Korfor Raudt?

Hei, verda.

Mitt siste innlegg, for fleirfaldige år sia, bar tittelen Korfor ikkje Raudt?

Sia da har eg meldt meg inn i nettopp Raudt. Det er i grunn ikkje så veldig dramatisk: På det tidspunktet meinte eg at SV var det beste partimessige verktyget for å skape ei betre verd. No synes eg Raudt har skjerpa seg kraftig på mykje, partiet gjer mykje rett og har lagt seg på ei retorisk, strategisk og politisk linje eg er veldig komfortabel med og enkelt kan stille meg bak. Utover det synes eg analysen og vurderinga mi frå sist står seg godt, så les gjerne den posten på nytt.

Dermed er eg med glede medlem i Raudt.

Så er det snart stortingsval. Da er det særleg éin ting som er viktig: At alle (særleg de som er mest einige med Raudt) går og røyster. For da får vi Raudt over sperregrensa og vi får ei ny, radikal regjering. Det trengs.

Author: Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær

Leave a Reply

Your email address will not be published.