Dei gir seg f¤¤# aldri - Frp eksplisitt rasistiske

Fremskrittspartiet mener at Norge bør kjøpe fengselsplasser for soning i andre land.

Justispolitisk talsmann for Frp Jan Arild Ellingsen mener kjøp av fengselsplasser i utlandet kan få ned soningskøene.

– Da kan private bygge for oss i utlandet, og vi kan leie fengselsplasser etter behov. For oss vil det selvfølgelig være primært at dette gjelder kriminelle som er dømt i Norge, men som ikke er etniske nordmenn, sier Ellingsen til NRK.

For oss vil det selvfølgelig være primært at dette gjelder kriminelle som er dømt i Norge, men som ikke er etniske nordmenn.

Dette er så grovt og ekkelt at jeg blir kvalm. Ein ting er det sjuke i private fengsel. David Toska fengsel AS?

Ein annan ting er at dei vil senda kriminelle ut av landet. Ute av auge, ute av sinn? Og har ikkje andre land nok med sine eigne kriminelle, om dei ikkje skal få dei norske kriminelle òg?

Men at Frp faktisk opent seier at det “selvfølgelig [vil] være primært at dette gjelder [kriminelle] som ikke er etniske nordmenn”, det er så stygt at eg knapt finn ord. No skal det ikkje vere sånn at du med norsk pass er nordmann - neidå, er foreldra dine pakistanarar, skal du handsamast annleis enn meg med norske foreldre.

Skilnadshandsaming. Diskriminering. Rasisme.

Nei, ærleg tala. Er du nordmann, så er du nordmann. Punktum.

Men Frp har skjønt at rasismen funker til tusen for å splitte arbeidarklassen, og for å byggje fiendebileta mellom etniske gruppar, som tek fokuset bort frå klasseskilja, og såleis let dei halda på med hurra for overklassen-politikken sin utan at nokon reagerar, og medan mange arbeidsfolk stør dei.

Ei tilbakemelding på “Dei gir seg f¤¤# aldri - Frp eksplisitt rasistiske”

  1. Gamal Hosein sier:

    Smart.

Legg igjen ein kommentar