eller utrygge land, mange har flykta og vori utsette for ting vi knapt kan forestille oss.

La oss så sjå på den same situasjonen for Rimi-Hagen eller Olav Thon. Dei kan lett leige seg eigne tryggleiksvaktar om dei føler seg utrygge, kan heilt fint betala millionar i året for å la ungane sine gå på dei beste skulene og dei tener årslønna di på ein time. Dette er folk som ikkje nyt godt av ein sterk velferdsstat og velferdsordningar som vanlege folk tener på – fordi dei er blant dei få som kan kjøpa seg desse sjølv om dei får sjansen. Vanlege folk kan i beste høve få eit dårlegare tilbod… La oss for enkelheits skuld kalle desse folka for overklassen, og vanlege folk som deg og naboen – de som jobbar i industrien, på sjukehus, i butikk, som vaskarar, i skulen og så vidare – for arbeidarklassen.

Som vi ser har arbeidarklassen og innvandrarane i mykje større grad enn arbeidarklassen og overklassen dei same interessene når vi analyserar det sånn.

Kva med i arbeidslivet, då? Der må vel du og innvandrarane ha forskjellige ønskjer og ting vi tener på? Vel, merk først at dei fleste innvandrarar arbeidar, og har heilt vanlege jobbar. Dermed blir du og Ahmed fort kolleger som arbeidarar. Kven tener så på at de på jobben får høgare lønn? Begge dykk, medan sjefen tapar. Kven tener på at de har retten til å organisera dykk og stå saman i ei fagforeining? Begge dykk, men for sjefen blir det vanskelegare. Kven tener på at det blir vanskeleg å hyra inn aust-europeiske snekkarar til å byggje barnehagar til 30 kronar timen? Du og Ahmed, for det blir lettare for dykk å fortsatt krevje ei skikkeleg løn, medan sjefen mistar superbilleg arbeidskraft, som hadde kosta han mykje mindre enn han gir dykk i løn. Byrjar vi å sjå eit mønster?

Vi har altså sett at den store motsetninga faktisk ikkje går mellom «norsk» og «ikkje-norsk», men mellom søkkrik og vanleg, det vi kallar arbeidarklasse og overklasse. Medan vanlege etniske nordmenn og innvandrarar faktisk i særs stor grad vil njute godt av det same samfunnet, har overklassen vidt andre interesser.

Denne interessemotsetninga kallast ofte for klassemotsetningar, sidan det som tener overklassen rammar arbeidararklassen negativt, og omvendt. Ut ifrå det vi ser over, går innvandrarar flest rett inn i arbeidarklassen.

Sånn er det imidlertid ikkje alle som ser det, eller vil sjå det. Overklassen vil sjølvsagt tene på at vanlege folk ser på innvandrarane som dei dei har å kjempa mot, og dei har stor eigeninteresse av å stø opp under desse haldningane. Vi ser at både politiske parti, media og overklassen byggjer opp denne falske motsetninga, som gjer at dei verkelege motsetningane vi har sett over blir gøymd bort og dyssa ned.

I dette lyset kan vi ta opp nokre tema eg ikkje har vori innom så langt. Kriminalitet, for eksempel. Det er ikkje til å kome bort frå at kriminaliteten i snitt er høgare for innvandrarar. Men her lyg tala. Om ein tek omsyn til alder, økonomi og liknande aspekt, finn ein ut at innvandrarar i praksis er like kriminelle som nordmenn i same situasjon. Dette har SSB utførleg prova. At innvandrarar er meir kriminelle enn nordmenn skuldast altså at innvandrarar i større grad er fattige, unge gutar. Tala på kriminelle blant etnisk norske som gruppe blir frykteleg vanna ut av alle bestemødrene og tantene våre. Dei er ikkje spesielt kjende for å utøve mykje grov kriminalitet.

Eit anna viktig tema er kvinnesakas stilling blant innvandrarar, eit tema som fortener eit eiget innlegg. Kort oppsummert har kvinnekampen her komi omtrent like langt som hos etniske nordmenn, kortare på nokre område og lengre på nokre, og det er framleis langt igjen - innvandrarar blir like mykje prega av det mannsdominerte samfunnet som etniske nordmenn blir. Og det er det jo nokre som tener på. Det er dei som håvar inn makt og pengar på at det er sånn.

Det er dei som seier at innvandrarane er problemet. Fordi dei tener på det.

Dusteriet vil inga ende ta.

søndag 26. oktober 2008

Iblant les ein ting ein ikkje trur er sant. Eg er framleis litt usikker på om denne saka er ein veldig tidleg aprilsnarr, men etter kvart har eg komi fram til at det nok er seriøst meint. Og det skremmar meg.

Eg blir bortimot livredd, av fleire grunnar. Dette er eit sammensurium av stygge ting og dumskap.

Den første er den vanvittige forhandsdøminga Berg gjer her. Haji-Aye blir umiddelbart stempla som kriminell, augensynleg av den eine grunn at han hadde mykje kontantar på seg.

Den andre er at Berg heilt ukritisk skriv og sendar eit lesarbrev om saka, utan å setje seg nærmare inn i det enn som så. Kunnskapslaust og heilt unødvendig.

Det tredje er at han heilt utan vidare krev at politiet skal pågripa Haji-Aye og kameraten, berre på dette grunnlaget. Hadde han satt seg betre inn i saka, ville han visst at “saka” alt var oppklart.

Det fjerde er at han går til eit krast åtak på politiet, og kallar dei evnelause - medan dei faktisk her gjer jobben sin på ein heilt utmerka måte.

Den femte er at både Haji-Aye og kameraten i artikkelen omtalast som “utlendinger”, medan det òg står eksplisitt i teksten at begge er “norske statsborgere”. Korvidt dette er journalisten eller Berg sine ord, veit eg ikkje, men det er uansett ei fascinerande samanblanding. Ein nordmann er ein nordmann. (punktum)

Den sjette er det synet Berg her viser om sine medmenneske. Der rettsstaten vanlegvis opererar med “uskuldig inntil det motsette er prova”, verker det som om Berg her i større grad frontar det motsette. Og framleis nektar han å ta sjølvkritikk for det.

Og så kan ein jo med god grunn spekulera i det eventuelle hudfarge-aspektet i denne saka…

Eg blir kvalm.

Dagens ikkje særleg overraskande

fredag 24. oktober 2008

Christl Kvam, som har ledet Akademikerne de siste seks årene, overtar nå jobben som regiondirektør for NHO i Hedmark og Oppland.

Nokon som er overraska?

( http://www.frifagbevegelse.no/norge/article3874472.ece )