Politisk ukorrekt

Politisk korrekt

Smak på uttrykket. Politisk korrekt. Eller berre PK, blant motstandarar.

Politisk ukorrekt

Så på denne.

Politisk korrekt, politisk ukorrekt. Sjeldan har eg blitt så oppgitt av to enkle ord. Det er visst ikkje noko særleg å vere politisk korrekt, men er du politisk ukorrekt, då er du sterk og står opp mot det etablerte, der dei politisk korrekte visst berre er svake og seier ting berre for å passe inn – ryggslikking, som det elles kallast. Ofte er det me sosialistar som «er så utruleg PK».

Men kva er det så som er politisk ukorrekt? Døma som vert framheld mest, er ofte rasistiske, sterkt imot innvandring, seier at til dømes somaliarar er dummare enn andre, og at det slett ikkje er nokon klimakrise, at det tvert imot er noko «PK-arane» har funne på. Det politisk ukorrekte er å, tross alle fakta, å hevde at den globale oppvarminga berre er naturleg, og å halde fram med at det ikkje skjer tortur i Guantanamo Bay. Eller at Israel ikkje har noko skyld for situasjonen i Palestina.

Og er det så noko å skryte av at ein er rasistisk, nasjonalistisk, generaliserande og med store skylappar? Eg synest ikkje…

Ubuntu

Vel, så har eg endeleg gjort det eg har tenkt på ei stund, nemleg skifte frå Windows XP til Linux, nærmare bestemd Ubuntu. Skiftet gjekk betre enn eg kunne forestille meg – nettverket fungerte frå første stund, alt er oversiktlig og fint, og nesten alt har funka heilt fint så langt. Rett nok har eg hatt nokre problem med den eksterne harddisken min, men den funker heilt fint no, trur eg. Måtte berre oppdatere litt, så skulle det problemet vere løyst. Eg har framleis ikkje fått Frets on Fire til å fungere skikkeleg, men det problemet trur eg eg har løyst no. (Det er eit spel som fungerar som Guitar Hero, berre til PC/Mac. Kjempegøy).

Eg vil nok fortsette å rapportere ifrå Linux-verda etter kvart som eg får brukt det lenger og funne ut meir om korleis det fungerer. Eg er spent på kor (lite) enkelt det vil bli å få mp3-spelaren min til å fungere skikkeleg, men det gjer han jo knappast med Windows også, men eg har sjekka saka, og det skal gå an. Vidare vonar eg at skrivaren ikkje skal by på så altfor mange problem, og det er vel stort sett det eg treng.

Elles verva eg tre stykkar til Norsk målungdom i går, så foreløpig ligg eg an til å få «undertyg med bilete av målhelten min på» 😉