Entries Tagged as ''

Rasismen rammar deg og meg

Vakna upp
Börja se dej omkring
Fatta mod
Så du kan säg’ till dina ungar när dom frågar dej
att du var en av dom som stod emot

Eg har skrivi mykje om innvandring, inkludering og anti-rasisme i det siste. Heilt fram til nyleg har det vori eit tema eg har sett på som “kult at nokon jobbar med, og eg stør dei, men eg synest ikkje det er så viktig”. Eg trur mykje av grunnen til dette er fokuset på enkeltsakar innan den anti-rasistiske rørsla. Obiora, Ali Farad, Hvalstad osv. Dette kan nok fungera bra for å mobilisera mange, men på meg verka det heilt omvendt.

Derimot har eg skikkeleg fått opp auga for dei store linjene i rasismen og anna framandfiendtlegskap, og det gjer meg forbanna. Kva legg eg i dette? Jo, fleire ting, men først og fremst desse to: Det splitter arbeidarklassen, og det rammar mange i mykje større grad enn eg har vori klar over. Eit ekstremt døme på det er Frps siste utspel, men det gjeld òg i meir subtil form: det gjeld på bustadsmarknaden, i jobbintervjua og generelt i livet - vi levar i eit samfunn der det å vere kvit ariar er normen og alt anna er avvik.

Idag har du arbete och lön
Imorgon så kanske du får gå
Miljonerna som svälter i världen utanför
står bara lite längre ner i samma hål

Det er sjølvsagt nokon som tenar på at det er sånn - det er alltid nokon som tenar og nokon som tapar. Dei som tenar på rasismen og skape skilje mellom vanlege folk er dei som tenar på at deira eigne folkefiendtlege interessar ikkje kjem altfor mykje fram i ljoset - John Fredriksen, Olav Thon og gjengen, og ikkje minst partia som vernar deira interesser. Såleis undergrev dei eikvart teikn til klassemedvit og “fare” for at arbeidarklassen samlar seg for å kjempa for sine interesser - i staden stridar dei mot kvarandre. Og det er det jaggu ikkje arbeidarane som tenar på…

Dom flesta går med strömmen om det går
Dom flesta vill ju helst ha lugn och ro
Men om fascismen kommer smygande tillbaks
så är det du och jag som måste stå emot

Dei gir seg f¤¤# aldri - Frp eksplisitt rasistiske

Fremskrittspartiet mener at Norge bør kjøpe fengselsplasser for soning i andre land.

Justispolitisk talsmann for Frp Jan Arild Ellingsen mener kjøp av fengselsplasser i utlandet kan få ned soningskøene.

– Da kan private bygge for oss i utlandet, og vi kan leie fengselsplasser etter behov. For oss vil det selvfølgelig være primært at dette gjelder kriminelle som er dømt i Norge, men som ikke er etniske nordmenn, sier Ellingsen til NRK.

For oss vil det selvfølgelig være primært at dette gjelder kriminelle som er dømt i Norge, men som ikke er etniske nordmenn.

Dette er så grovt og ekkelt at jeg blir kvalm. Ein ting er det sjuke i private fengsel. David Toska fengsel AS?

Ein annan ting er at dei vil senda kriminelle ut av landet. Ute av auge, ute av sinn? Og har ikkje andre land nok med sine eigne kriminelle, om dei ikkje skal få dei norske kriminelle òg?

Men at Frp faktisk opent seier at det “selvfølgelig [vil] være primært at dette gjelder [kriminelle] som ikke er etniske nordmenn”, det er så stygt at eg knapt finn ord. No skal det ikkje vere sånn at du med norsk pass er nordmann - neidå, er foreldra dine pakistanarar, skal du handsamast annleis enn meg med norske foreldre.

Skilnadshandsaming. Diskriminering. Rasisme.

Nei, ærleg tala. Er du nordmann, så er du nordmann. Punktum.

Men Frp har skjønt at rasismen funker til tusen for å splitte arbeidarklassen, og for å byggje fiendebileta mellom etniske gruppar, som tek fokuset bort frå klasseskilja, og såleis let dei halda på med hurra for overklassen-politikken sin utan at nokon reagerar, og medan mange arbeidsfolk stør dei.

Pampeparti

De holdt ikke løftene sine. Vi hørte tålmodig på alt deres prat. Vi venta, men ingenting skjedde.

Arbeidarpartiet byrjar å ha lang tradisjon for å bryta løfte, og for å svikta kampen for sosiailsmen. Dei har vel strengt tatt ikkje gjort stort anna dei siste tredve åra.

No har dei vori på banen igjen, og trumfa gjennom ein asylpolitikk som er umenneskeleg, fæl og jævleg.

Vi i Sør-Trøndelag SU skipar på laurdag til demonstrasjon mot denne, saman med RU, SOS Rasisme, Press, RKU og forhåpentlegvis Amnesty. 13:00, ved Vår frues kirke. Appellar ved blant andre meg, så kom og gjer ditt for demokrati, rettferd og solidaritet! :-)

Men! Denne gongen har iallfall SV kjempa skikkeleg imot, og tatt dissens på dei verste punkta pampepartiet, unnskuld, Arbeidarpartiet, har foreslått. Så eg er faktisk litt stolt over å vere SV-ar.

Les meir på SV sine heimesider.