NRK og Dagens Næringsliv

(Ein litt forkorta utgåve av denne er på trykk i Aftenposten i desse dagar)

NRK annonserte for ein dryg månad sidan at dei kuttar ut sin eigen økonomiske journalistikk, og heller vel å kjøpe denne frå Dagens Næringsliv.

Det er liten tvil om at DN har mange av Noregs beste journalistar, særleg innan økonomifeltet, men eg synast likevel det er ille. Dette vert mykje det same som om dei skulle overlate den politiske journalistikken til Klassekampen – som òg er ei knallbra avis med flinke folk. På same måte som Klassekampen er “venstresidas dagsavis”, er nemleg DN erklærte marknadsliberalistar. Wikipedia seier det slik:

Dagens Næringsliv har en klar politisk profil. Den forsvarer som oftest markedsøkonomiske fremfor politiske løsninger, og kan karakteriseres som liberalistisk. På lederplass har den flere ganger oppfordret sine lesere om å stemme Høyre.

Økonomi har hjå mange og på mange felt vorti sett på som “upolitisk”, som om det ikkje er politisk i det heile. Dette skiljet mellom økonomi og dei andre politiske felta er feil, falskt og fordummande. Ærleg tala, den største og viktigaste forskjellen mellom SV og Frp er synet på det økonomiske systemet.

Med det i minnet synest eg det er synd at NRK heng seg på denne trenden. Statskringskastinga skal jo i vere rimeleg uavhengig og nøytral, og produsera nyhende som ikkje stør bestemde aktørar eller retningar. Dette tek dei no eit langt og alvorleg steg vekkifrå. Diverre.

Author: Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær

Leave a Reply

Your email address will not be published.