Dusteriet vil inga ende ta.

Iblant les ein ting ein ikkje trur er sant. Eg er framleis litt usikker på om denne saka er ein veldig tidleg aprilsnarr, men etter kvart har eg komi fram til at det nok er seriøst meint. Og det skremmar meg.

Eg blir bortimot livredd, av fleire grunnar. Dette er eit sammensurium av stygge ting og dumskap.

Den første er den vanvittige forhandsdøminga Berg gjer her. Haji-Aye blir umiddelbart stempla som kriminell, augensynleg av den eine grunn at han hadde mykje kontantar på seg.

Den andre er at Berg heilt ukritisk skriv og sendar eit lesarbrev om saka, utan å setje seg nærmare inn i det enn som så. Kunnskapslaust og heilt unødvendig.

Det tredje er at han heilt utan vidare krev at politiet skal pågripa Haji-Aye og kameraten, berre på dette grunnlaget. Hadde han satt seg betre inn i saka, ville han visst at «saka» alt var oppklart.

Det fjerde er at han går til eit krast åtak på politiet, og kallar dei evnelause – medan dei faktisk her gjer jobben sin på ein heilt utmerka måte.

Den femte er at både Haji-Aye og kameraten i artikkelen omtalast som «utlendinger», medan det òg står eksplisitt i teksten at begge er «norske statsborgere». Korvidt dette er journalisten eller Berg sine ord, veit eg ikkje, men det er uansett ei fascinerande samanblanding. Ein nordmann er ein nordmann. (punktum)

Den sjette er det synet Berg her viser om sine medmenneske. Der rettsstaten vanlegvis opererar med «uskuldig inntil det motsette er prova», verker det som om Berg her i større grad frontar det motsette. Og framleis nektar han å ta sjølvkritikk for det.

Og så kan ein jo med god grunn spekulera i det eventuelle hudfarge-aspektet i denne saka…

Eg blir kvalm.

About Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær
This entry was posted in Politikk. Bookmark the permalink.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>